Gå til innhold
Arkivverket

[#43925] Paul C. Johnson (1869-1921), frå ''Trondheim'' til Wisconsin kring 1888 -opphav?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Paul C. Johnson, oppgjeven fødd i ''Trondheim'' (=Trøndelag) 30.4.1869, son av John Hanstens(?) og Elen Pedersen, skal ha utvandra til Amerika kring 1888 (jmf. FT1900) og gifte seg i Eau Claire, WI 29.11.1892 med Christine Christensen med bakgrunn frå Hafslo i Sogn. Paul og Christine farma i Eau Claire Co., WI.Er det nokon med lokal kunnskap i Trøndelag som kan hjelpa meg finna ut nett kvar denne Paul hadde opphavet sitt ifrå, kven foreldri var og kva år han utvandra til Amerika?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til John for interessant innlegg!Eg trur so sanneleg du har funne rett mann, for på FamilySearch finn eg no òg ei Johanna Emilie, fødd på Bakklandet i Trondheim 26.11.1864 som dotter av John Erikson Hanshus og Elen Pedersdotter, og dette forklarer namnet som eg fekk oppgjeve for faren frå vigsli hans Paul i Wisconsin!Og her er huslyden i FT1865 på Petersborg i Trondheim:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~John E. Hanshuus Husfader g Smed 1827 Sognedalen Støren Prgj.Elen Pedersen hans Kone g 1833 ØrkedalenSerine Hanshuus deres Datter ug 1857 StrindenBerit Hanshuus deres Datter ug 1859 ThrondhjemEdevarda Hanshuus deres Datter ug 1862 ThrondhjemJohanna Hanshuus deres Datter ug 1865 ThrondhjemBerit Harang Konens Moder e Føderaadskone 1797 Ørkedalen~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Etter dette reknar eg med at Hanshus må vera eit gardsnamn i Sokndalen i Støren, men er det mogeleg å finna ut kva gard i Ørkedalen Elen Pedersdotter har opphavet sitt ifrå?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi med denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Peter Wiborg

Hei Lars, du har kanskje svaret på ditt spm i din egen melding rett over? :-)Moren til Elen Pedersdtr bor i samme husstand, og hun heter Berit Harang.Kan denne Berit være enke fra en Peder på Harang i Ørkedalen? :-)Jan Peter

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Heisan, eg gløymde å minna om at me framleis manglar ei stadfesting av utvandringsåret til Paul Johnson (Hanshus) (1888?). Eg har søkt i emigrantlistene over Trondheim, men utan å finna nokon som liknar. Er det augene mine som sviktar?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jan Peter for nytt innlegg, som eg ikkje såg før mitt siste ''gjekk inn''.Du har heilt rett i at dette namnet Harang godt kan vera ein peikepinn på opphavet til Elen. Eg ser det er ein gard Harangen i Orkdal, so det er vel der denne ætti kjem ifrå, men det hadde vore greitt ned ei stadfesting...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil i dag gjerne få trekka fram att denne saki frå i haust; eg er framleis på leiting etterUTVANDRINGSÅRET til:Paul Edvard Johnson (Hanshus), fødd i Trondheim 30.4.1869.Han skal ha utvandra i eller kring 1888, men eg har so langt ikkje oppdaga nokon slik person i utvandringslistene for Trondheim hamn...Eg vonar at einkvan kan hjelpa meg finna denne utvandringi og takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.