Gå til innhold
Arkivverket

[#43829] Christ Olson, f. kring 1847/48 - frå Bjørnør el. S.Trøndelag til Minnesota 1888?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Christ Olson, 46 år, miste livet 1.3.1894 då han vart påkøyrd av eit tog i Minneapolis, MN. Dødsattesten hans har ingen opplysningar om foreldri eller fødselsdato, berre at han var fødd i Noreg, var 46 år gamal og hadde butt i Minnesota i 5 år, heile tidi i Minneapolis!Me veit at han gifte seg i november 1888 (uvisst kvar) med Anna Jørgine Larsdotter, fødd på Lines i Bjørnør, Sør-Trøndelag 14.3.1863 og utvandra derifrå i 1887.Trøndarar hadde vel ein tendens til å halda i lag i Minnesota, so kanskje Christ Olson ogso var frå Bjørnør eler i alle fall frå Sør-Trøndelag?Er det mogeleg utifrå desse opplysningane å identifisera denne mannen og det norske opphavet hans?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Årsak at eg avsporar spursmålet ditt. Eg må likevel spørja om boka som omhandlar Gaupne i Luster no er ferdig og i sal? Eg skulle så gjerne ha visst meir om gardane som grensar opp til Kvernelvi i Gaupne/Jostedalen.Mvh Finn Oldervik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Finn for innlegg!Jau, boki for Gaupne sokn kom i 1991 og er disponibel frå Servicetorget i Luster kommune.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ein sein, men like hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget frå 11.11. I utgangspunktet er denne Christ Olson ein vanskeleg ''nøtt'' å finna ut av, men ''kandiaten'' til Grethe, Christian Olson Selvåg frå Kolvereid, KAN vera ein interessant person å følgja opp.MEN, so er problemet; ikkje finn eg denne personen att i FT1865, og heller ikkje finn eg nokon gard Selvåg i Kolvereid. Derimot er det to andre Christian Olson i Kolvereid i 1865 i høveleg alder, ein på Grøtbog fødd 1847 og ein annan på Gjeringen fødd 1849. ''Vår'' mann var 46 år då han døydde i februar 1894!Eg har framleis von om at den ''rette'' Christian Olson vil dukka opp og takkar nok ein gong for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Dag Fjær

Hei Lars.Kristian Magnus Olsen født 15.03.1848 på Gjerdingen. Han tok over farsgarden på Gjerdingen og døde på Gjerdingen 08.01.1921.Finner ikke noen Kristian Olsen i Selvågen eller i Grytbogen som er født ca 1847.Eneste Kristian Olsen som jeg finner i Selvågen, er Kristian Angel Olsen født 1855 i Fosnes. Han ble gift med Hanna Ovidia Jensdatter Varpmoen født 16.07.1871. Begge utvandra til USA og døde der.Begge Kristian-ene antar jeg er uaktuell som ’din’.Når det gjelder Christian Ols. i Grytbogen (FT1865), kan han jo være en ’hvemsomhelst’ ettersom han er tjenestedreng og ikke har tilknytning til familien. Skal lese litt mer i bygdeboka for om mulig å finne en aktuell kandidat.Mvh Dag

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Dag Fjær

Når det gjelder Christian i Grytbogen funnet i FT1865, så er han ikke å finne i bygdeboka for Nærøy. Han er ikke nemnt som eier/bruker av noe bruk i Nærøy. Jeg finner ikke noen andre Olssønner der hans navn er referert. Han er heller ikke funnet i de to bindene av Bindal bygdebok som hittil er utgitt. Jeg har ikke leita i Høylandet, Fosnes og Vikna.Jeg antar at Ytre Namdal er et feilspor !Mvh Dag

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Dag for nye spennande innlegg og freistnader på å finna opphavet til Christian Olson.Eg fryktar for at me vil få store vanskar med å finna att denne karen i Noreg, særleg når me ikkje ein gong veit den nøyaktige alderen hans...Men kven veit; kan henda dukker han opp einkvan stad...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Kva med denne frå Family Search?Christian Andersen OLSEN (AFN: TX9D-P0) Pedigree Sex: M FamilyEvent(s): Birth: 18 Oct 1848 Orkdal, Sor Trondelag, Norway Christening: 5 Nov 1848 Orkdal, Sor Trondelag, NorwayParents: Father: Ole Engen ANDERSEN (AFN: TX9D-LG) Family Mother: Andrea Norvigsen CLAUSDATTER (AFN: TX9D-MM)mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Helga for nye innlegg.Christ(ian) Olson kan sjølvsagt vera Christopher Olson i Noreg, MEN veit du om ''kandidaten'' din utvandra til Amerika og i so fall kva tid han utvandra?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.