Gå til innhold
Arkivverket

[#44251] Cecilia Sjursdotter (1757) og brørne Nils og Anders - frå Årdal til ytre Sogn?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Husmann Sjur Larsson på plassen Gjelseng under Aspreim i Årdal og kona Britha Lassesdotter fekk seks born i lag. Tre av dei vart buande i indre Sogn, medan dei tre andre ''forsvinn'':* Cecilia Sjursdotter, døypt i Sogndal 30.1.1757* Nils Sjurson, døypt i Sogndal 9.2.1762* Anders Sjurson, fødd i Årdal 15.5.1770Ingen av dei vart gravlagde i Sogndal eller Årdal, og heller ikkje vart nokon av dei konfirmerte eller vigde i Sogndal eller Årdal!Kan dei vera farne til ytre Sogn, eller til Sunnfjord? Eller hamna dei i Bergen?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jon Sværen

Hei Lars !På s. 847 i Bygdeboka om Årdal, står det om kona Brita Lassedtr Oppheimshaugen i Hafslo f. ca 1724 d. 1811. Ho var dtr til Lasse Arneson Opheimshaug og kona Maren Andersdtr Nagel. 'Ho var såleis av den kjende Nagel-ætti i Sogn'.Du finn ikkje noko i ei slektsbok om Nagel-atta ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jon for nytt innlegg om denne ætti.Jau, det stemmer at desse folki ætter frå Nagel-ætti, men kjenner du, Jon, eller andre lesarar til noki fullgod ættebok for Nagel-ætti? Ei slik bok hadde vore av stor interesse for meg!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.