Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Gisle Hersvik

[#44037] Dødsmelding i Bergen (1951) - M. J. Ananiassen Batalden

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Ønsker å vite kven som er nemnde i dødsmeldinga etter Martin J. Ananiassen Batalden som dø i 1951: LenkeMVH Gisle Hersvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Han hadde tilhold på Pleiestiftelsen, var født 11. april 1859, var ugift, og hadde 'Ingen pårørende'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Han vart fyrste gong innlagt på Pleiestiftelsen i 1885. Vart etter ei tid skreven ut, men kom attende i 1893. Han budde der i 1900 og i 1904 og 1906. 92 år må vel vere ein høg alder for ein som var spedalsk i så mange år.Martin hadde 3 systre som døydde som born før 1865, og ein bror Mathias som busette seg garden Øvergård på Bjarkøy ved Harstad.Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Takk til Yngve og Torbjørn!MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Mathias brukte etternavnet Dumben fordi han budde i Dumba (i Kinn pr.gj.) ei tid. Då far hans, Ananias Mortenson Hillersøy (ikkje i slekt med meg, men det er snakk om same øya) døydde i 1873, flytta mora Mari Ane Mortensdtr. til Dumba med dei attlevande sønene Martin og Mathias.Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Far til Klausine ved FT1865: [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=21&filnamn=f61927&gardpostnr=167&personpostnr=1310&merk=1310#ovre>Lenke, og ved FT1875: Lenke.Han dø i 1886:Kildeinformasjon: Troms fylke, Dyrøy i Tranøy, Klokkerbok nr. 13 (1874-1896), Døde og begravede 1887, side 177.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Takk for utfyllande opplysningar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Til (6):Kan du Torbjørn seie meg kven mora til Mari Ane var? Dorthe Monsdtr, men frå kvar?Sameleis, kven var mora til mannen Ananias Mortensen? Dorthe Larsdtr, men frå kvar? Det var iallefall to Dorthe Larsdtr f. under Skorpen på 1790-talet. Det er vel ei av dei?Ha ein fin søndag!Helsing frå Oslo i vestlandsdrakt (regn og vind) :-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Mari Ane si mor; Dorte Monsdtr.(f. 1805), var dotter av Mons Larsson og Abigel Klausdtr. Hovdetre (på Hovden i Kinn).Ananias si mor; Dorte Larsdtr. (f. 1793 på Skorpeidet), var dotter av Lars Pålson og Dorte Johannesdtr. Skorpeide. Skorpeidet er det austlegaste av bruka på Skorpa.Uklart for meg kvifor Mari Ane og sønene flytta til Dumba, kanskje fekk ho 'jobb' som tenestejente der.Fortsatt god helg til deg óg!Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.