Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#44656] Gurine Ellingsdotter på Muralmenningen i Bergen 1801/1815 - kven var ho?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Johannes Olson (Yndesdal), døypt i Hafslo 16.2.1758, flytte som soldat til Bergen der han 13.11.1785 gifte seg med enkja Guri(ne) Ellingsdotter. Parfolket busette seg i 9. rode nr. 19 (ved Muralmenningen) i Bergen der Johannes i 1801 er nemnd arbeidsmann på 46 år, medan Gurine er 74 år. I 1804 er Johannes vorten dragar, og truleg er det han som vart gravlagd frå sjukehuset i Bergen 15.2.1808, 50 år gamal, for i 1815 var Gurine ''dragarenkje'' med same bustad. Då var ho 82 år. Ho døydde 25.8.1820 i 1. rode nr. 126, men då var ho berre 70 år gamal!Gurine vart med andre ord yngre og yngre for kvar teljing, men kven var ho? Og kven var første mannen hennar? To andre jenter med namnet Gurine Ellingsdotter fekk born i Bergen i 1770- og 1780-åri, ei gift med Anders Monsson og ei med Johannes Ellingson, men ingen av desse kan det vera, for dei fekk born med dei nemnde ektemakane deira ogso etter 1785!Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Det er vel ikkje sikkert at Gurine er frå Bergen, men er ho det så ser eg av grunnebøkene for 1753 til ca 1770 at det er mange Ellingar i byn, så dette kan vel verta vanskeleg. Ho skal altså vera fødd mellom 1725 og 1750, truleg i eller i nærleiken av Bergen. Navna som vart brukt i Bergen på 1700-talet var i hovedsak Guri, Gurie, Gurine og Gurina.Vi får setja i gang å leita.Mvh Arnfrid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Her er forlovarerklæringa, så får vi sjå om nokon klarar å lesa noko ut av denLenke(venstre side nedanfor midten)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

der er en Guri Ellevsdtr som får barn med Torger Jørgsensen i 1780. En Torger Jørgensen, los, dør i 1783.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arnfrid for nye spennande innlegg!Eg får i grunnen ingen ''assosiasjonar'' med nokon av dei to forlovarane frå 1785, men når det gjeld Guri Ellefsdotter, so vart ho døypt i Luster 27.9.1741. Ho gifte seg i Luster 5.11.1769 med Torger Jørgensen (1743-1782). Dei flytte til Bergen i 1779, men Guri forsvinn etter at Torger døydde i 1782. Ho levde framleis i 1788, for då er ho nemnd som faddar i Bergen, men lagnaden hennar er UKJEND!Guri Ellefsdotter hadde to eller tre born som levde opp:* Jørgen Torgerson, døypt i Luster 21.12.1769, var òg faddar ved same barnedåpen i Bergen i 1788, men er elles ukjend.* Kari Torgersdotter, døypt i Luster 1.4.1775, var i 1801 til oppfostring hjå morbroren Ole Ellefson på Gjertås i Gulen, men seinare lagnad er ukjend.* Bertha Torgersdotter, fødd i Bergen 21.8.1780, er førebels ukjend.Skulle dette syna seg vera den same Guri(ne), ville det vera storveges, MEN, kan me gå ut ifrå at Ellefsdotter vart endra til Ellingsdotter slik ''utan vidare''?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

dette kan vel være dødsfallet til Bertha;Lenkemen hun var gift, så det er vel tvilsomt om der er noe skifte som hjelper oss.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arnfrid for nytt spenane innlegg. Eg er so absolutt samd i at dette godt KAN vera dotteri Bertha, men det hadde vore kjekt å finna ho att i 1801 og/eller 1815...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Beklager Arnfrid, det skal sjølvsagt vera eit SPENNANDE innlegg; eg sit med diverse bandasjar på fingrane, og dei ''lurte'' meg!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hmm, eg har sett litt meir på denne saki, og det er påfallande at Torger Jørgenson og kona Guri Ellefsdotter budde i 9. rode nr. 21, medan Johannes Olson og Guri(ne) Ellingsdotter budde i 9. rode nr. 19! Dette kan so absolutt tyda på ein samanhang...? Men, so var det Ellefsdotter kontra Ellingsdotter då...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

I Arkivforumet har du skrevet rode 19.Her er et kartutsnitt som viser 9-19 og 9-21 fra 1888

bilete1771.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Her er et fra 1864, jeg har markert med 21, ser du det?

bilete1772.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arnfrid for geografisk oppklaring! Og takk for at du gjorde meg merksam på feilen i innlegget mitt i Arkivforum. Eg veit ikkje kva som gjekk av meg...Det er jo tydeleg å sjå at 9-19 og 9-21 var nabohus! Det vert spennande å sjå kva pantebøkene har å fortelja...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.