Gå til innhold
Arkivverket
Gjest John H. Aarønes

[#43757] Sivert Ingebrigtsen (Brunvoll) f. ca. 1722

Recommended Posts

Gjest John H. Aarønes

I folketelling 1801 for Agerøe finn vi Sivert Ingebrigtsen på Brunvold der han bur saman med sonen Friderik og hans familie. Han er då enkemann etter første ekteskap.Sonen Fredrik Sivertsen Brunvold f.ca. 1772 var ved folketeljinga 1801 for Agerøe busett på Brunvoll og nemnt som kjøpsvenn for kjøpmann Danholm i Christiansund.. Han var gift med Elen Olsdatter også født omkring 1772. Dei var begge i sitt første ekteskap og står oppført med barna.a. Sivert f. ca. 1796b. Maren Gurina f. c. 1798Sivert Fredriksen drog inn til fastlandet og busette seg på Ørnehagen under Malo.Etter det eg kan sjå av kyrkjebøker og folketeljingar, var han gift minst 3 gonger.Med første kona si Martha Pedersdatter (1792 – 10.03.1851) fekk han desse barna:a. Peder f. ca. 1829b. Anders f. ca. 1832c. Elen f. ca. 1835d,.Fredrik f. ca. 1840e. Sivert f. 29.07.1842Den 26.07.1857 vart han gift med Anne Andersdatter Huustadrem (1797 – f. 1865)Etter folketeljinga 1865 var han då gift med Anne Jonsdatter (c. 1785 – e. 1865) Første kona til Sivert Fredriksen Ørnehagen Martha Pedersdatter var 59 år i 1851. Då skulle ho vore fødd kring 1792, dvs. ca.8 - 9 år ved folketeljinga 1801. Moglege kandidatar i folketeljing 1801 er:a. Brenslen i Boe Martha Pedersdatter 11 år. Hennar foreldre er Ole Johansen, 34 år og Marit Hansdtr., 54 år. Søster Elen Pedersdatter, 15. år. Ole i 1. ekteskap og Marit i 2. ekteskap. De hadde også fostersonen Andreas Lassesen.b. På Smaagøe i Agerøe: Martha Pedersdatter 11 år. Hennar foreldre er Peder Iversen, 46 år og Anne Povelsdtr. 51 år. Hennar søsken Iver 18 år og Anne 16 år.Maren Gurine Fredriksdatter (c. 1798 – e. 1865) finn vi att i folketeljinga 1865 for Bud på Vorpen i Hustad. Ho er då nemnt som 67 år gammal enke, født i Agerø prestegjeld. Ho har vore gift med ein Gunder, sidan hennar son Ole Gundersen født i Bod prestegjeld ”hjelper Moderen”. Ole er 34 år og ugift. Ein Andreas Gunders.er også nemnt her som ugift ”tjenestekarl”, 42 år født i Bod prestegjeld. Dette kan tyde på at Gunder hadde ein son frå eit tidlegare forhold.Barn av Maren Gurine og Gunder: a. Ole Gundersen f. 1831Sivert Ingebrigtsen som var født kring 1722 - har stor etterslekt spreidd over store delar av landet.Eg ville vere takksam om nokon kunne hjelpe meg med fleire opplysningar om desse folka.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut R Sande

Eg håper og på fleire innspel om denne familien. Eg har notert meg at Elen og Fredrik hadde ein son Ole f ca 1800, i tillegg til Sivert og Maren Gurina.Eg trur Elen må vere død tidleg, og Fredrik Sivertsen gift på ny med ei Lava Sørensdotter. Ho har eg notert død 1827, men veit elles lite om ho. Dette paret fekk minst 10 born i perioden 1805-1824. Her er det mykje etterkommarar.Eg vil komme attende med opplysningar om Gunder Pedersen, gift med Maren Gurine.Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut R Sande

Det var skifte etter Elen Olsdotter i 1805 på Marøen. Tre born er nemnde.Maren Gurine Sivertsdotter gifta seg med Gunder Pedersen, Stranden i Bud. Foreldra var Peder Pedersen og Taale Gundersdotter. Dette paret gifta seg 1805 i Vågø, og dei kom frå Ukkelberg/Ødegard i Fræna. Gunder var fødd der, men paret flytta til Bud og slo seg ned på Stranden. Det er arveskifte etter Peder i 1822, og det er nemnd 5 born.Gunder og Maren sin son Ole slo seg ned på plassen Vorpen under Karlsvik. Slektsgranskaren Lars Gule er raus og har notert i margen i sine notatar at det er 'flinke og nøysomme folk'.Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Hei!Takk for informasjonen! Eg skjønar at eg må få tak i skifteprotokollane, men opplysningane dine hjalp meg no eit godt stykke på veg.Eg undrar meg på opplysningane på fødestad på søskena Sivert Fredriksen Ørnehagen og Maren Gurine i folketeljinga for 1865. Her står Sivert med fødestad Bod Prgj. og Gurine fødestad Agerø.Skal tru om det er feil i folketeljinga eller at Fredrik Sivertsen på Brunvoll flytta frå ein eller annan stad i Bod rett etter at sonen Sivert vart født - og før Gurina kom til verda?Når det gjeld 2. kona til Sivert Fredriksen Ørnehaagen finn ein i kirkeboka 1857 Hustad Ægteviede 4. 26. JuliSiver Fredriksen Ørnehagen, 58 år og Anne Andersdatter Huustadrem, 60 år. Fødested: Bod. Brudgommens far: Fredrik Sivertsen. Brudens far: Anders Sivertsen. Forlovere: Erik Eriksen Farstad og Skolelærer H. FarstadDet vart nok ein Anders Sivertsen å forhalde seg til, brudens far som kan vere jamgammel med Fredrik Sivertsen Brunvoll (f. ca. 1772).Ein finn høveleg far og datter på Matberget i Agerø året 1801 LenkeMen dette er likevel neppe dei rette. Veit nokon kven som var foreldra til 2. kona hans Sivert Fredriksen Ørnehaug?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut R Sande

Anne Andersdatter Hustadrem er truleg dotter av Anders Størkersen Farstadberg ( ikkje Sivertsen? Ho ser ut til å vere enke etter Peder Johnsen Hustadrem, som døydde i 1855. Med all mogleg atterhald.Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Takk nok ein gong!Ja, Sivert Ingebrigtsen har visseleg mange etterkomarar, mange fleire enn eg var klar over. Kan jo i farten nemne at han blant anna er 4xtipp til to som samstundes spela på det norske landslaget for herrar for nokre tiår sidan. Men er du interessert i dei, må vi ta det via epost.Til innlegg 3.I 'Gard og slekt i Fræna' av Anne Holen Helseth står nemnt Taale Gundersdatter f. ca. 1779, tjenestejente på Ukkelberg 1801 s. 565. Ho vart gift med Peder Pedersen (Malme) Ødegård i 1805. Taale har inneståande arvepengar i buet etter Rejer Pedersen Nøsen. Dette truleg av di Rejer var oppnemnt som verge i 1789 då bror hennar døde. Taale sine foreldre Gunder Tronsen f. 1708 og Kari Jakobsdtr. Eidem. Truleg har Rejer teke vare på verdisaker for ho og lot ho vekse opp heime hos seg som tenestetaus.Taale og Peder fekk eit barn f. i oktober 1805 på Ukkelberg, Gunder Pedersen. Gunder oppheldt seg på Nedre Gule i 1831.På s. 582f vert nemnt 3 søstre til Gunder Trondsen Eidem: Synev Trondsdatter Ukkelberg, Mali Trondsdatter Rødal og Ingelev Trondsdtr. Sylteseter.På s. 746 Uplasserte folk under Ukkelberg finn einTaale Gundersdtr. Ukkelberg konfirmert 1796 - 18 år gamal og Ragnhild Gundersdtr, Ukkelberg konfirmert samme år - 17 år gamal.Det er freistande å gisse på at dei var søstre.Ein kan også finne kombinasjonen Ingebrigt og Sivert her. Reier Ingebrigtsen Ukelberg f. ca. 1605 fekk i 1637 ei bot på 7 daler for frillelevnet med Guri Sivertsdatter, truleg fekk dei eit barn. Om det er nokon samanheng med Sivert Ingebrigtsen er vel tvilsamt.Anne Holen Helseths bok er sparsom med å gje opp kjelder. Men eg ser jo at Taales far var kring 70 år då dottera kom til verda. Ein spreking!Vidare får vi vite at mor til Taale døydde då Taale var kring 1/2 år. Er det riktig så vert det vel trangt å få plassert den 1 år yngre Ragnhild som søster.Eg går ut frå at det er desse folka du referer til i ditt innlegg.Til innlegg 5.Anders Størkersen (Styrkersen) på Farstaberg, ja det rimer betre. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Til innlegg 3:Kjenner nokon namna på barna Fredrik Sivertsen fekk med 2. kona Lava Sørensdotter - fødde i perioden 1805 - 24 ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut R Sande

Lava Sørensdotter veit eg ikkje kor kom frå eller kvar dei var gifte. Borna eg har funne er: Knud 1805-1845 Fredrik 1806-1851 Elen Jørina 1809-Johanne Maria 1810- Erika 1814-1889 Olava 1814-1882 Tore 1816- Marta Frederika 1819- Elen 1820- 1909 Søren Edemork 1824Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Det finst ei Olave Sørensdatter på Flem i Haram f. ca. 1781. LenkeMen om det er rett dame veit eg ikkje.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

I matrikkelen for 1819 står opført39 Hustad Fredrick Sivertsen.Det kan kanskje vere kjøpesvennen på Brunvoll 1801 som har flytta på seg?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar Fylling

Olave Sørensd. Flem dpt 23.07.1780 er dotter til Søren Christensen Flem (1736-1807) og 2. kona hans, Giørri Olsd. Kvar ho kom frå veit eg ikkje.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut R Sande

For å vere sikre på at det er riktige personar vi har, må vi ha ei giftemål mellom Fredrik og Olava, ca 1803-1805. Eg har ikkje funne det i Bud/Hustad/Agerø. Kva med Haram?Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Takk Ivar for spanande opplysning om Olave. Det er vel den same som er vist til i innlegg 9.På Flem i Haram sogn finn me i tillegg til Olave Sørensd. og tre Sørenssøner.Det må vel tolkast som om Søren Christensen i alle fall hadde sonene Erich, Lars og Søren, samt dattera Olave. Den første med si første kone, kanskje den andre sonen og medan dei to siste barna som er nemnt på Flem i 1801 er i 2. ekteskapet.Ei kjelde som kan fortelje om det er noko samband med Fredrik Ingebrigtsen kan vel vere skiftet, om det finst, etter Søren C. F. i 1807.Finst det bygdebøker eller anna lokalhistorisk litteratur frå Haram?Eit lite sidespørsmål: Er det Holck-folk som bur på Flem - altså sidan Anfinn og Christopher(sen) nemnes der i 1801?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Eg ser bl.a. følgjande lokallitteratur frå området: M. Rogne: Haram bygdebok 1 og H. Slyngstad: Vatne bygdebok I-IIDet skal også finnes eit sjeleregister for Haram og Vigra 1756-57 på microfische.Det skal visstnok også finnast avskrift av Haram kyrkjebok 1689 - 1896.(Haram Kulturhistoriske Lag)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar Fylling

Etter ei rask gjennomlesing av avskriftene eg har (Palmar Fjørtoft, Fjørtoft): 1)Ho er ikkje i Haram i 1815-folketeljinga. 2)Ho er ikkje gift i Haram 1798 - 1815 3)Ho er ikkje blant gravfeste 1780 - 1815. Dette -kan- bety at ho har flytta ut.Haram Bygdebok har ikkje gardshistorie med brukaroversikt. Vatne Bygdebok har bra gardshistorie med brukarar + ca 1 generasjon.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut R Sande

Eg fann, i Agerø: Enkemand Fridrik Sørensen Marøe gift 6. januar 1805 med pige Olava Sørensdotter Marøe. Forlovarar Ingebrigt Ingebrigtsen Harnes og Kristen Pedersen Huuse. Har vi mange Olava å velje i, i nærområdet?Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar Fylling

Sidesvar:Eg har ikkje sett nokon Holck-forbindelse til Flem. Foreldra til Søren Christensen er Christen Arnesen Flem og Eli Ingebrigtsd. f. LOngva.Foreldra til Chr. Arnesen er Arne Larsen Flem (1676-1742) og Gjertrud Sørensd. (1674-1755) Kvar dei kom frå har eg ikkje funne ut.Anfind Christophersen Flem har truleg namnet frå morfaren, Anfind Iversen Rønstad (1693-1733) son til Iver Rasmussen Haram/Rønstad og Bergitte Saxesdtr.Ulla

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Innlegg 16:Flott Knut! Det er ikkje mange Olava Sørensdatter å velje mellom som kan ha fått barn frå 1805 til 1824, eg har berre funne ei i Møre og Romsdal, og det er tenestetausa på Flem og så er det ei Olava Sørensdatter på Inderøy - også 21 år i 1801.LenkeTil innlegg 17:Takk for avklaringa i spørsmålet om samband Holck/Flem. Eg ser det står noko om dei personane du nemner i M. Rogne: Haram bygdebok I

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Til innlegg 16.Her er vel forloverane:1801-telling for Agerøe Harnes [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=hentglobal&register=gardsnavn&pgj=236&teljing=ft1801&filnamn=f11545.wc2&amt=15&funnenr=400>LenkeIngebrigt Ingebrigtsen, husbonde 40 år, bonde og gaardbeboer og hans kone Elen Povelsd, 31 år. Deres barn: Malena Ingebrigtsd. 5 år, Ingeborg Ingebrigtsd. og Paulina Ingebrigtsd. 1801-telling for Agerøe Huuse

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Lava Sørensdatter og Fredrik Sivertsen hadde sonen Fredrik f. 1806.Møre og Romsdal Bud Ministerialbok 566A05 1842 - 1851: 1851 Begravede og Dødfødte i Hustad finn vi som nr. 6 Fredrik Fredriksen Neerland daud 6/1 1851.LenkeSame dato i kyrkjeboka for gravlagde finn ein Peder Halvorsen Mahle, Oliver Fredriksen Neerland, Fredrik Hansen Neerland, Andreas Martinussen Neerland og Petter Pedersen Male som 'druknede' dersom eg forstår teksten.Såvidt eg kan forstå merknaden bak Peder og Oliver - drukna dei då båten kantra på 'Steen Vaagen'.Er det nokon som veit noke meir om kva som skjedde 6. januar 1851?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Huse

Iflg. kyrkjebok for Aukra:3. jan 1797 blir ungkar Fredrik Sivertsen Marø trulova med pige Elen Olsdt. Alvestad.26. mars samme år fremstiller Elen Olsdt. og Fredrik Sivertsen ved dåpen sitt hjemmedøpte barn Sivert.20. januar 1799 vert dotra Maren Gurine døpt.22. mars 1801 vert sonen Ole Kristian døpt.15. sept. 1803 vert faren Sivert Ingebrigtsen gravlagt.26. febr. 1804 vert Elen Olsdt. Marøen, 40 år, gravlagt.6. januar 1805 vert enkemann Fredrik Sivertsen Marø og pike Olava Sørensdt. Marø gift. Forl. Ingebrigt Ingebr. Harnes var frå Bjørnerem i Midsund, medan Kristen Pedersen Huse var frå Husøya i Sandøy. Dei var svograr med koner frå Sandøya.Familien budde på Marøya som då var ein del av garden Brunvoll. Kvar Fredrik og faren Sivert kom frå, har eg ikkje opplysningar om. Eg har heller ikkje opplysningar om når familien flytta frå Marøya eller kvar dei då vart av. Dette skulle eg gjerne vite meir om.Mvh Anne Huse

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Takk Anne H.! Det var flotte opplysningar du kom med.Då kom også Elen, førstekona hans Sivert Fredriksen, frå Haram.Eg ser at det er ein Ole Pedersen 53 år på Alvestad. Kanskje Elen er ei datter av hans første ekteskap?[url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=hentglobal&register=gardsnavn&pgj=231&teljing=ft1801&filnamn=f11534.wc2&amt=15&funnenr=167>LenkeNamna Olave og Gurine er også i bruk på Alvestad.På denne lenka kan ein finne bilete av Marøy ved å velje Øyane i kommunen i menyen til venstre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut R Sande

til nr 21: Olava og Fredrik fekk ein son Knud medan dei budde på Marø, i 1805. Ein av fadrane var Søren Sørensen Flem ( kan vere far eller bror til Olava) Neste born Fredrik var fødd i desember 1806 på Hustad. Vi veit derfor omtrent kva tid dei flytta frå Marøy.Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ingmar Seth

Sidesvar til 17.Gjertrud Sørensdatter (1674-1755) er kanskje datter til Søren Lauritsen Riibe (d. 1683), frå Ribe i Danmark, og ein Hansdatter Flem som var død før 1701.Arne Larsen Flem (1676-1742) Hans foreldre er Lars Sæbjørnsen Flem (1634-1705) og Marthe Knutsdatter (d. etter 1706)Kilde til dette er eit skriv av Sevrin Skjelten, Ellingtunet på Lauka. Det vart utgitt i Brattvåg - 18 april 1981Mvh Ingmar Seth

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Eg er imponert over alt som dukkar opp om denne slekta. Eg fryder meg!Fadder Søren Sørensen Flem kan vel vere den som står nemnt føre Olave i folketeljinga 1801 under Flem. Det er nærliggjande å tru at det er Olaves fullbror.Eg tek med litt frå Haram Bygdebok av M. Rogne - henta litt her og litt der, teke vekk det mest fantasifulle.'Ein Bergens-borgar var Søren Laurisen frå Ribe (Danmark). Han åtte 5 ½ mællag i Flem kring 1660, men han hadde nok ikkje fått det for gjeld, etterdi han ikkje tok borgarskap før 27. juni 1670. Frå den tid dreiv han handel på Flem (Budanesa). Eigedomen i Flem må han visst ha gifta seg til. ........ Søren Flem døydde 1683 og etterlet seg nokre barn som ervde han. Ole, Lars og Gjertrud er nemnde. Dei åtte 1 våg 1 pd. 12 mark i Flem som stif-faren Christen Nilsen brukte til st. sonen Lars Sørensen overtok det. Ole var då alt død. Lars døydde nokre år etter, utan born. Eigendomen kom så til Arne Larsen Flem gift med Gjertru Sørensdotter. Dei kjøpte attåt ½ våg i same gardsbruket som Ole Olsen Røsok hadde ervd kring 1660, og som han åtte til sin død 1708. Då ervde brorsønene hans, Peder Ped. Fjørtoft og Knut Ingebrigtson Lingva, hans ½ våg i Flem, som dei året etter selde til Arne Larsen Flem. Han åtte no 7 mællag i Flem. Dette ervde barna, og Lars Arneson Haram løyste ut hine i 1747.''På tinget i Skøravik 21.10.1709 let Arne Larsen Flem ”klokkerens søn” tinglyse eit skøytebrev på 1 mællag 16 mrk. I garden som han kjøpte av Peder P. Fjørtoft og Knut Ingebrigts. Bers for 9 ½ riksdalar. Dei ervde gardparten av Ole Olsen Røsok som var bror til Peder Ols. Farstad, Ingebrigt Ols. Rogne, Einar Ols. Roald og Marte Olsdtr.I 1728 gjorde kongen krav på at korn og ostetienda skulle betalast med pengar, - alt under eitt (av futen) mot at dei beste og mest ”suffisante” menn i kvar bygd garanterte at tienda vart betalt av kvar mann. For Haram garanterte: Ole Larsen Aakre, Arne Larsen Flem, Sjur Jonsen Søre-Fjørtoft, Hans Anderson Hildre, Iver Knutsen Ausnes, Ingebrigt Knutson Longva og Jetmund Erikson Rogne.'Arne Larsen Flem skal med andre ord vere son av ein klokkar Lars?

bilete1638.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.