Gå til innhold
Arkivverket

[#44309] Oluf Jonsen Abelset (ca. 1570 - ca. 1653) Ørskog på Sunnmøre


Gjest John H. Aarønes
 Del

Recommended Posts

Gjest Bjørn Jonson Dale

Til Finn: Det er fleire kilder, men den viktigaste er ei rettssak krig 1650 om eigedomsretten til garden Straume. Som enke var Lisbet gift med ein Halstein Olson, som selde nær heile garden (11 av 12 mællag) til soknepresten i Borgund, herr Christopher Pedersen Hiermand. Presten vann.'Lisbet Steensdatter' på Nordmøre skatta av odelsgods på Sunnmøre 1629-33, men fra 1634 budde ho på Straume. I 1666 satt tre søner av Lisbet som leiglendingar på Straume: Mikkel Rasmusson (50), Stein Rasmusson (40) og (sic) Sjur Halsteinson (28).Lisbet var rimeligvis enke då ho (seinast) 1629 tok til å skatte av odelsgods på Sunnmøre. Det er vel ikkje utrulig at ho også skatta av odelsgods på Nordmøre.Etter opplysningane i odelsskattemanntalla var herr Torkel Sjurson sitt jordegods på Sunnmøre snautt mindre enn 64 mællag (16 våger fisk), og av dette ser det ut til at Sjurdøtrene satt med 48 mællag, Lisbet Steinsdatter med 16 mællag (12 etter at ho kom til Sunnmøre og tok i bruk 4 mællag i Straume).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Det blei heller ikkje rett: Det er tale om Sjur Torkelson og søskena sitt jordegods. Herr Torkel Sjurson og søskena (Eivind, Gudbrand og Gjertrud) sitt jordegods på Sunnmøre kan ha vore mykje større, i og med at Gudbrand (Sjurson) i Havåg aleine eigde 64 mællag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takk til Bjørn for nyttige opplysningar!Det kan jo sjå ut som Lisbet Steinsdotter skattar på vegne av dei to Rasmussønene (og eventuelle døtre) i dei åra du nemner. Det var vel på den tida at mannen , Rasmus fall i frå. Som andre har spurt, så lurar sjølvsagt også eg på kven denne Rasmus kunne vera?Elles gløymde eg å leggja ved sjølve brevet frå 1417 som omhandla Torset. Om ein les teksten nøye, så ser ein at Torset er nemnd for seg sjølv, noko som gjer at eg plasserer garden i Aursundet, slik som påskriften også lyder.Brevtekst (fra den trykte utgaven): Ollum monnum þeim sæm þetta bref sea ædr høyra sende Ion Trondrson, Ellingr Øysteinson, Harcka Ellendson og Thorer Thorson Q. G. oc sina kunicktgerande, at meir saghom a handarband Peters Nicolasonar og Ivars Ivarsonar, og høyrdum vi, at nu nefnder Ivar kiendes at hand hafde selt fornemdom Peter Nicolasyne fiora spana lego jordhar i Tossætro for Sunnan sioar gathona i sudro luthanom med naust tuft og stovun tuft, item fiora pundalægo i b.XXI s.213 Glumstadhom, item i Mædahlhus eina spanalægo med allom þeim luttom og lunendom, som tilligger fornefndar jordhar og liggit hafvur (fra) forno og nyjo undan sick og sinom ærvingjom og under adro nefndan Peter og hans ærvingær till evrleighar eignar og als odals frelst hemolt og akiæralaust firo hvariom manne. liggja þessa adro nefndar jardher i nordra Tosseter sunde og i sudra lutanom i Normør. framleides kiendis han upborit hava heilan penning og halvan, sem i koup þeira kom om þessar oftnemdar jardher. till sanz vitnisburdar herum settom vi vore indsigle firo þetta bref, er giort var a Ourom Petersmesso æftan Anno Dni MCDo XVIIm/^o/.Det kan jo også vera av interesse å merkja seg at Aure er plassert i søre luten av Nordmøre. Dette harnmonerer jo bra med at det meste av Fosenhalvøya som no er lagt til Sør-Trøndelag, opphavleg høyrde Nordmøre til.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Osvald Rydjord

1) Jeg så nede i debatten at Skorgen ble plassert på Sunnmøre, mulig det, men ut fra alle de andre gårdsnavnene trodde jeg det var Skorgen ved Langfjorden på grensa mellom gamle Veøy og Nesset. En Ole , f ca 1583, bygsler Skorgen av Kongen og betaler 8 tveiter korn i tiend i 1649. I 1670-åra blir Ole Jonsen Mittet, f ca 1641, bruker. Han gifter seg med Anne Olsdatter Rød, fra Larsgarden tidligere kallet Synnøvgarden på Rød, datter av Synnøve og Ole Ingebrigtsen Rød. Da kona Anne Olsdatter dør (skifte 27.9-86) er morbroren Ole Olsen Rød verge for barna. Se nedenfor 8.(Nesset XI s 644).2) Steffen Lauritsen Sletfjerding (like i nærheten), ca 1580-1655, tok opp Sletfjerding (utskilt fra Mittet) som ødegård og bygslet den av Kongen fra 1622. (Omtalt i justisprotokollen i 1634 da han gikk full til angrep påOla Ørgersen på Sandnes. Måtte bøte med 3 Rd. Kona til Steffen er en Bottolvsdatter og den som overtar etter Steffens barnebarn er Knut Bottolvsen Indre Horsgård. (Holm I s 14) Det er kanskje fra Horsgård kona til Steffen Slettfjerding har sitt farsnavn?3) Erik Larsen (Lauritsen) Rødven, ca 1575-1652, var lagrettemann og lensmann i Rødven otting (Holm I s 603). Gården lå ved Rødvenfjorden. To kjente sønner, Jon, ca 1610-d 1690) g 1636 med en enke på Myklebostad (Er bruker på Henrikgarden på Myklebostad i Vistdal). Den andre kjente sønnen til Erik er Knut, 1614-72, som overtar Rødven. 4) Det var en Laurits Hammervoll som var bruker i 1521. Ingebrigt Andersen Hammervoll har ukjent opphav, odelseier g m datter av forrige bruker, Nils Andersen Dalset (presteslekta).5) En Børge er bruker på Ytre Herje (Langfjorden) i 1597. En Lasse Pedersen , ca 1580-ca 1650, kom inn som ødegårdsmann i 1612. Har en kjent sønn Ola Larsen herje, 1619-1702. Har sønnene Lars 1647, Børge 1649, Lars 1656 og Peder 1663. Ingen Lasse Børgesen nevnt (Holm I s 735), men han kan jo være sønn av Børge, brukeren i 1597.6 og 7) Har jeg ingen ting å henge på, men Opdøl må vel være Opdøl ved Fannefjorden ikke langt fra Molde, hvis det ikke er Opdal i Nesset.Sandnes kan være Visdals-Sandnes, men like godt kan det være Sandnes på Holmemstranda ved Rødvenfjorden. Sandnes ved Rødvenfjorden var den eldste og opphaveleg den største garden i tidlegere Rødven otting. Begge gardene har Ole på garden i det aktuelle tidsrommet, men Karen kan jo lige godt eller helst være giftet inn.8) Oluf på Rø(ed) i Nesset bygslet 1608 ødemark av Kongen. Betalte 4 Rdl i bot for frillelevnet med Marit Tollefsdatter. Koppskatt for kone i 1645. Se forøvrig 1).9) Er vanskelig å finne ut av.10) Kristen Bergsvik (på Nesjestranda) er leiglending på Klokkergården Bergsvik i 1645 (Nesjestranda s 515)11) Jeg har sett etter gårder med Se.. i Veøy og Nesset. Det er ikke mange. Seljevold har jeg sjekket ut, men kanskje noe med Sekken?Ut fra årstallene vil jeg tro at brevet er fra 1647.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takk til Osvald for greitt oversyn.Til 1. Skorgen vart vel aldri plassert på Sunnmøre, men det var vel Skorgen i Tresfjorden ein tenkte på. Dei fleste som er litt kjend i området veit vel at for å koma seg over Ørskogfjellet og vidare må ein først køyra gjennom Skorgedalen. Sidan det også er snakk om ein gard i Ørskog i eit dokument som også vedrører Torset i Aure, kan det vera lett å tru at Skorgen ligg i nærleiken av denne garden. Den Ingeborg Knutsdotter som er gift med Ola Skorgen kan jo teoretisk vera dotter til Knut Abelset. No treng det sjølvsagt ikkje vera slik som eg skriv her. Det kan like godt vera at du har rett.Elles interessant at Harvold er det same som Hammervold.Eg trur også at Sandnes ligg på Holmemstranda slik du skriv. Dette er vel også nabogard til Herje.Apropos Herje og Børge, så er jo Børge aktuelt som mannsnamn også i debatten om Rike-Torstein.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Osvald Rydjord

Au!! Feillesing av meg. Harvold er ikke Hammervold, begge i Rødven, og Ingebrigt Harvold, 1600-1655, ukjent opphav var bruker på Harvoll 1628-60, nemnt i et diplom i 1650 (Holm II s 585) g m ukjent kone, står det, men hun kan jo nå navnfestes til Ingeborg Olsdatter. Sønnen Anders ble bruker etter faren.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Ja, det var rimeligvis på Apalset på Nordmøre og ikkje på Apalset på Sunnmøre at Knut Apalset nemnd 1580 budde. Å kople han til Sunnmøre bare på grunnlag av gardsnamnet er ikkje råd.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Fra Rike-Torsteins jordebrev (etter Finn o. i ein debatt om Ingeborg Skunda)Item ett Pergamendtz vittnesburdtz breff, Att halkell gunderssønn, louck Ingeborige Siguardzdotter, øresboll i Berge oc threy øresboll i Bergisuick som handt hade kiøpftt mett henne aff Baard ekarnn syneKan Bergiuick som er nemnt ovanfor vere den same gården som nemnt under pkt. 10 i innlegg 10.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til John i 61.No er det berre to gardar (etter det eg veit) som heiter Bergsvik e.l. i M og R. Den eine ligg i Veøy, Fanne åtting, medan den andre ligg i Volda (Berkvika). At Det er snakk om same Bergsvika (altså den i Fanne) er vel ganske sikkert.Til Bjørn i innlegg 60.Kvifor er det rimelegvis på Nordmøre og ikkje Sunnmøre at Knut Apalset nemnd i 1580 høyrer heime? Meiner du at Asbjørn og Knut er synonyme namn?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Når det finst eit Apalset på Nordmøre og ein Knut på Apalset er nemnt i ein rein nordmørssamanheng er det rimelig at det dreier seg om Apalset på Nordmøre, ikkje på Sunnmøre.Eg ser ellers av odelsskattemanntalla for Sunnmøre fra 1650-åra at Milde Audunsdatter står som eigar av mykje av det gamle godset til Sjurbarna, likeeins sonen hennar, Jacob Melchiorsen. Dessutan er Adrian Rockertsen på Hitra ført som eigar av slikt gods, likeeins Nils Nilssen på Hitra.Ein annan nordmøring (?), Jens Bjelke sin fullmektig Peder Rasmussen Strømme, er ellers oppført som eigar av garden Barlia (i Ørskog), som han hadde kjøpt (uvisst av kven).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til Bjørn nr. 63Det er vel neppe rett å hevda at Knut på Apalset er nemnd i 'ein rein Nordmørssamanheng', når eigedomsretten til garden ein generasjon seinare er samla i Romsdalen, ganske langt unna Averøya og Avset og Nordmøre elles. Det er muleg eg mishugsar meg, eg trur akkurat dette spørsmålet også har vore drøfta tidlegare i ein eller annan samanheng, og at konklusjonen eintydig var at Apalset i dette tilfelle var Apalset i Ørskog.Dei personane ein kjenner namna på på Avset i det aktuelle tidsromet er som følgjer; 1520 = Oluf, 1559 = Asbjørn og Størker, 1610 = Erik og Fredrik med Tørres Strand som eigar. I 1636 vert Fredrik avløyst av enka, Marit, medan Erik vert avløyst av Olav i 1643. Altså ingen Knut der heller.Opplysningane i andre avsnittet i innlegget ditt er interessante, men litt knappe.Den Peder Rasmusson som du nemner i siste avsnittet, må vera Peder Rasmusson Ruberg på Kanestraum. Peder har mykje etterslekt på Nordmøre, men kvar han kom frå veit eg ikkje. Kanskje kan andre koma med innspel her?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til mitt eige innlegg nr. 6.Den Kari Skeide som skjøtar frå seg mykje av Torset i Aure i 1614 eig også i Wig og Holte, nemleg 1 våg, 2 pund og 6 mark. Er det nokon som kan identifisera desse gardane? Vik finn vi vel i Vestnes-området, men kva med Holte? Opplysninga finnes i Stathaldararkivet, DX 13, Odelsjordebøker Trondheim len, 1624.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Som Finn seier Wenaas kom frå Hr. Anders Pedersen til Thingvoll, saman med ein god del andre jordparter, både på Nordmøre, Romsdal og Nordland - og vidare til Audun på Reknes. Difor slutta postmeister Collin for meir enn 100 år sidan at første kona til Audun måtte vere ei datter eller annan slektning av hr. Anders.Det er Holte i Volda som sl. Rasmus Laurdsen arvinger eig (1 w. 18 mk.) i 1647, men i Rygh står oppført under Romsdals amt fleireHolte Sande Sande Romsdals amtHolte Vold Vold Romsdals amtHolte Volden Volden Romsdals amt Vik Aure Aure Romsdals amtVik Borgund Borgund Romsdals amtVik Sande Sande Romsdals amtVik Søkkelven Søkkelven Romsdals amtVik Ulstein Ulstein Romsdals amtVik Søvde Vannelven Romsdals amtVik Vestnes Vestnes Romsdals amtVik Vold Vold Romsdals amtVik Ørsten Ørsten Romsdals amt

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til John i innlegg 66.Du blandar nok korta litt i siste innlegget ditt. Første avsnittet her høyrer vel heime i debatten om Rike-Torstein.Elles ser eg at det skal finnast både ein gard Vik og ein som heiter Holte i Voll, der også Skeide ligg. I skattematrikkelen 1647 finn eg berre Vik av desse to. Her er det Oluf og Steen som driv 2 voger, 18 mk kvar. Garden er odelsgods og 'Hans Berke' står for bygselen. Er det nokon som veit kven det kan vera?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Ja - sånn kan det gå når ein prøver å svare på to innlegg samtundes! No har eg kopiert innleiinga av innlegg 66 dit det skulle.Takk for at du gjorde meg merksam på det!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Det er sikkert på sida av temaet, men eg nemner likevel at;1. Erik Persenn på affRøen (Averøya) paa Noermør, eier udi Jellsett 2 1/2 pund fiskes leige.2. Hustru Tÿri udi Bergen, udi Allnes i Romsdallen eier 2 pund fiskes leige.3. Knud Langued (?) paa Sundmør eiger i Røsbergh och i Hoffue 3 voger 1 pund fiskes leige.4. Nils Setter paa Nordmør eiger i ¨Ystad (Istad) och i Gammelsetter 2 pund fiskes leige.5. Omund Hestad eiger også i Istad, 1 våg 1/2 pund fiskes leie.6. Erich Anderssen Nesje eiger 2 1/2 voger fiskes leige7. Knut Anderssen Nesje eiger 10 voger 1 pund fiskes leige8. Her Anders Pedersenn på Tingvold och hans broder, Erich Pedersenn eiger udi Hossgaarden 3 voger 1/2 pund fiskes leige.9. Her Zacharias Christoffersenn Holch udi Mochelbosta i Norfior 8 voger fiskes leige. Noch udi Rumsdall i Tollaas oc i Biørnness 2 1/2 voger 1 pund fiskes leige10. Olle Krechvigen paa Nordmør eiger i Reknes 2 voger fiskes leige.Kjelda er stadig; Stathaldararkivet, D IX, Odelsjordebøker Trondheim len 1624.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

I innlegg nr. 65 kjem eg inn på at Kari Skeide (eller Karri Sche som det står i odelskattemanntalet for 1624), i tillegg til at ho åtte ganske mykje i Torset i Aure, også åtte i dei to gardane Vik og Holte, som truleg også låg i Voll (Måndal - Innfjordområdet på sørsida av Romsdalsfjorden).Det viser seg då også at det har vore ein gard Holte i Innfjorden. Garden vart heilt øydelagt av eit stort fjellras i 1610 i følgje segna. Det høyrer med til segna at mannen som bodde der dagen før ulukka hadde vore på Tinget, der han hadde vitna falsk. Der hadde han uttalt at om han snakka usant, så ville han be gud om at han aldri ville sjå verken hus eller heim, kone eller barn igjen, noko som da vart oppfylt. Kona og eit spebarn hadde flykta frå garden og var kome 1/3 fjærding bort frå husa, men vart kvalt av steingovet frå raset. Segna fortel vidare at dei høyrde hanen gol frå urda fleire dagar etter at raset gjekk.Holte låg altså i Innfjorddalen og i gamal tid gjekk det ein gamal ferdaveg over til Stordal på Sunnmøre her. Det som er mest interessant med Holte er kanskje innførselen i Aslak Bolts Jordebok ca 1440; 'Af Holtom 1/2 øyresbol. Aut er Sigurdr Bratter lauk'. Om lag 150 år seinare er det altså Kari Skeide som eig det meste (?) av garden. Dette kan få ein til å tru at nokon av forfedrane til Kari hadde vore i nær slekt med Sigurd Bratt og at dei hadde eit sams opphav langt attende i tid. Førebels er dette sjølvsagt berre tankespinn, men det er sikkert nokon der ute som kan seia meir om kven Sigurd Bratt var for kar?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Finn (70) Ang. Sigurd Bratt. I mi utgåve av AB (J.G.Jørgensen/Riksarkivet 1997) er Sigurd Bratt kun nemd som gjevar av ein halv mark i nedre Reistad. Dette er grd. 77 i Veøy, i fylje same boka. Eg har tidlegare, i innlegg 50 her, Lenke påpeika at han i RN feilaktig står oppført som Sigurd Bratt i Oppdal. I diplomteksten i DN står det 'Sigurði Bratt i Raums-dale' som truleg er det rette.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takk til Leiv for innspelet i innlegg 71!Eg har desse opplysningane frå bygdeboka for Voll, men har no sjekka den første utgåva av Aslak Bolts Jordebok, nemleg P. A. Munch si frå 1832. Der står følgjande gardar i ei klamme:Af Eik i Sekkenom xii aura bolAf holtom 1/2 øres b.Af øfra reidarstadom øres b.Af nedra reidarstadom 1/2 mr.Bak desse 4 gardsnamna står det ei klamme og midt på klamma står det aut. og bak nedra reidarstadom, men framleis bak klamma, står; er Sigurder bratter lauk. Så spørs det korleis ein skal tolka dette. Det kan tolkast slik at alle 4 gardane låg aude, men at Sigurd Bratt berre hadde gjeve den sistnemnde til erkebispen. Men det kan også tolkast slik at Sigurd hadde gjeve alle 4. Kva som er det rette veit eg ikkje og kan hende har redaksjonen av den nye utgåva rett i tolkinga si. Slik det står i den Munchs utgåve er det lett å tolka slik forfattaren av bygdeboka for Voll har gjort, nemleg at Sigurd har gjeve alle 4 gardane.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Etter mitt syn handlar ikkje dette ordskiftet lenger om Abelsetætta fra og på Sunnmøre. Som eg har nemnt før må Knut på Apalset i 1580 vere busett på den tids Apelsetter på Nordmøre, fordi det ikkje er nemnt at han budde på Apalset på Sunnmøre. Dette måtte ha vore nemnt i dokumentet fordi Nordmøre hadde sin eigen gard Apalset.Opphavet til borgar- og embetsætta Abelset fra Sunnmøre er ekteparet Ola Jonson på Apalset, lensmann i Valle skipreide, jordeigar og, svært trulig, sageigar og trelasthandlar, og kona, som kan ha heitte Ragnhild, men kanskje like gjerne Birgitte. Ola Jonson eller kona eigde eit svært samla jordegods midt i Ørskogbygda, eit jordegods som kring 1300 etter alt å døme var i eiga til stormannen Halvard på Lid (som hadde datra Ragnhild). Vi manglar kilder til å følge dette jordegodset i den lange mellomtida, men kanskje ikkje heilt. Dette kan vi komme tilbake til, men eg meiner at denne tråden no kan få kvile så lenge det ikkje dukkar opp noke nytt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.