Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#44258] Ole Ingebrigtson og Aasta Lassesdotter på Ølmeim i Sogndal - borni deira 1770's?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ole Ingebrigtson frå Bjørk (Kaupanger) (1729-1773) og kona Aasta Lassesdotter frå Nagløyri (Stedje) (1725-1771) var gardbrukarar på Ølmeim i Norum sokn, Sogndal frå 1750-åri og levetidi ut. Då Ole døydde i 1773, let han etter seg ei kone nr. 2, Maria Olsdotter (frå Nornes?), og seks born. Ei dotter døydde ugift i 1785, ei onnor vart gift og flytte til Nattvik i Årdal, dotteri av andre ekteskapet flytte til Sogndalsfjøra og vart gift der.MEN, dei tre attverande borni ''forsvinn'':* Synneva Olsdotter, døypt i Sogndal 14.5.1755* Britha Olsdotter, døypt i Sogndal 20.5.1762* Ingebrigt Olson, døypt i Sogndal 15.12.1765Eg finn ingen sikre spor etter nokon av desse borni i kyrkjebokmaterialet for Sogndal eller i FT1801. Heller ikkje finne eg noko om stemori Maria Olsdotter.Ein kan vel ikkje utelukka at eitt eller fleire av desse borni kan ha hamna i ytre Sogn eller i Bergen...Eg vonar at kanskje einkvan sit med kunnskap om denne ætti eller kan bidra med hjelp til å finna dei att, og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

I det eg syner til tema #44251, so ættar ogso denne huslyden frå same greini av ''den kjende'' Nagel-ætti i Sogn og burde òg vera omskrivi i ei eventuell ættebok for denne ætti, om ei slik finst...Men kanskje einkvan kjenner til ætti utan bruk av ei ættebok?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kenneth Bratland

Hei!Ser at det er holdt skifte etter Ole Ingebrigtsen Ølmeim: LenkeEn kilde jeg har benyttet meg mye ut av som bygdebokforfatter og bygdebokmedarbeider er Overformynderprotokollene for Nordhordland som starter i 1743. Der er de umyndige arvingene nevnt og ofte hvem de blir gift med eller hvor de havner. Vet ikke om du har gjennomgått dette materialet for Indre Sogn men det kan kanskje gi deg svar på spørsmålet ditt. I sorenskriverarkivet for Indre Sogn finner man: Overformyndarprot. 1751-1858, mm. Auksjonsprot. 1752-1932, auksjonsdokument 1801-1938, mm.Mvh.Kenneth Bratland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Kenneth for eit spennande forslag. Eg har sovidt vore frami desse overformynderiprotokollane tidlegare, men har vel aldri funne ''revolusjonerande'' opplysningar der. Kvaliteten av desse protokollane kan sikkert variera frå ein stad til hin; uansett so skadar det jo ikkje å gjera ein freistnad!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Eli Randmo

I Norsk bokfortegnelser er det registrert ei boka om Nagell-slekta:Haraldseid, Jakob, 3. sept. 1871-8. mai 1961 Nagellslekta / Ved Jakob Haraldseid. - Elverum : Eget forlag, [1956]. - 59 s. : ill. port. - (929.2)Boka er m.a. registrer ved Deichmanske bibliotek, Førde bibliotek og Universitetsbiblioteket i BergenLars Øyane er naturlegvis kjend med at Nagløyri fekk namn etter Bernt Arntzen Nagel som fekk han om garden Bruavoll og fiskerettane i Årøyelva i 1661. Namneformene Brudevoll/Bruavoll e.l. og Nagløyri vert brukt parallellt i lang tid, t.d. i eit skifte frå 1834. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.