Gå til innhold
Arkivverket

[#43757] Sivert Ingebrigtsen (Brunvoll) f. ca. 1722


Gjest John H. Aarønes
 Del

Recommended Posts

Gjest John H. Aarønes

Til Ingmar - innlegg 24.Vi sat visst og skreiv om same emnet samstundes. Eg ser ikkje denne delen som noko sidesvar. Ut frå det som har kome fram i denne debatten er det mykje som talar for at Lava Sørensdatter tenestetausa på Flem i 1801 er den som vart andrekona til Fredrik Sivertsen. Då er det sjølvsagt interessant å finne ut noko om forfedrane hennar.Så Ingmar - takk for informasjonen.Forresten - var Lars Sæbjørnsen Flem (1634-1705) klokkar?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Takk for det Ingmar!Her er arveskiftet for Elen Olsdtr. Marøen:(Avskrift P. Gjendem)Aaret 1805 16de Mai blev Rætten konstitueret paa Marøen i Sund otting. Skifte holdt efter afgangen kone: Elie Olsdatter, og holdt mellem enkemanden Fredrich Siversen på den ene siden og deres i ægteskab sammen aflede børn: 1: Sønnen Sivert Fredrichsen (7 aar), med laugsverge Niels Morsund.2: Sønnen Ole Fredrichsen (3 aar) med laugsverge K Rømmen (utydelig).3: Datteren Maren Gurianna Fredrichsdatter. Laugsverge Ole Brunvold.Vurderingsmend: Niels Eichrem og Anders Gauset.Utlagt arv:Sivert F. 57 rd – 1 s- 4 ortOle F. 57 rd- 1 s- 4 ortMaren Gurine 28 rd – 2 sk - 14 1/5 ortSamlet: 303rd - 1 s- 10 ortEtter måten eit rikt skifte.Lagvergen Ole Brunvoll er kanskje Ole Siverts., 41 år g. m. Andrine Rasmusdtr. 30 år i 1801-teljing på Brunvoll. Bror av Frederik???

Lenke til kommentar
Del på andre sider

At dei var brør er vel lite truleg. Ole Sivertsen var son til Sivert (Sjur) Pedersen frå Ulla. Fredrik er heller ikkje noko vanleg namn på Nordøyane.Anne Huse

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar Fylling

Til innlegg 22: Eli Olsdtr. Alvestad dpt 19. jan 1764, er dotter til Ole Ols. Vatne ca 1713-1778, og Maren Olsdtr. f. Drønnesund, f ca 1731. Foreldra finn du i Vatneboka. Eg kan gjerne sende ei fil med anetre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar Fylling

til 23: Søren Sørensen Flem, dpt 22 des 1785 er bror til den 5 år eldre Olava Sørensd. Flem. Dette er vel ein godtsom sikker identifikasjon av Olava Sørensd. på Marøy!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ingmar Seth

Skifte på Flem 5.9.1706. Lars Sæbjørnsen Flem -1706Kone: Marte Knutsdt. v. versonen Ole JonsenBarn: 1. Siver Larsen 2. Arne Larsen 1676 - 1742 3. Anne Larsdt. - 1717? g.m. Ole Jonsen UllaBuet: 74 Rd. 4 ort, 4 skl. samt 2 Agnus Dei.Dette er etter ein avskrift utført av Palmar Fjørtoft, Haram kultut histotiske lag.Mvh Ingmar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Hei!Takk for ny og spennande informasjon. Til innlegg 31 - eg tek me takk mot ei fil med anar.Epostadresse: aaroensalfakrøllonline.noEr dette rette familien?

bilete1662.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar Fylling

Ja, det stemmer. Ole Olsen Vatne/Alvestad er son til Ole Pedersen Ertesvåg og Ingeborg Olsd. Vatne. Maren Olsd. Drønnesund var 3. kona til Ole Olsen. Den første kona, Marte Pedersd. Vatnehaug, er i Vatneboka feilaktig kopla saman med den yngre broren Ole Olsen, f 1724.

bilete1664.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Takk skal du ha! Her var fleire interessante namn.Eg hadde aldri trudd at eg skulle få så mykje informasjon då eg starta dette temaet.Skjønar eg må lese vidare i Giske, Louis. Bygdebok for Skodje: gard og slekt. Skodje: Skodje sogelag, 1986.Kanskje ein kan finne noko der.... og sidan Abelset er nemnt - til Ørskog gjennom tidene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ingmar Seth

Og Vatnebøkene - Kanskje over til dei nye bøkene frå Midsundet, for ikkje å snakke om det som kjem frå Sandøya ... .. .Anne - om du følger tråden - Kan vi forvente å sjå Sandøy boka før jul ?Mvh Ingmar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Eg har tidlegare lese Magnar Kruse (trur eg det var) sitt hefte om Abelset-slekta, og lagt ut på nettet. Hadde ein mistanke om at det var eit samband med slekta på Hustad. Om Ivar F. sitt oppsett er rett og det eg elles har fått vite på denne tråden, er Oluf Jonsen Abelset min 9xtippoldefar.LenkeJa, Ingmar det vert mykje lesestoff for meg no framover. Dei andre bøkene har eg heldigvis i bokhylla mi. Eg gler meg til Sandøyboka kjem!Den eg finn minst ut av er Sivert Ingebrigtsen, Fredriks far.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Status på Fredrik Sivertsen:Fredrik Sivertsen var busett på Marøy som då var ein del av garden Brunvoll. I teljinga for 1801 finn ein under Brunvold i Agerøe, Fridrik, 29 år og hans kone Elen Olsdatter, 29 år. Dette var deira 1. ektskap. Då var han kjøpsvenn for kjøpmann Danholm i Christiansund. Elen Olsdatter skal etter 1801-teljinga vere fødd kring 1772. Etter kyrkjeboka noko tidlegare, ca. 1764, ho vart gravlagt i 1804,40 år gamal.Etter kyrkjebok for Aukra: 3. jan 1797 blir ungkar Fredrik Sivertsen Marø trulova med pige Elen Olsdt. Alvestad, og dei vart nok gift kort tid etter då dei bar sitt første barn, Sivert til dåpen allereie i mars 1797.26. mars 1797 framstiller Elen Olsdt. og Fredrik Sivertsen ved dåpen sitt heimedøypte barn Sivert.26. mars 1797 år fremstiller Elen Olsdt. og Fredrik Sivertsen ved dåpen sitt hjemmedøpte barn Sivert.20. januar 1799 vert dottera Maren Gurine døypt.22. mars 1801 vert sonen Ole Kristian døypt. Dei var begge i sitt første ekteskap og står oppført med barna.26. febr. 1804 vert Elen Olsdt. Marøen, 40 år, gravlagt. Gjennom skiftet etter Eli/Elen ser vi at dei ikkje lei noko direkte nayd.Den 6. januar 1805 vert enkemann Fredrik Sivertsen Marøe gift med Pige Lava Sørensdotter Marøe. Forlovarar var Ingebrigt Ingebrigtsen Harnes og Kristen Pedersen Huuse.Kort tid etter 1805/1806 flytta Fredrik til Hustad, etter matrikkelen 1819 brukte han gard nr. 39 Hustad.Fredrik levde etter 1823 etterdi hans yngste, kjente sønn var født ca. 1824.Ein maglar altså namn på mora og kvar han kom frå. Er det nokon som kan hjelpe med det. Er namnet på eldste dottera (Maren) Gurine? Gurine har eg ikkje sett hos anane til Eli/Elen Olsdatter Alvestad.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Hei!For at tråden ikkje skal verte alt for omfattande har eg oppretta ein ny tråd for Oluf Jonsen Abelset. LenkeNo vil eg etterkvart prøve å halde fram med etterkomarane etter Fredrik og Elen. Vil i næraste framtid ta føre meg eldste sonen Sivert Fredriksen Ørnehagen.Legg også ved eit oppsett som viser kva for personar som eg ikkje kjenner til av Fredrik Sivertsen forfedre.

bilete1718.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Ser ut til å vere vanskeleg å finne opphavet til Sivert Ingebrigtsson, så eg går vidare med status for Sivert Fredriksen Ørnehagen frå Fredriks 1. ekteskap.Døpt 26.03.1797. Familien budde då på Marøy i Sandøy. Kring 1805/06 flytta han saman med familien til Hustad (br.nr. 39). Familien besto da av Fredrik Sivertsen og hans 2. kone Olava Sørensdatter Flem, barna Sivert, Maren Gurine, Ole Kristian og Knud.Sivert Fredriksen Ørnehagen gifta seg med Marthe Bergitte Pedersdatter den 19. mai 1823.Eg kjenner til 6 barn av Sivert og Marthe:Petra (1823), Peder (1828), Anders Olaus (1832), Elen (1834), Fredrik (1839) og Sivert (1842).Marthe Pedersdatter var 59 år då ho døydde 10.03.1851.Den 26.07.1857 gifta Sivert Fredriksen seg med Anne Andersdatter Farstadberg Huustadrem f. c. 1788.I folketellinga for 1865 står han oppført som gift med Anne Jonsdatter (c. 1785 – e. 1865)Kan det vere ei feilskrift i folketellinga og at det er den samme Anne som han gifta seg med i 1857?Det var berre barn i 1. ekteskap. Sivert døde 19.06.1869.Kjeldene har vore først og framst vore digitalarkivets skanna kirkebøker og ikkje minst Knut R. Sande. Hjarteleg takk Knut!

bilete1743.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut R Sande

Eg har rett ofte sett det er feil i FT 1865, større og mindre feil. Eg har gått ut frå at Jonsdotter er skrivefeil for Andersdotter i dette tilfellet. Eg har sett etter om Sivert er gift på ny, utan å finne noko. Kårenke Ane Andersdotter Hustad døde 7.8 1873, og Sivert i 1869 som framgår av innlegget framfore.Knut R Sande

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Ja, eg gjorde same røynsla som du Knut R. når eg leita etter dødsfallet til Ane.Så det er særs trulig at det er feil i folketeljinga.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Bjørn Olav Kleppen

Eg fann ein tråd her frå 2006 som eg kunne ha lyst å gje innspel til.Det gjeld først og fremst Marta Birgita, første kona til Sivert Fredriksen. Ho var nok ikkje meir enn 51 år då ho døydde 10. mars i 1851. Ho var fødd i 1800, dåpsdato var 28.sept. 1800, og var datter av Peder Andersen (f. Skarset) og Synneve Pedersdtr. (f. Fagervik) på Kleppen i Bud. [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16072&idx_id=16072&uid=ny&idx_side=-81>LenkeOm du ser nærare på oppgjeven alder ved dødsfallet, John, så ser du at det står 53 år, og det er jo ingen uvanleg feilmargin i kyrkjebøkene i samband med kyrkjelege hendingar. LenkeSo til Andreas Gundersen som er nemnt i innlegg 1. Det er rett at dette var ein gut som Gunder Pedersen hadde frå før. Mora var Karen Pedersdtr. (1808-1865) frå Yste Harøy i Bud.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Hei Bjørn Olav!Så flott at du delte desse opplysningane med oss. Lenge sidan eg heldt på med dette stoffet no, så eg må setje meg ned å oppdatere meg. Når det gjeld heimesidene så vart det stoffet lagt ut for lang tid sidan, og eg har fått vite mykje etterpå. Så der er nok både feil og manglar. Men eg skal prøve å få oppdatert slekta etter Lars Toresen og Ingeri Asmunsdatter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Olav Kleppen

Hei igjen, John!Ja, det er fint at vi kan utveksle opplysningar med kvarandre. Eg har i alle fall hatt stor nytte av særleg dette forumet når eg har stått fast.Eg ser ikkje bort i frå at vi også kan ha meir stoff å dele med kvarandre.Du må gjerne kontakte meg på e-post om du ønskjer det: bol-klep@online.noMvh. Bjørn Olav

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.