Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#44530] Bergit Halvorsdotter Teigen, f. 1851 Sauherad, til Amerika kring 1870 -detaljar?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Dette tema er eit framhald av tema #39957 som har ei misvisande overskrift.Bergit Halvorsdotter var fødd i Sauherad 27.6.1851 av foreldri husmann Halvor Aamundson på plassen Kåsene under Teigen og kona Ragnhild Halvorsdotter (eller Haraldsdotter?).Ifølgje FT1865 skal Ragnhild vera fødd i Sauherad kring 1819, men eg kan ikkje sjå at ho er korkje døypt eller konfirmert i Sauherad på den tidi.Huslyden skal ha utvandra til Amerika i eller kring 1870, men kyrkjebøkene ser ut til å sakna denne innførsli.Er det nokon med lokalkunnskap i Sauherad som kan hjelpa meg finna svar på desse spørsmåli:* Kva var rette namnet til mori og kva gard/plass i Sauherad hadde ho opphavet sitt ifrå?* Kva er rette utvandringsåret for Bergit Halvorsdotter?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Bjørn Darrud

HeiDet siste spørsmålet først. Kfr ”Saude og Nes, Utvandringar 1843 – 1914” utgitt av Sauherad Historielag v/ Arnt E. Håtveit. Side 100 1968 Fra Lykkja til Columbia C. Wisc., Halvor Anundson f 1832, Ragnhild Haraldsdtr f 1821 Barn, Halvor f 1855, Margit f 1857, Anlaug f 1860, Ragnhild f 1863, Bergit 1857 og Mari 1853.Spørsmål 1: Kfr Sauheradsoga II s 385 Kåsin under Jønsi Halvor Åmundson fra Klevsås under Kaljord f 1832 gm Ragnhild Haraldsdtr fra Skogen i Heddal f ca 1821 var husmannsfolk her i 1865. Det kan se ut som om barna født fra og med 1860 er døpt i annexet i Saude i Sauherad.Kfr kirkbok for Heddal nr 6 1814 – 1837 Født (Døpte) 22.11.1820 Ragnild Haraldsdtr Skogen under Tinne, foreldre Harald Giermundsen og Marite OlsdtrFolketelling 1801 Harald Giermundsen er 14 år og bor på en plass under Tinne med foreldrene Giermund Haraldsen og Marjet OlsdtrMvh Ole Bjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Ole Bjørn for perfekt svar! Då var det ikkje so underleg at eg ikkje fann Ragnhild i Sauherad...!Problemet er heilt løyst!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Bjørn Darrud

Tja, perfekt vet jeg ikke. Det skal være 1868, ikke 1968, som familien forlot Norge.Til info så ligger de 2 plassene (Skogen i Heddal og Jønsi i Saude) bare 3-4 km fra hverandre.Dagens grense mellom Sauherad og Notodden (da Heddal) går rett sør for Skogen.Ole Bjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Ole Bjørn for nytt innlegg.Ein lyt sjølvsagt vera lokalkjend for å vita at desse to bustadane i ulike prestegjeld ligg so nær kvarandre. Eg tolka ogso utvandringsåret som 1868 (og ikkje 1968), men ved nærare ettersyn er det eit punkt som synest noko uklårt:Sauheradsoga omtaler Kåsin (Kåsene) som plass under JØNSI, men eg har frå før ei opplysning om at plassen låg under TEIGEN. Kanskje Teigen opphavleg var ein del av Jønsi?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Bjørn Darrud

Kfr Sauheradsoga II s 389Teigen var egen gård fram til ca 1700, da den blei lagt under Jønsi. I 1730 het det 'Jensie med Teigen'. Først i 1819 ble de offisielt slått sammen til samme matrikkelnr, løpenr 46.På folkemunne kan vel dette ha hengt igjen lenger skulle jeg tro.Mvh Ole Bjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Ole Bjørn for fin avklaring! No er eg stornøgd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×