Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Torbjørn Hillersøy

[#43899] 2 skifter i Sunnfjord; Rakneberg i Ytre Dale og Barekstad i Brandsøy

Recommended Posts

Gjest Torbjørn Hillersøy

Ynskjer å få vite kven som er nevnde i fylgjande skifter:1) etter Tollak Olavson Rakneberg, Ytre Dale. Prot. 2a (1687-1697) s. 1572) etter Tollak ? Barekstad, Brandsøy. Prot. 2b (1697-1708) s. 404Vh Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Hei Torbjørn.Når det gjelder skiftet etter Tollak på Barekstad finner du svaret jeg fikk her:Yngve Nedrebø, SAB / DA, 5.11.2006 12:02 (2) Skiftet er daatert 18. mai 1706 og nevner enken Marite Oelsdatter, hans datter Kirsten fra første ekteskap, og døtrene med gjenlevende: Bornj, Bergithe, Dorite og Helge. Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Ja det var sant, takk for påminninga! Greit å spare Yngve Nedrebø for litt arbeid.Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Igelkjøn

Frå Fjaler gards- og ættesoge, bd. 3, s. 71:... Den fyrste bonden, nemnd 1566, heitte Iuer (Ivar). Frå 1598 til 1624 sat Clemendt på garden, og i tida 1626-1655 fylgde Olluff. Tollak var busitjar 1656-1693 (Tollak Olsen). Ved fe-teljinga 1657 hadde Tollak 1 hest, 20 storfe, 24 s.,12 g. Ved manntalet 1666 var han 36 år. Han hadde fostersonen, Olle Hansen, 12 år, og Olle Josephsen, knekt, 20 år. Aret 1693 var det skifte etter Tollak Olsen og enkja Marite Olsdtr. (ho d. noko seinare same året). Borna var: Ole, Alis, Kari og Marite. Ole Tollakson (34 år ved manntalet 1701) vart noko fØr 1690 g. til garden Vagstad m. enkja Marie Eriksdtr. Han vart utnemnd til lensmann (lenet) kring 1700 (sjå Vagstad).Ole (Olle) Tollakson Vagstad, son til bonden Tollak Kristofferson Vagstad og kona Marite JØrgensdtr., vart bonde på Rakneberg 1693-1724. Han var g. m. Marite (Marte) Olsdtr. Vagstad, dotter til Ole Tollakson Rakneberg. Ole Tollakson Vagstad (Rakneberg) var ved manntalet 1701 30 år. Tenarar: Hans Hansson, 26 år, trommeslagar ved Sunnfjord Kompani og Reinert Hansson, 14 år. Ole Tollakson må ha falle frå kring 1725. Enkja, Marite (Marte) Olsdtr. g. seg att m. Østen Tollakson Hovland, ytre (bror til lensmann SØren Tollakson Haugland). Borna i dette ekteskapet var: Tomas, fekk l.nr. 208. Marta f. 1728. Tyge f. 1730, d. 1732. Tollak f. 1735, g. 1761 m., enkja Kari Knutsdtr. Skadal. Østen Tollakson d. 1750. Enkja, Marite (Marte) Olsdtr., g. seg att 3. gongen m. Sjur Johannesson. Aret 1751 vart Rakneberg delt i 2 bruk. Sjur Johannesson heldt fram på l.nr. 207, medan Tomas Østenson tok over l.nr. 208. ...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Takk for utfyllande svar, Torbjørn!Eg er på jakt etter ei Alis Tollaksdtr. som vart gift med Knut Jonson Batalden. Det er skifte etter ho på Hammerset i Kinn pr.gj., no hugsar eg ikkje heilt året. Det kan vel vere dotter til Tollak Olsen!Vh Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Var nok litt for kjapp med den konklusjonen! :) Ved nærare ettertanke trur eg nok definitivt at ho ikkje er dotter til Tollak; trur nok at den Alis eg er på jakt etter er fødd seinast 1605, fordi ho har ein dotterson f. ca 1645. Men at ho kan ha ein forbindelse til denne slekta er vel mogleg.Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.