Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#43827] Oluf Christian Fredriksen, f. Bergen 1858, levde 1870, men kvar vart det av han?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Oluf Christian Fredriksen, ''uægte'' son av Cecilia Davidsdotter frå Nygard i Luster og dagarbeidar Fredrik Christen Jørgensen frå Bergen, var fødd i Bergen 18.8.1858. I 1865 budde guten hjå besteforeldri sine i Luster, medan han i 1870 var heime hjå mor si og stefaren Johannes Uglum i Bergen. Johannes var emigrasjonsagent, og i 1877 utvandra han og Cecilia til Amerika, men eg kan ikkje sjå at Oluf var med dei bort. Dei kom snart attende til Bergen, og Cecilia døydde der 7.10.1896. Dødsmeldingi hennar fortel IKKJE om sonen Oluf.Eg har so langt ikkje funne att Oluf Fredriksen etter FT1870, men kanskje andre har betre auge enn eg? Eg skulle like og visst kvar det vart av denne guten?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Hei Lars,han dør nok like etter, 8.1.1873, knapt 15 år,LenkeMvh Arnfrid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arnfrid for godt og perfekt innlegg! Eg ser at Oluf lurte oss med namnet sitt; eg søkte etter Fredriksen...!Problemet er løyst!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.