Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Torbjørn Hillersøy

[#44306] Kari Olsdtr. Lægreid (?) evt. Landereid (?) til Batalden i Kinn prgj.

Recommended Posts

Gjest Torbjørn Hillersøy

Er på jakt etter foreldra til Kari Olsdtr. (f. ca 1825) Ho vart gift 1852 med Mads Johannesson frå LitjeBatalden i Kinn pr.gj. og busette seg der. Ho budde i Barlindbotn i Kinn pr.gj. då ho gifte seg. Faren er oppgitt til å vere Ole Nilssen Lægreid, og Kari er oppgitt å vere fødd i Lærdal.Så vidt eg veit finnes Lægreid i Årdal og ikkje i Lærdal. Er det nokon med lokalkunnskaper derfrå?----------Ein Nils Olsson Barlindbotn (f. ca 1825) vart gift i 1849 med ei frå Davik pr.gj.. Faren hans er oppgitt til å vere Ole Nilsson Landereid.Landereid ligg vel i Lund pr.gj. i Rogaland? Er Lægreid feil, skal det eigentleg vere Landereid?Er det nokon med lokalkunnskaper frå Lund, og har tilgang til bygdebøker derfrå?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Hei Torbjørn.Den eneste Kari Olsdtr. jeg finner født/døpt på FamilySearch IGI i Sogn og Fjordane 1825 +/- 2 år og med en far som heter Ole Nilsen, er hun som ble døpt 16.10.1825 i Aurland pr.gjeld med foreldre Ole Nielsen og Ingebor Erichsdtr.LenkeMvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Takk for svar, Rune!Det kan vere at det er riktig person du har funne, men eg lurer på kvar gardsnavnet Lægreid kjem inn i bildet. Kanskje familien flytta til Lægreid seinare, eller kom derfrå.Vh Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Du er kanskje oppmerksom på at Årdal tilhørte ut Lærdal prestegjeld tidligere.Utskilt fra Lærdal prestegjeld i 1863. Delt i soknene Nedre Årdal (gnr. 2-8, 26-36) og Øvre Årdal (gnr. 9-25). Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Nei, det var eg ikkje klar over! Det forklarer jo litt!Vh Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hagen

Hei Torbjørn. Såg dette innlegget fyrst idag, så det er ei stund sia dette innlegget kom her. Kanskje du allt har funne svaret på dette spørsmålet ditt?Men eg vil berre legge til det eg trur om desse folki. I åra 1820-1830 var det berre to Ole Nilsson som vert skreve inn i kyrkjeboki som foreldre i Årdal. Den eine hadde heim i Offerdal, men han hadde ingen dotter Kari.Den andre Ole Nilsson fekk ei dotter Kari fødd 27 desember 1827 døypt 1 januar 1828. Det ser ut til at dei budde under garden Lægreid, faddrane til Kari er skrevne Lægreid.Mori til Kari var Marthe Pedersdatter og at dei kom frå Slidre, om det er Valdres eller Land i Oppland? Ole Nilsson er skreven Land(e)reid i kyrkjeboki då Kari vart døypt. Om det er andre som vil tolke dette så er de velkomne.[url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?urnread_imagesize=full&info=ingen&hode=nei&show=43&uid=69705&js=j>LenkeDei kan ikkje ha vore lenge i Årdal avdi dei ikkje er innskreve med fleire barn.I kyrkjeboki for Slidre finne me ein Ole Nilsson og Marthe Pedersdatter Moe gifte seg 18 april 1825. Kva han skriver seg for klarar eg ikkje å tyda, håpar andre kan det? Ole er nemnd 22 år og Marthe 25 årLenkeMen før desse folki kom til Årdal, som eg trur, så fekk dei ein son Nils fødd/døypt 17 september 1825 i Slidre Pgj.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Hei Terje!Gledeleg at du tok opp att denne tråden!Eg har ikkje funne svar på dette ennå, men det ser no kanskje ut til at det nærmer seg!Det eg lurer på er om Landereid (eller ein gard med liknande skrivemåte; Landreid, Landsrud e.l.) fins i Slidre eller Land pr.gj.. Då kan familien ha flytta frå denne garden til Lægreid.Som sagt så gifte ein Nils Olson Barlindbotn (f. ca 1825) med Martha Augustinsdtr. Krabbestein (Davik pr,gj. i Nordfjord). Far til denne Nils heitte Ole Nilsson Landereid. Nils vart fødd i Land pr.gj. iflg. krkbok for Kinn og FT 1865. Nils er truleg bror til Kari, avdi han var fadder på 1. bornet til Kari i 1852.Eg veit ikkje om foreldra til Kari og Nils flytta til Barlindbotn (i Kinn pr.gj.), men det er vel truleg. Eg vil ta opp att leitinga etter spor etter dei.Takk for svar!Helsing Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Eg får ikkje lenkene til å virke. Det er truleg ein indekseringsfeil, står det i feilmeldingen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ann-Mary Engum

En datter av Ole Nilsen og Marthe Pedersdatter. Birthe Marie,født 27 sept 1834,Hafslo (nederst): Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ann-Mary Engum

Fra basen Døpte i Hafslo 1717-1894:Birthe Marie 1834.09.27 1834.10.12 Ole Nielsen Landserud i Slidre Inderst Marthe Pedersdtr Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hagen

No heller eg til at det rette skal være Landsrud i Vestre Slidre, i søreenden av Slidrefjorden litt nord for Ullnes.Ole Nilsson frå Land? gifte seg med Marit Pedersdatte Moe[url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?show=323&uid=3302&urnread_imagesize=full&hode=nei&ls=1>LenkeDette er mest sansyneleg Marit i FT-1801.LenkeHer er sonen Nils født/døypt i SlidreLenkeSå ser ut til at desse folki reiser til Årdal under Lægreid gard. Her får dei dattra Kari.Lenke Kor lenge dei var i Årdal veit eg ikkje, men det ser ut til at dei var innom Hafslo i 1834 kor Britha Marie vart fødde. Dette var godt jobba av deg Ann-Mari! Kan dei ha stoppa på andre plassar på si ferd?LenkeNo ser det ut til at desse folki er komne til Barlindbotn, Eikefjorden.Her er konfirmasjonen til Nils, 2 aug 1846 20 årLenkeog Kari, 9 aug 1846 17 1/2 år. Lenkeog Britha Marie 1852 17 år.LenkeHer verte faren begravd.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Mange takk, Ann-Mary og Terje!Ut frå innlegg 10) kom vel Ole Nilsson frå garden Lands(e)rud/Landerud i Slidre.Har imidlertid ikkje funne han blant døypte i Slidre frå den garden. Det næraste eg kjem er Ole Nilsson dpt. 16/7 1797, med foreldre Nils Olson og Marthe Olsdtr. frå garden Fossem/Fossum (?) i Slidre, med ein fadder fra Landsrud.Heller ikkje blant konfirmerte har eg funne Ole Nilsson Landsrud.Han har vel flytta til Landsrud etter konf..Helsing Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hagen

Denne Ole Nilsson kan være ein kandidat, fødd 1802 og kan stemme med alderen han gjeve opp då han gifte seg.Frå garden Skartlien.Kildeinformasjon: Oppland fylke, Land, Ministerialbok nr. 6 (1784-1813), Fødte og døpte 1802, side 68. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9355&idx_id=9355&uid=ny&idx_side=-69>Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Det kan vere du har rett, Terje.På ei anna side kan alder ved giftermål vere litt feil. Dersom Marit Pedersdtr. i (15) er rett, er alderen for henne angitt for lav ved giftermål.Takk for svar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje som har gjort meg merksam på dette tema!Normalt er eg interessert i å skriva om ALLE som har ''butt og arbeitt'' i Luster kommune. Men dette parfolket ser ikkje ut til å ha butt i bygdi i det heile. Dåpen har truleg skjedd i Fet kyrkje og er skriven utan nummer og utan at nokon bustad i Hafslo er nemnd! Difor har eg valt IKKJE å ta med desse folki.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hagen

Det ser ut til at desse folki berre var på gjennomreise på si ferd.Då Birthe Marie vart konfirmert er ho skreven fødd i Hafslo Pgj. Falkegjerdet er nemnd som plass.Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 7 (1841-1858), Konfirmerte 1853, side 54. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6891&idx_id=6891&uid=ny&idx_side=-58>Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.