Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#43832] Elling Johnson, f. 1799 - frå Årø i Bolsøy til Beøy i Fræna -detaljopplysningar?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Elling Johnson skal vera fødd i Bolsøy kring 1799 som son av husmann John Larsson og Ingeborg Johnsdotter, busette på ein plass under Årø i Bolsøy. John gifte seg 16.1.1825, truleg i Fræna eller Aukra(?), med Berit Martha Davidsdotter frå Beøy i Fræna, men døypt i Aukra 18.9.1796. Elling og Berit Martha var først gardbrukarar på Hukkelberg i Aukra, men vart sidan plassfolk på Skotnes under Beøy i Fræna. Men Elling d. før 1842, for då gifte Berit Martha seg att med Ole Olson frå Melheim i Hafslo og flytte til Sande i Fræna!Er det nokon med lokal kunnskap i Bolsøy og/eller Fræna og tilgjenge på lokale kjelder som kan hjelpa meg finna svar på nokre av desse spørsmåli:* Kva heitte plassen under Årø i Bolsøy der Elling Johnson var fødd?* Frå kva gard/plass i Bolsøy hadde John Larsson opphavet sitt?* Frå kva gard/plass i Bolsøy hadde Ingeborg Johnsdotter opphavet ditt?* Kvar (prestegjeld) stod vigsli til Elling og Berit Martha?* Og endeleg, dato for dødsfallet til Elling Johnson på Beøy i Fræna?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut R Sande

Vigsla var i Vågøy kyrkje i noverande Fræna. Men det lå vel under Aukra prestegjeld den gongen?Elling Jonsen var notert å vere ungkarl og 26 år og busett på Mordal (på fastlandsdelen av Aukra) i 1825. Eg kan ikkje stadfeste dette med foreldra til Elling. Eg ser at det er eit par 'som høver'.Dei øvrige spørsmåla har eg sett etter tidlegare, utan å finne svar.Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.