Gå til innhold
Arkivverket

[#43780] Hanna Rebekka (Rasmussen) Løseth frå Ålesund (f.1887) reist til USA 1910


Gjest Mariann Stokken
 Del

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

I min stadige jakt etter morfaren til Hans: Lenke fann eg Death cert. frå Brooklyn, NY. Det som eg vona var kona til ein Hans Christiansen som eg har funne i FT1920 og registrert som Hans Christensen 1930(men som er same mann)_var_ faktisk kona!!Eg bestilte death cert. og det står at far til Hanna heitte Carol(!!) Loset, eg tenkte Carl Løset, og det stemmer! Eg fann Hanna i FT 1900 registrert som Hanna Løseth, og blant utreiste i 1910.Er det nokon som har opplysningar om Hanna f. 08.10.1887 (eg har funne konfirmasjonen i krk.boka), foreldre Karl Peder Martin Rasmussen (Løseth) og Ingeborg(Hansine?) Aslaksdtr. ?Dei budde i Ålesund også ved konf. til Hanna Rebekka.Venleg helsing Mariann.PS: eg er sjølvsagt ikkje sikker på om dette er rett mann, men det er iallfall eit forsøk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

PS igjen: Det er altså _ikkje_ opplysningar frå USA(iallfall ikkje fyrst og fremst) eg er ute etter, men om nokon kjenner til denne familien frå Ålesund?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Mariann Stokken

Godt Nyttår! Prøver denne igjen :-) Er det nokon som har opplysningar om Hanna Rasmussen Løseth frå Ålesund, som reiste til USA 1910??Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tom Erik Grannes

...og du finner Rasmus Knuds Løset (f 30. 5. 1818) konfirmert i Ørskog 16. 11. 1834.Foreldrene er Knud Eilevs Løset og Birgitte Olsd Løset.Foreldrene finner du sammen med farens familie på Løset i Ørskog i Ft. 1801.mvhteg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hjarteleg takk!Er det nokon som kjenner til om Hanna si syster vart verande i Norge og om det finnest etterkomarar isåfall?Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Utolmodig....? Du har sikkert lagt merke til at i FT1900 er Hanna (og Hjørdis) ført som 'fl' (losjerande familie) og ikkje som 'd' (dotter). Jensine er ført som 'd', men med farsnamn Clausen. Ein kjapp kikk i kyrkjeboka viser at Hjørdis er dotter til Jensine; men det kan neppe vere tilfelle for Hanna. Her skulle det vere noko å gruble på.....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Sulesund

Hallo Mariann, jeg forstår jo utålmodigheten! Jeg tok en titt i skannede kirkebøker, [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2682&idx_id=2682&uid=ny&idx_side=-136>Lenke som jeg limer inn her. Hjørdis er født i Ålesund, og fant henne som datter av ungkar, kjører Jørgen Indrevig og tjenestepike Jensine Klausen. Og hun er datter i huset hos Karl Løset. Skal man tenke at kona til Karl hadde barn før de giftet seg? Så var det å finne Hanna Løset, også født i Ålesund! Her finner du kirkebøker s å lete i

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Utolmodig eg? som laga fyrste innlegga i denne debatten for 6-7 veker sidan utan å få respons :-)) Ånei, eg er ikkje utolmodig ;-)Men ja, eg har også lurt på kva kva som er rett her, eller feil kanskje?Det står i death cert. at far til Hanna heiter Carol(Karl) Loseth, og at ho heiter Hanna R(eg tenkjer då Rebekka, det står nemleg Hanna rebekka i krk.boka) at ho er fødd 08.10.1888, men eg har funne konfirmasjonen hennar, der står det f.08.10. 1887. Far:Karl Peder Martin Rasmussen Mor: Ingeborg (Hansine?) Aslaksdtr Konf. 05.10.1902 s.91 i krk.boka.Ja, Jensine er gjerne dotter til (Ingeborg?) Hansine frå før ho gifta seg med Karl.Dette var ei nøtt :-))Takkar iallfall så mykje for respons og hjelp!!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Sulesund

Hehe, det var det jeg mente med tålmodighet, - har du prøvd gjennom DIS slektsforum sine sider? http://www.disnorge.no/slektsforum/ Ser at du er medlem. Vi er mange i DIS som abonnerer på og sjekker daglig etterlysninger der! Jeg skal sjekke videre, - men først - er det først og fremst skjebnen til Hanna du er på leit etter? mvh Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Sulesund

Det er det som gjør dette så spennende. Har du funnet ut når Karl og Hansine giftet seg? Karl var kanskje enkemann tidligere siden mor til Hanna var Ingeborg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Fyrst: eg er interessert i om det finnest slektningar i Norge som kanskje har info om Hanna som for til Amerika, for _hvis_ det er bestefaren til Hans (sjå innlegg (1)i denne debatten), som er mannen til denne Hanna frå Ålesund, så hadde det vore spennande å fått visst kva dei veit.Eg reknar med at Death cert til den Hans som Hanna var gift med, vil komma i posten i løpet av nokre veker, då får eg vita om det stemmer det eg _trur_ :-))Nei, eg har ikkje funne ut kva tid dei gifta seg, eg har også lurt på om den fyrste kona er død, eller at ho som vert kalla Ingeborg ein stad, og Hansine ein annan, kanskje heitte Ingeborg Hansine?Takk igjen for respons, og nei eg har ikkje prøvd på slektssidene til Dis Norge.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

(13): utolmodet viste seg vel helst mellom innlegg (7) og (8) og (2) og (3); og jamvel 6-7 veker er vel ikkje for noko tid å rekne. I denne sporten må du tole minst 6-7 års venting før du kan kalle deg tolmodig ;-)Men kva som er rett og gale... Det er ingen grunn til å lite absolutt på folketeljingar. Det kan vere at 'fl' for Hanna er feil; likeins 'd' for Jensine. Likeins kan det vere at det er Jensine (og Hjørdis), ikkje Hanna, som skal vere 'forsørget af kjøredreng' (i FT1900). Køyrekar Jørgen er for ung (f. 1875) til å vere far til Hanna. Det kunne vere ein tanke å granske reglane for barnebidrag på denne tida, og kva det vart til med Jensine og Jørgen.Det kan svare seg å rekkje opp kva Karl og Hansine har gjort tidlegare. Karl var iallfall ugift i 1875 [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=21&filnamn=f71501&gardpostnr=175&personpostnr=2495&merk=2495#ovre>LenkeDette er ei mogeleg Hansine i Sykkylven i 1865

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Ja,ja, eg er sikkert utolmodig...(den som er klokast gjev seg, sa alltid mamma til oss når me......(kan ikkje skriva krangla, for det er no _ikkje_ det dette, vèl sjølv) :-)))))Takkar for respons, det hjelper så godt å ha nokon å tenkje saman med!!Eg ventar spent (men er eigentleg 95% sikker på at den Hans eg har funne er den rette) på å få tilbake death cert som eg har hatt innmari mykje 'bal' for å få tak i. Når eg vert aldeles viss på det skal eg grava litt meir i denne saka...Men kvifor skal køyrekar Jørgen vere far, når det står ved konfirmasjonen at Karl er det, eg trur det FT(eller den som har skrive av, kanskje?)som er feil.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Sulesund

Skanna kirkebok, lysningsprotokoll, lysning for Jørgen Thomas Indrevik og Jensine Petrine Clausen i 1901. LenkeI adressebok for Ålesund 1919-1920 bor Jørgen, chauffør og Hjørdis M, kontordame i Grænsegt.12. Der står ikke at Hjørdis er datter,men det bruker heller ikke å stå. Der er bare en annen i Ålesund da som heter Indrevik og det er Peter som er sykehusdreng og bor i Borgundv. 43, det er ved sykehuset, noen kvartal innenfor Grensegata.Men i 1925 bor både Jørgen og Jensine, hustru, i Grænsegata. 12. Jørgen er bileier! Også en Petrine Indrevik bor der, kontordame. Det er bare de tre med etternavn Indrevik.Ser ellers at i 1875 har foreldrene til Karl Løset har en pleiedatter som heter Hanna Jensine f. 1872.Det er noe med å nøste opp personer rundt her, for om mulig å finne svaret.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Martiann Stokken

Eg er imponert over dykk/deg!! Eg må berre innrømma at dette tek til å verta for mykje for mitt hovud. Men det skal ikkje alltid så mykje til :-) Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

(18): I FT1900 (lenkja i (8)) er både Hanna og Hjørdis 'fl' (losjerande familie) og 'forsørget af kjøredreng'. Jørgen, som er far til Hjørdis, må vere denne 'kjøredrengen'. Då er det nærliggjande å undersøkje om han også er far til Hanna - men det kan han altså ikkje vere dersom fødselsåra er nokolunde rette.Det kan vere rett at Karl er far til Hanna. Men då er 'fl' i FT1900 feil (og det kan det godt hende det er). Men det kan også vere at Karl og Hansine er pleieforeldre til Hanna; eller at ho er dotter til ein av dei. Det kan ein finne ut av.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Sulesund

Mariann, om du vil finne ut av Jørgen Indrevik, så legg inn en etterlysning på DIS slektsforum, Møre og Romsdal, Skodje.Indrevik, er hva som i dag kalles Innvika nå, og den andre er Utvika!! ;o) i Skodje kommune.En etterlysning under Ørskog vil kanskje oppklare ang. Løset. Vi har forskjellige bygdebøker rundt om, også utvandrersoger. Folk som bor i Ålesund 1900 har de aller fleste, røtter i bygdene rundt byen.Når du leter etter noe om Ålesund, så sjekk også Borgund, bygrensa gikk nesten der bysentrum er i dag. Det var Borgund prestegjeld som var det store, fanget opp mange andre som nå er egne prestegjeld.Her er en grei oversikt: LenkeGod helg! Nå drar jeg på et annet Løset, på hytta - uten internett :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Tusen takk til både Ivar og Marianne!! og beklagar at eg ikkje har svart før!!Eg såg berre Marianne sine innlegg på fredag, og ho skreiv at ho skulle bort i helga, så eg tenkte eg ville svara seinare. Men det har vore travelt med andre ting her, difor vart det gløymt.Det er for mange namn, og for mykje å halda styr på for meg dette. Eg trudde eg hadde god kontroll på dette etterkvart, men...Så eg er ikkje god til å få lagd eit brukande innlegg ang. desse spørsmåla her, beklagar.Takk iallfall!! Venleg helsing Mariann. PS:eg kan laga eit innlegg der eg spør om det same som her, om nokon har opplysningar om Hanna, det klarar eg :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.