Gå til innhold
Arkivverket

[#44533] Anders J. Helman/Anna R. Olsdtr- finsk/norsk par frå Skudesnes til Amerika 1861?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Anders Johan Erikson Helman, fødd i Pietarsaari (Jacobsborg), Vaasa, Finland 1.9.1820, gifte seg i Skudesnes 31.3.1850 med:Anna Randine Olsdotter (Andersen), fødd i Skudesneshavn 9.8.1824.Anders var styrmann, og parfolket budde fleire stader i Finland og ogso på Karmøy, men utvandra til Amerika i 1861 der dei etter ein mislukka busetnad i Gaspé, Québec slo seg ned i Milwaukee, WI i 1863. Kan henda flytte dei derifrå til Clayton Co., IA, men Anna skal vera avlidi alt i desember 1863.Me kjenner til følgjande born:* Edla Margaretha Helman, fødd i Pori (Bjørneborg), Turku, Finland 7.3.1851.* Johanna Alydia Margrethe Helman, fødd i Skudesnes 17.10.1853.* Lydia Johanna Helman, fødd i Viipuri (Vyborg), Karelen, Finland (no i Russland!) 28.6.1856.* Olga Margrethe Helman, fødd i Ferkingstad 20.9.1860 - skal ha gift seg i 1880 med ein dansk sjømann!* Cathrine Sophia Helman, fødd i Milwaukee, WI 27.7.1863.No vonar eg på ekspertise frå nokon som kan supplera med opplysningar om denne huslyden frå Karmøy eller som eventuelt greier finna dei att i Amerika!?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

I bygdebok for Skudenes og Skudeneshavn står et følgende på side 764, nr. 269: Ola Anderssen, f. 1797, son til Anders Tørressen og Randine Ingebretsdtr . 1820 g.m. Margrete Olene Matsdtr., f. 1794, dotter til Mats Eriksen og Ingeborg Olsdtr. frå Sunnmøre. Bom: a. Ingeborg Marie, f. 1821, g.m. Jon Johannessen på Dyrland bnr. 1. b. Anna Randine, f. 1824, g.m. Anders Johan Helmann, neste oppsitjar . c. Lars, f. 1826. d. Andreas, f. 1830,271. oppsitjar under her. e. Margrete Olava, f. 1837, g.m. Torger Knutsen, 272. oppsitjar under her . Ola og Margrete Olene budde visstnok ei kort tid på Li. Ein stad er det sagt at Ola var frå Hafslo. Dei budde seinare under Høynes, kanskje på Lahammar .270. Anders Johan Helmann. G .m. Anna Randine Olsdtr. , f. 1824, dotter til førre oppsitjar Bom fødde i Skudeneshavn: a. Johanna Alida Margrete, f. 1853 b. Olga Margrete, f. 1860. Anders Johan Helmann var styrmann.Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil gjerne få trekka fram att dette tema frå i fjor, som framleis er uløyst. Eg har søkt etter denne finsk/norske huslyden ''over alt'' i Amerika, men framleis utan hell. Kanskje dette er ein høveleg ''påskenøtt'' for nokon?Eg takkar so mykje for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg nærmar meg ein ''deadline'' med denne merkelege huslyden og gjer nok ein freistnad i von om at nokon som er attkomne frå påskeferie, har funne inspirasjon og glød til å sjå på problemet, som ingen enno har greidd å løysa...Stor ære og takksemd til den eller dei som finn svaret...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Per Harald for verdifull korreksjon! Eg er ikkje so lokalkjend i Finland; eg har berre vore ein gong på Åland, men det er mange år sidan...Elles vonar eg framleis på at einkvan kan bidra med å finna ut kvar det vart av denne huslyden i i Amerika...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.