Gå til innhold
Arkivverket

[#43833] Ole Olson Sande, Fræna (1786-1873), gardbrukar eller husmann? - dotter Ingeborg?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ole Olson, døypt i Hafslo i Sogn 22.3.1786, gifte seg i Hafslo (andre ekteskapet hans) 9.6.1828 med Gjertrud Andersdotter, døypt i Hafslo 9.7.1797. Dei flytte i 1830 til garden Roaldseth i Bolsøy og derifrå i 1835 til Svinset (Midsund) i Aukra der Gjertrud døydde som gardbrukarkone 29.8.1836. So gifte Ole seg 16.5.1842 med enkja Berit Martha Davidsdotter, døypt i Aukra 18.9.1796. Ole og Berit Martha vart plassfolk under Sande i Fræna der dei båe døydde i 1873, han 15.4. og ho 20.12.Ole Olson på Sande hadde tre born, to søner og ei dotter, alle frå andre ekteskapet. Dei to sønene var Ole (1831-1887), som flytte atende til Hafslo i SOgn og sidan utvandra til Amerika, og Andreas (1834-1920), som vart gardbrukar på Ukkelberg i Fræna. Men Ole hadde òg ei dotter:* Ingeborg Olsdotter, fødd i Hafslo 13.2.1829, flytte med foreldri til Bolsøy i 1830, men er ikkje nemnd då foreldri i 1835 flytte til Fræna!! Eg finn ho heller ikkje avlidi i Bolsøy!Eg har spesielt desse to spørsmåli, som har ''plaga'' meg i lengre tid:* Kva heitte plassen under Sande der Ole og andre kona Berit Martha budde?* Og kva hende med Ingeborg Olsdotter, fødd 1829? Utvandra ho kanskje til Amerika?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lsrs E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.