Gå til innhold
Arkivverket

[#43742] Inga Johnsdotter frå Øygarden, Solvorn i Hafslo (1760) - gift Hopperstad i Vik?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Inga Johnsdotter, døypt i Hafslo 27.4.1760, dotter av husmann John Ingvaldson på Øygarden og kona Kari Andersdotter, hadde mange skyldfolk i ytre Sogn, og truleg flytte ogso Inga utover fjorden.FT1801 for Hopperstad i Vik syner denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eric Kieldsen 47 gardbrukar i 1ste ekteskapInga Jonsdotter 47 kone i 1ste ekteskapBrita Ericsdotter 11 dotter~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Er det nokon med lokal kunnskap i Vik som kan bidra med identifikasjon av denne Inga Johnsdotter på Hopperstad? Kan ho vera frå Hafslo?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jon Sværen

Hei Lars !I Hefte nr 2 s. 86 (frå Vik) finn du desse 3: Eirik Kjelson Hønsi f. 1755 død på ei heimreis frå Bergen i 1802. Ingebjørg Jonsdtr Espesete f. 1761. Navnet Inga då ho døydde i 1816. Ingebjørg / Inga er dtr til Jon Guttormsen Esåesete (1713-1787) og Anna Endresdtr Skjørvo f. 1717 (side 58 i Hefte nr 1). ALTSO, ikkje noko jenta frå Hafslo.Kva 'veit' at Inga Jonsdtr f. 27.4.1760 flytte til Vik, eller til Ytre Sogn, Lars ? Kva anntar du ? Kan jenta ha reist til bergen ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jon for innlegg om Inga Johnsdotter. Då er det altso IKKJE den Inga Johnsdotter som budde på Hopperstad i Vik eg leiter etter, so me får leita vidare.Det er ingen som sikkert veit kvar det vart av Inga, men ho hadde som nemnt fleire nære skyldfolk som flytte utover fjorden. Men, ho kan jo sjølvsagt òg vera fari til Bergen...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.