Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#44527] Ekteskapsdrama på Hauge i Bremanger i 1880-åri - kvar vart det av ektemannen?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Johannes Johnson Rise, fødd i Bremanger (Kinn) 12.1.1832, gifte seg i Bremanger (Kinn) 28.8.1859 med Kari Susanna Christensdotter Dyrstad, fødd i Bremanger (Kinn) 25.3.1840. Parfolket busette seg som gardbrukarar på Hauge i Bremanger og fekk fem born i åri 1860-1868.So fekk ''gift kone'' Kari Christensdotter Hauge 21.3.1877 ein son med namnet Henrik Johan. Barnefaren var ugift fiskar Henrik Helgeson Hauge.I 1883 utvandra ''gift kone'' Kari Christensdotter Hauge til Amerika med tre av døtrene sine og ''attpåklatten'' Henrik Johan. I South Dakota gifte ho seg snart etter ankomsten att med ein fråskild person frå Hafslo i Sogn, Nils Trondson Veum, men ogso dei vart sidan skilde, og den endelege lagnaden til Kari er ukjend.Men kvar vart det av Johannes Johnson Hauge? Eg kan ikkje sjå at han døydde i Bremanger innan utgongen av 1908, og heller ikkje kan eg finna han i Bremanger i 1900. Kanskje ogso han utvandra til Amerika? Men kva skjedde so med garden deira på Hauge?Kanskje er det nokon som sit med lokal kunnskap i Bremanger som kan hjelpa meg her?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Sigdestad

I fylgje den nye bygdeboka vår, Årstein Svihus' Bygdebok for Bremanger, band 1:Omframt det som du nemner, skriv han: 'Johannes var med i heradstyret i Bremanger. Seinare vart han ramma av lepra (spedalsksjuke) og vart send til Reknæs Pleiestiftelse der han døydde i 1886. Kari flytta til Amerika i 1883.'Og til slutt skriv han: 'Det er uvisst kvar det vart av barnet Henrik'.Neste brukar på gnr. 116, bnr. 10 er oppført Ivar Hansson Kvamsøy, f. 1837 i Vikør. Gift med Anna Emilie Andersdotter f. 1854. Dei hadde bruket i tida 1886 til 1896 og flytte seinare til Kalvågen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gunnar for spennande opplysningar. Då lyt eg freista få tak i den nøyaktige dødsdatoen hans frå Molde...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.