Gå til innhold
Arkivverket

[#44416] Trond Olson Kittelstad - Frå Nordland (?) til Askvoll (S&F) - Hans opphav?


Gjest Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Askvoll Bygdebok nemner under Askvoll Prestegard ein Trond Olson Kittelstad (ca. 1765 - ca. 1808), visstnok frå Nordland. Han vart gift i 1792 med Christence Jørgensdtr Visnes (1766-1834). Ho var frå Visnes i Innvik (dtr til Jørgen og Synneve).Dei hadde følgande born: Ole, Jørgen, Lars, Hardine, Peter JohanChristence gifta seg oppatt i 1809 m. Lars Olson Spord, og fekk då ein son Trond Larsson i 1810, men han omkom i Nordland (men årstal og stad er ikkje nemnd).-- Kvar kom Trond Olsson frå ? Frå Nordland, eller kanskje austfrå ?-- Kvar og når omkom Trond Larsson ?MVH Gisle Hersvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Gisle, denne huslyden vil du finna omskriven i bygeboki for Jostedalen, gnr. 192, Bruheim, plassen Frydenberg:Trond Olson Kittelstad vart døypt i Skjåk 30.6.1765 som son av gardbrukar Ole Trondson på Kittelstad i Skjåk (1741-1797) og første kona hans Live Larsdotter frå Hjelter i Skjåk (1729-1781). Som enkjemann flytte Trond til Jostedalen der han gifte seg att og budde som husmann på Frydenberg under Bruheim!Om Trond Larsson veit eg ikkje noko, men kanskje du, Gisle, veit kva tid (og kvar) Lars Olson (Spord) døydde?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Når det gjeld Trond Larsson har eg funne følgande:Gift 1834 i Bergen m. Birthe Mikkesdtr. Øvre Mjelde; [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=131&filnamn=vigd1816&gardpostnr=5758&merk=5758#ovre>Lenke. Kona d. 1827: Lenke. Han får to uekte barn: Lenke (1835) og Lenke (1838). Og tydeligvis også ei dtr som d. 1834:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.