Gå til innhold
Arkivverket

[#44096] Peder Johansen Brunvoll (Los-Pe),fødd ca. 1782


Gjest Anne Huse
 Del

Recommended Posts

Kan nokon hjelpe meg med opplysningar om Peder Johansen Brunvoll og familien hans, kona Karen Malene Nilsdt. og barna.Peder oppheld seg i Kristiansund då eldste dotra Mette Johanne vart fødd i 1808.Anne Huse

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Foreldra til Peder Johansen, fødd ca. 1782, var Mette Andersdt. frå Fjørtofta og Johan Pedersen frå Ulla. Dei budde på Brunvoll på Harøya.1798 var Peder konfirmant, 16 år 27. mars 1808 vert dotra Mette Johanne døpt. Peder og mora Karen Nilsdt. er då ikkje gift. Peder held til i Kristiansund.12. juni 1808 vert Peder Johansen og Karen Malene Nilsdt. gift 1825 vert Peder Johansen og Karen Nilsdt. sine døtre Mette Johanna f. 1808 og Elen Malene, f. 1810, konfirmert. Elen Malene vert seinare gift og busett på Ona.Job Pedersen, fødd 1812 i Kristiansund , på Ulla i 1865, skal vere Peder sin son.Peder var los og har truleg opphalde seg mange stader i distriktet. Hos kjøpmann Knut Danholm i Kristiansund finn ein Peder Johansen 18 år og Karen Malene 24 år i 1801.Eg er interessert i alt som kan fortelle noko om denne familien. Hadde dei fleire barn, og kvar vart det av Mette Johanne ?AH

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Foreldra til Peder Johansen, fødd ca. 1782, var Mette Andersdt. frå Fjørtofta og Johan Pedersen frå Ulla. Dei budde på Brunvoll på Harøya. 1798 var Peder konfirmant, 16 år.27. mars 1808 vert dotra Mette Johanne døpt. Peder og mora Karen Nilsdt. er då ikkje gift. Peder held til i Kristiansund.12. juni 1808 vert Peder Johansen og Karen Malene Nilsdt. gift.1825 vert Peder Johansen og Karen Nilsdt. sine døtre Mette Johanna f. 1808 og Elen Malene, f. 1810, konfirmert.Elen Malene vert seinare gift og busett på Ona.Job Pedersen, fødd 1812 i Kristiansund , på Ulla i 1865, skal vere Peder sin son.Peder var los og har truleg opphalde seg mange stader i distriktet.Hos kjøpmann Knut Danholm finn ein Peder Johansen 18 år og Karen Malene 24 år.Eg er interessert i alt som kan fortelle noko om denne familien.Hadde dei fleire barn, og kvar vart det av Mette Johanne ?AH

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk John for all hjelp så langt.Har så vidt begynt å leite på dei scanna kirkebøkene, dei har vore så vanskeleg tilgjengeleg. Men heldigvis, no går det fint.Om ikkje lenkene verkar, så er det greit å finne det sjølv når opplysningane er så tydeleg og greie.Eg hadde eit notat om at Peder Johansen Brunvoll skulle vere død på Flem.Har funne i Haram kirkebok at Føderaadsmann Peder Johannesen Brunvold, er død på Rogne 12. febr. 1861, 79 år. Det står ikkje noko om at han var enkemann. Eg veit ikkje om andre frå Brunvoll som det kan vere enn 'Los-Pe'.Mvh AH

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Eg saksar s. 79 frå årsskriftet til Romsdal sogelag (1930)ein artikkel av Elias Marøy: Noko om losar på RomsdalskystenEtter ein losprotokol frå Molde, ført av konstituert losoldermann Jeppe Bang, er der i juni 1804 tilsett desse som losar: 1. Peder Johansen Brunvold. 2. Lars Johansen Brunvold, begge soner til Johan Pedersen Brunvold, bygselmann på gard. 3. Lars Larsen Brunvold, født i Vanylven, konfirmert i Aukra, no bygselmann på gard på Brunvold.Alle 3 vart kjende losar, med losar i etterslekta. Peder Johansen er den losen Oddmund Ljone i si bok: «Menn fra havet» med stor diktarfridom kallar Per Ona. Her kalla Per Brunvold eller Johan-Pe. Han vart ein kjend los med mange segner etter seg. Han flytta til Kristiansund og dreiv losing der. Det kunne vere for mange losar på Brunvold, men det kunne også vere ei anna årsak. Etter ei utskrift av kyrkjeboka for Aukra er ført: «Ved Hardøe kapel er 27. mars 1808 døbet et uægte barn, Mette Johanne. Som fader opgivet ungkarl Peder Johansen Brunvold, opholdende sig i Christiansund.»Per Brunvold vart gift i Kristiansund, det vart også dottera Mette Johanne med ein los der. Eg har eit avisutklipp, men har ikkje notert år og dato: «100 år siden Norges første kvinnelige skipsreder ble født. I disse dage er det 100 år siden Kristiansunds og Norges første kvinnelige skipsreder, Laura Larsen ble født. Hun er født på Nordlandet i Kristiansund og hennes foreldre var los Ole Christian Larsen Boye og hustru Mette Johanne Brunvold fra Ålesund.» Son til Per Brunvold var Job Pedersen Brunvold, som var skulehaldar i Søre Haram frå 1824 og seinare handelsmann i Ullahamaren. Sonen hans Kristian Jobsen Brunvold vart los på Ulla og hans son, Sevrin Kristiansen Ullahammer tok over.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar Fylling

Marithe Andersd. Fjørtoft er dpt 10. juli 1755, dotter av Anders Rasmussen og Marte Andersd. Fjørtoft. Eg finn ikkje vigselen deira i Haram k-bok etter 1739.Marte Andersd. g.m. Johan Pedersen Brunevold 1. aug 1773. Spons: Knud Brunevold og Rasmus Ulle.-Dersom- Johan Pedersen Brunevold er identisk med Johan Pedersen Ulla, er ein del av forfedrene hans her:

bilete1692.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Siste innlegget gjer at eg kjem med følgjande:Johan Pedersen tok over garden på Brunvoll etter Knut Jonsen, fødd ca. 1708, død 1790. Knut vart i 1743 gift med Nille Olsdt., fødd ca. 1718, død 1792. Ho var truleg frå Ulla. Kven var ho dotter til, er der noko slektskap ?Mvh AH

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar Fylling

Her er ei Nille som kan passe: (morforeldra -kan- vere Knut Olufsen Ulla(d 1688) og Brite Persd. Synnaland(ca 1655 - 1704), men dette er gjetting)

bilete1697.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for svaret, Ivar.Har du kjennskap til om far til Nille, Ole Olsen Helland Ulla(1670-1729) er i slekt med Brite Olsdt. Helland (ca. 1664-1737), som vart gift med Gunder Rasmussen på Myklebust (1660-1705) (soneson til Store-Rasmus) ? Mette Andersdt., kona til Johan Pedersen var av den slekta. Det var vel ofte slektskap som låg til grunn når der kom 'nye' folk til ein gard.Mvh AH

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar Fylling

I Vatneboka finn eg ingen andre farskandidatar enn Ole Gundersen, d ca 1688. Der står imidlertid berre to søner, Ole f ca 1669, og Gunder, f ca 1676. Eg har gjetta at Berthe Olsdtr. var søster deira.Retting til innlegg 18: Ole Olsen vart gift i 1707 med Mette Knutsdtr. Nogva (ikkje Ulla). Dei var forlova 29.6.1707 på Ulla, forlovarane var Rasmus Jonsen Myklebust og Jon Knutsen Ulla. Då er det Knut Sjursen og Guri Andersdtr. Nogva,som kan vere svigerforeldre. Dei døyper 2 søner (Anders og Ole) i tidsrommet 1692 - 1697, og kan kanskje ha born som er eldre enn kyrkjeboka (1689). Knut var imidlertid eit mykje brukt namn!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...
Gjest Håkon Otterlei

Til innlegg (19) og (20): Brite Olsdtr. var syster til Ole og Peder Olsen Helland Ulla. Peder var verge då ho vart enke både i 1705 og i 1709. Ved den siste hendinga var dessuten morbror Ole formynder for den eine dottera hennar.Namna Mette Knudsdtr Nogva og Ulla er begge rett då dette er same dama. Ho var dotter til Knud Syvertsen Longva og Anne Andersdtr Nogva. Anne vart seinare gjengift med Rasmus Eriksen Røsok, barnebarnet til Unge Rasmus og dermed brorson til Gunder Rasmussen. Slektskapen er på plass! Stefar Rasmus var verge til Mette då ho vart enke første gongen. Ho var gift 3 gonger:1) 1703 med Ole Rasmussen Ulla, ein son2) 1707 med Ole Olsen Helland , ein son og tre døtre der (Nille var den eine)3) 1731 med Peder Aagnesen Uksnøy Ulla

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar Fylling

Det ser ut til at der var ein Peder Olsen Helland-Ulla som ikkje var bror til Ole Olsen Helland-Ulla. I Vatneboka, bd 1 s 522 blir Peder , f 1664 gift 1699 med Berethe Jonsd Ulla. Ho er fødd Grytten og er enkje etter Erik Saxesen Ulla. Denne Peder er son til Ole Rasmussen Helland.Ole Olsen og Ole Rasmussen kan godt ha vore nær beslekta. 'Gunder' opptrer blant forfedrene til begge.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Håkon Otterlei

Ivar! Skal dette forståast slik at du har funne to Peder Olsen Helland Ulla?Den Peder Olsen Ulla eg skriv om i (21) er nemnt som bror og verge for Brite Olsdatter då ho vart enke både i 1705 og i 1709. Han var dessutan fadder til eldste sonen hennar, Rasmus med Gunder. Ole Olsen er nemnt som morbror og formynder for den eine dottera hennar, Marie. Vidare var han også fadder til Peder si dotter Ane. Eg har ikkje nok fantasi til å skjøne anna enn at desse tre var søsken.I Grunnboka for Haram finn ein at 'Peder Olsen Helland byksler etter Erik Saxeson og ekter enken'. Dersom det du skriv er rett, må dei nemnde Pederane Olsen Helland Ulla vere to personar. I 1701 er det imidlertid nemnt berre ein Peder Olsen 39 år, med stesonane Saxe Eriksen 10 år og Jon 8.Kan du forklare korleis dette heng saman? Var Ole Gundersen Helland den andre faren? Veit du meir om enka Berte Jonsdtr. enn at ho kom frå Grytten?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anne Huse

Eg takkar for dei opplysningane som er lagt inn på dette temaet. Ettersom eg forstår, er det vanskeleg med sikkerheit å fastslå kven som er far til Brithe Olsdt. som kom til Myklebust.Vatneboka har ikkje noko om dette som eg kan sjå. Der er det derimot antyda at Brithe sin første mann, Gunder Rasmussen kunne vere frå Helland. Det stemmer jo ikkje, ettersom han var frå Myklebust, son til Anne Eriksdt. og Rasmus Rasmussen.Skulle nokon finne ut av dette, vert eg glad for å få vite om det.Mvh Anne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar Fylling

Nei, eg har funne berre ein Peder Olsen Helland - Ulla. Eg har ingen andre kjelder enn Haram kyrkjebok (i avskrift) og Vatneboka.Peder Olsen som i 1699 vart gift med enkja etter Erik Saxesen, er i Vatneboka son til Ole Rasmussen Helland. Dersom dette er rett, og andre kjelder viser at han er bror til Berthe Olsdtr., så må ho vere dotter til Ole Rasmussen Helland. I så fall er ho ikkje søster til den Ole Olsen som vart gift med Mette Knutsdtr. Nogva. Han er son til Ole Gundersen (Vatneboka bd 1 s 515)Vatneboka er imidlertid ikkje feilfri. Midt på s 522 er Peder Olsen Håvik også kopla saman med Berethe Jonsdtr Ulla. Det er noko 'surr' her.Om Brite Jonsd. veit eg berre det som står i kyrkjeboka, sist i lista med Nygifftinge Anno - 1690: 'St. Michelsdag Er Erich Saxesen og Brite Jonsdotter vedle, trolofvede J Borgen, Forlofvere, Joen Erichsen østnæs og Ole Gryde Copulerede Nye aarsdagen, her J Kierchen,Om eg har sett Grytten meir direkte, så har eg ikkje notert kjelda!Kva som kan ha vore grunnen til forloving i Borgund og giftarmål i Haram er ikkje godt å vite.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.