Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#43857] Kittel Aaneson og Tone Aslaksdotter på Moen, Gransherad 1865 -utvandringi deira?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

FT1865 for husmannsplassen Moen under Bøen søndre i Gransherad syner denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Kittil Aanesen Husfader g Husmand med J 1825 Gransherred Prgj.Thone Aslaksdatter hans Kone g 1827 Gransherred Prgj.Østen Kittilsen deres Søn ug 1852 Gransherred Prgj.Margith Kittilsdatter deres Datter ug 1856 Gransherred Prgj.Aane Kittilsen deres Søn ug 1857 Gransherred Prgj.Ole Kittilsen deres Søn ug 1861 Gransherred Prgj.Thone Kittilsdatter deres Datter ug 1865 Gransherred Prgj.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Av dei skanna kyrkjebøkene frå Gransherad går det fram at Kittel Aaneson Stensrud og Tone Aslaksdotter Kaasa vart gifte der 27.12.1847.Frå Amerika får eg opplyst at huslyden utvandra i 1884, og at dei skreiv seg for LEE i Amerika, noko som skulle ha bakgrunn i gardsnamnet Lien i Gransherad!Eg er ikkje i stand til å finna denne huslyden i utvandringslistene over Christiania. Heller ikkje kan eg sjå korleis dei har fått namnet LEE. Kanskje dei budde ein annan stad i Gransherad før dei utvandra?Min fokus er særleg på sonen Kittel Kittelson, fødd i Gransherad 24.6.1868.Er det nokon med lokal kunnskap i Telemark som kan hjelpa meg klara opp i desse spørsmåli, særleg når det gjeld utvandringsåret til sonen Kittel Kittelson?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anfinn Bernaas

Det amerikaniserte Lee har truleg utgangspunkt i plassen Lien under Bøen (Gardsjord-Bøen). Gransheradsoga s. 174-175 gjer grundig greie for Kittel og huslyden hans. Foreldra til Kittel, Åne Øysteinsson og Margit Kittelsdotter, fekk feste på Lien i 1837, og etterslekta sat på plassen fram til 1912. Kittel og Tone med dei fire yngste borna drog til Amerika i 1884. Din Kittel Kittelsson f. 1868 var blant dei. Kittel Ånesson hadde også ein son Kittel Kittelsson f. 1844. Det var før han blei gift.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Anfinn for oppklarande innlegg. Eg ser det er ein naboplass til Moen under Bøen som heiter Lien, so kanskje det ligg føre ei samanblanding...Eg kan forresten supplera med at Kittel Kittelson kalla seg for Charles C. Lee i Amerika!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anfinn Bernaas

Det er neppe grunn til å tru at det ligg føre ei samanblanding av Lien og Moen. Kittel Ånesson og huslyden hans har flutt på seg og budde nok på Moen i 1865 som det går fram av folketeljinga. Moen (s. 179 i Gransheradsoga) var buplass for bror til Kittel Ånesson; Ola Ånesson f. 1832, frå 1850-talet. Ola døydde på Moen i 1913. Elles ser det ut som Kittel Ånesson og hans huslyd mest har halde seg på Lien.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Anfinn for nærare presisering. Då forstår eg betre kvifor denne huslyden kalla seg for Lee i Amerika!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.