Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#44003] Georg Paul Rupp (1860)/Anna Marie Siverson (1861) - utvandra via Tyskland 1889?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Georg Paul Rupp, òg kjend som Paul G. Rupp, fødd ein eller annan stad i Tyskland i august 1860, gifte seg kring 1888 med Anna Marie Caroline Siverson (Offerdahl), òg kjend som Mary Siverson, fødd i Bergen 9.7.1861. Dette parfolket skal ha utvandra i 1889 og busette seg i San Francisco, CA og sidan i Berkeley, Alameda Co., CA.Det er ogso mogeleg at dei vart vigde etter at dei kom til Amerika, for det vert oppgjeve ulike utvandringsår i ulike amerikanske folketeljingar, men truleg fór dei båe til Amerika via Tyskland (Bremen?).Er det nokon som kan greia å løysa denne floken for meg ved å finna utvandringi til dette parfolket og eventuelt ogso fleire opplysningar om Georg Paul Rupp?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Het Anne Marie Offerdal til etternavn? Jeg finner en familie i 1865 som passer med det, men ingen i 1875.Merkelig sammentreff Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Berit for nytt spennande innlegg.Jau, Anna Marie heitte eigentleg Offerdal, men faren var Christopher Sjurson, og borni som utvandra til Amerika, skreiv seg for Siverson. Chas var bror til Anna Marie, og bortsett ifrå at Anna Marie ''jugde'' på alderen i 1891, so er det ho; ingen tvil om det!Dette ser jo lovande ut, men kan spor finnast etter Georg Paul Rupp?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Det kan vel nesten se ut som om Rupp må ha vært en tur i Norge siden hun kaller seg det. Eller så må hun ha jugd på mere. F.eks. at hun faktisk var gift for bløffen med alderen hadde vel kanskje ikke fungert om hun hadde sagt at hun var såpss ung og gift.Eller kan hun ha lånt navnet (se lenke) eller møtt slektninger til denne dama Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ein sein, men like hjarteleg takk til Berit for eit spennande innlegg. Eg er vel ikkje overtydd om ættesamanhang mellom Georg Paul Rupp og den aldrande frua i Bergen; Rupp er nok eit litt for vanleg namn i Tyskland..., eller tek eg feil?Uansett, eg har i dag motteke opplysningar frå San Francisco som syner at Georg Paul Rupp var fødd i Tyskland 7.8.1860, men hjelper dette oss til å finna opphavet hans i Tyskland?Eg er framleis svært mottakeleg for nye tips og takkar på ny for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.