Gå til innhold
Arkivverket

[#44532] Johannes Sølfestson på Straumen i Solund, fødd 1835, og huslyden hans?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Johannes Sølfestson, fødd i Luster 11.11.1835, flytte i ung alder til Solund og var først gift med Elisabeth Hansdotter Straumen (1836-1891). Sidan gifte han seg att med:Anna Oline Larsdotter, fødd på Kolgrov i Solund 3.9.1841.Johannes og Anna Oline budde på plassen Bakkane under Straumen i Solund og levde framleis i 1900.Spørsmål:* Dato (og stad) for dødsfalli til Johannes Sølfestson og Anna Olina Larsdotter?Johannes Sølfestson hadde visstnok fire born, som alle var frå første ekteskapet; eitt av desse borni var:Henrik Kristoffer Johannessen, fødd i Solund 23.7.1870, flytte til Bergen i 1890 og gifte seg kring 1898, uvisst kvar (eg finn ikkje denne vigsli korkje i Solund, Gulen eller Bergen!), med:Serenne Larsdotter Wergeland, som skal vera fødd i Gulen 23.8.1868 (eg finn ikkje noki Serenne fødd i Gulen på denne datoen). Ho flytte til Bergen i 1898.Spørsmål:* Dato og stad for vigsli til Henrik og Serenne?* Stadfesting av fødselsdatoen til Serenne med fødestaden hennar?Eg vonar å råka på ein eller annan med lokal kunnskap som kan hjelpa meg med desse opplysningane og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Inger Leirvåg

Hei, Det er ikkje akkurat det du spør om men, i fylgje bygdeboka for Solund side 207 i band 1 så hadde Johannes og Lisbeth 3 born:1. Søren fødd 1865. Gardmannn på Nautøy. 2. Henrik Kristoffer, f. 1870. 3. Anne Mathilde, f. 1875 og d.1890.Venleg helsing Inger

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Dette er vel Johannes og Anne i 1900-tellingen for Sulen (Solund) [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=54&filnamn=f01412&gardpostnr=250&personpostnr=1594&merk=1594#ovre>LenkeI f.t. 1900 for Bergen finner jeg en Henrik Johannesen, f. 1870 i Sulen. Han er gift med Serine, f. 1868 i Evenvik, NB Lenke. Dette kan jo være et blindskudd, men navnene passer jo bra…Blant døpte i Eivindvik i 1868 finner jeg en Serine, men hun er født 20.7.1868

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Inger og Grethe for nye innlegg.Eg veit at Johannes og første kona hans hadde fire born; eitt av dei manglar i bygdeboki!Elles er det rett huslyd som du Grethe har funne i FT1900, og der går det fram at Serenne var fødd i Eivindvik (Gulen) i 1868. Serina Larsdotter Tveranger frå Solund er det IKKJE, for ho vart gift med ein annan person og budde i Solund. ''Vår'' Serenne må vel elles vera fødd i Brekke sokn, og det er vel eit spørsmål om denne sokni er med i databasen til fylkesarkivet(?)Men vigslene frå Brekke er skanna, og der er ikkje vigsli til Henrik og Serenne med...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Johannes Sølfestson og Lisbet Mikkelsdtr. hadde fire born: a) Søren f. 13/4 1865 b) Anne Kristine f. 14/4 1868, døydde 23/5 1868 c) Henrik Kristoffer f. 23/7 1870 d) Anne Matilde f. 26/11 1875Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Sande

Som du sikkert har sett får ekteparet Lars Jonson og Anne Klausdtr. datteren Sirene 24.4.1868. Dette stemmer jo ikke med den fødselsdatoen du har, men det er tre grunner til at denne Sirene alikevel kan være en aktuell kandidat. For det første er faren født på Wergeland 12.1.1838. Foreldrene var de ugifte tjenerne Jon Jonson og Kari Gjetmundsdtr. For det andre har hun søsteren Berta født 18.9.1871, og i Ft 1900 bor det en med det navnet hos Henrik og Serine i Bergen. Og for det tredje er hun registret flyttet til Bergen som Serine Larsdtr. Navdal i 1897 - innført 1898.Eg har ikke andre opplysninger om lagnaden til denne Sirene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Alf, Terje og Gisle for spennande innlegg.Det er nok ymse so tyder på at denne Sirene som Terjer nemner fødd i Gulen 24.4.1868, godt KAN vera ho so som eg leiter etter i Bergen. Fødselsdatoen eg hadde, 23.8.1868, er oppgjeven ved FT1912, men kan godt vera feil!Men er det nokon som har tilgjenge til nyare kjelder frå Solund som kan syna oss dødsdatoane til Johannes Sølfestson og andre kona Anna Oline?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.