Gå til innhold
Arkivverket

[#44309] Oluf Jonsen Abelset (ca. 1570 - ca. 1653) Ørskog på Sunnmøre


Gjest John H. Aarønes
 Del

Recommended Posts

Gjest John H. Aarønes

Eg skjønar det er på tide med ei lita oppsummering av denne tråden:Då eg starta denne tråden ønskte eg å få vitea. Kvar eg kunne finne kjelder for å leite vidare etter forfedrane hans Oluf Jonsen.b. Namnet på kona hans Oluf Jonsen.Når det gjeld a. hadde eg vona å finne ut litt meir om Aurdal som er nemnt som ein mogleg stad å finne noko om opphavet hans Oluf på Abelset. Framleis har eg ikkje funne noko om Aurdal og lensmannsslekta der. Skulle gjerne vite kva for litteratur eg kan leite vidare for å forfølgje dette sporet.Vidare har eg fått kjennskap til dokumentet fra kring 1660 om salet av ein øydegard i Ramstaddalen som kan ha samband med Oluf. Det er eit spor eg vil prøve å følgje.Ellers har er merkt meg at det er ein Jon i Haram som er lensmann - kan det vere eit spor?Eg fått nyttige fakta om Oluf, om skiftet hans - jordeige, barn og ektefellar m.m. Eg har fått nøyaktig dato for skiftet hans, ikkje 1655 som eg hadde notert - men 1653.b. - namnet på kona - Jyden som slo seg ned på Abelset og måtte rømme - het i følgje segnet Povel. Å få vite om dette segnet stemmer eller ikkje synes vere ei håplaus oppgåve. Men reint historisk kan det vel stemme?Ein del av debatten her har dreidd seg om forfedrane til Oluf si svigerdotter frå Riksheim, og det er no greitt nok sjølv om det ikkje var det eg var ute etter her. Opplysningane har eg notert meg og eg har tenkt å lese både Sykkylsbøkene og Hemneboka som tek opp denne interessante ætta - og også debattane her på forumet.Så over til Knut på Apalset. Her har det kome fram mykje interessant. Kanskje er det eit samband til Sunnmøre - kanskje ikkje.Det kan vere fornuftig å opprette eit eige tema som kan femne om dette. Eit interessant utgongspunkt kunne kanskje vere hr. Niels Knutsen til Veøy. Kven veit kva som kan dukke opp?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Peder Fylling skriv i Søndmørs Personalhistorie, side 48:''Paa Gaarden Solid /Øvre Solli i Vaksvika, Ørskog/ findes en Indskription paa en Vinduesrude paa Stavburloftet saaledes: 'Magrethe Paaffelsdaatter Anno 1642.' Nu fortæller man, at bemeldte Vindue med Indskriften, før stod i en liden Stue der paa Gaarden, hvilken Stue blev given did af Gaardens Eier Christopher Abelseth /soneson av Lauritz Olsen Abelset og Margrete Laugesdatter Gamst/, da Husene i Solid nedbrændte af Vaadeild, og fortæller Sagnet endvidere, at den bem. Margrethes Fader Paaffel skal være den omtalte danske Mand, som under den norske Syvaarskrig boede paa Abelseth, og som var udsat for Mads Dalekarls Efterstæbelser, ligesom at bem. Margrethe skal have været Moder til den ovenfor omtalte Lars Olsen Abelseth, som var gift med en Margrethe Laggesdatter ved Aar 1680.''Så langt Fylling og segna. At det budde ein jyde på Apalset i 1560-åra er det neppe grunn til å tvile på, og at datra hans kan ha vore gift med Ola Jonson på Apalset er heller ikkje utrulig. At jyden heitte Povel og datra Margrete er derimot meir tvilsamt, fordi vi faktisk kjenner ei Margrete Povelsdatter i Ørskog på denne tida, men ho var ikkje lensmannskone på Apalset, men gift med den lærde sokepresten Christen Jenssen Hegelund (1604-73). Margrete og ektemannen oppretta gjensidig testament. Dei var barnlause, og Margrete døydde i 1650-åra. Vi kjenner ikkje opphavet til denne Margrete.Kona til Ola Jonson på Apalset kan vere fødd i 1570-åra, og det er ikkje noke kronologisk i vegen for at ho kan ha vore datter av jyden, og av namna i etterslekta ser vi at ho kan ha heitt Ragnhild eller Birgitte.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Med eitt dukka det opp eit strøfunn som tyder på at Ola Jonson på Apalset eller kona i vissa hadde odel til garden Ramstad, og dermed er det råd å komme eit stykke tilbake, nemlig til først på 1500-tallet.I jordeboka til Sankt Lavranskirka i Ørskog fra 1524 heiter det at Ingebrigt Halsteinson ga 1 mællag i Ramstad til kirka (Item Engiebriith Hallsthensszøn gaff eit melelag J Ramstad Tiill Ørskog kerkije). Dette mællaget er nemnt i innlegg 19. Gava var gitt seinast 1524, men kanskje heller nokre år før, og vi kan tenke oss at Ingebrigt Halsteinson var fødd kring 1490.Ingebrigt Halsteinson sin bustad er ikkje kjent, men han var svært trulig far til den eldgamle Halstein Ingebrigtson Ramstad som tok seg sjølv av dage i 1613 eller 1614. Halstein sitt jordegods blei då kverrsett av krona, m.a 3 mællag i Ramstad, som enka og, seinare sonen og sonesønene prøvde å løyse inn. Dei lånte då pengar av andre med odel i godset, Amund (Sjurson) Ringstad og Ola Apalset.Ingebrigt Halsteinson kan, understrekar: kan, ha eigd heile Ramstad og kanske mykje av jorda i Ramstaddalen aleine, men visst er det ikkje, for hustru Gyri Jens- eller Jonsdatter eigde trulig 5 mællag av Ramstad seinast kring 1550.Ingebrigt Halsteinson, nemnt 1524, hadde etter alt å dømme også ei datter, Marte Ingebrigtsdatter, som eigde i fleire gardar i Ramstaddalen. Marte var gift med ein Jetmund, og dei hadde to døtre og sonen Ingebrigt Jetmundson, som må ha vore far til Ramus Ingebrigtson, Store-Rasmus, på Myklebust på Harøya. Store-Rasmus og slektningane hans eigde den store garden Lid i Ørskog, nabogarden til Sjøholt, og, ikkje minst, Sjøholtstrand, som var Ola Jonson på Apalset eller kona sin odel.For å finne ein sams ættfar til det vi kan kalle Ramstadgodset må vi trulig gå tilbake til andre halvdelen av 1400-tallet og ein Halstein (og kona) som levde då. Denne Halstein fanst, og han kan vere nemnt i ein ættlegg for den såkalte Follestadætta fra Ørsta. Dette vil eg komme tilbake til.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til innlegg 78, Bjørn.Eg skjønar ikkje at du kan ha slik tiltru til ei gamal segn, når ein av dei som sjølv er av ætta skriv følgjande; Etter ei gamal segn skulle det under Sjuårskrigen 1563 – 1570 ha budd ein danske – ein jyde – på Apalset som odelsmann. Han skulle vere rik. Segna seier at han var stamfar for Abelsethslekta. I 1560-åra reiste Mads Dalekarl rundt på Sunnmøre og herja og drap jydar. Mads Dalekarl kom også til Apalset med følgjet sitt på 60 mann. Segna seier vidare at odelsmannen då kom seg unna, og at han hadde grave ned pengane sine og andre eigedelar i ei urd i utmarka vest for garden. Til denne segna uttalar Magnar Kruse Bjørge i Familien Abelseth, s. 3, at det finst mange slike segner, men det kan ”ikke i dette tilfelle bevises at denne mann hvis han har eksistert, har noe med Abelsethætta å gjøre. Slike fabler om nedgravde skatter har en jo nok av, men det er ingen som greier å finne slike skatter”. (Sitat frå sida til Erling Hagerup).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Den Halstein Ingebrigtsson Ramstad som Bjørn nemner i innlegg 80 må truleg vera identisk med den Halstien Ramstadt som var lagrettesmann i 1591 i samband med utvelging av sendemenn til hyllinga av Kristian Kvart i 1591.Oluf Joenssønn paa Abellsett, lensmann, var i 1610 utsending til Kristian V`s hylling.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Ved skiftet etter lensmann Oluf Jonsson Abelset 10. oktober 1653 vert det m.a. opplyst at buet åtte 1 1/2 mellag jordskyld i Hatlen i Ørskog. No viser det seg at son til Oluf, Lars også hadde kjøpt ein part i Hatlen alt i 1644. Eit papirs brev dat Apalset 5. juni 1644 viser nemleg at Oluf Gulliksson Hatlen sel 2 1/2 mellag i øvre Hatlen til Laurits Olsen Apalset. I skattematrikkelen frå 1647 er både Hatlen og Yttre Hatlen omtalt som gardsbruk i Ørskog. Kva for bruk av desse handelen i 1644 omfattar veit eg ikkje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjell Ove Hattrem

Ad (79), av Bjørn Jonson Dale:Den interessante opplysningen at Jetmund på Li var gift med ei Marte var ny for meg. Hvor finner man henne nevnt?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Kjell Ove: Marte Ingebrigtsdatter sine barn selde seinast 1586 i alt 11 mællag i gardane Søvik, Løset og Løvoll i Ramstaddalen; dette er nemnt i eit dokument fra 1598. I dokumentet er det ikkje sagt at ho var gift med ein Jetmund, og ikkje at han budde på Lid, men alt tyder på at ho var mor til denne Jetmund sine tre barn, nemnt i eit dokument fra 1655. Eg skal komme tilbake til dette når eg får tilgang til arkivet mitt.Finn: Takk for opplysninga om dokumentet fra 1644, som viser at Lars/Lauritz Olson på Apalset må ha hatt odel i Hatlen (ellers hadde han neppe kjøpt seg inn i garden). Eg trur namnet til seljaren kan føre oss vidare. Dette må eg også få lov til å komme tilbake til.Den mest kjente av dei fire jydesegnene på Sunnmøre fra 1560-åra, om 'Juten' på Follestad i Ørsta, dreier seg om ein historisk person, og det er fullt samsvar mellom segn og soge i dette tilfellet. Eg vil derfor ikkje avskrive disse segnene. Dei blei nedskrevne av Hans Strøm i 1750-åra, og han kan ha høyrt dei av folk som sjølve hadde høyrt dei i 1670-80 åra, bare eit stort hundreår etter at Mads Dalekarl dreiv jydejakt på Sunnmøre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.