Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#44668] Sjur Pederson (1807-1899) frå Hafslo i Sogn til Melsæter i Fræna -huslyden hans?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Sjur Pederson, fødd på Yngsdal i Hafslo og døypt 25.1.1807, gifte seg første gongen i Sogndal 11.11.1833 med Mari Nilsdotter, fødd på Kvam i Sogndal og døypt der 15.12.1810. Mari døydde i Sogndal 12.12.184, og i 1846 flytte Sjur til Fræna i Romsdalen der han 16.7.1848 gifte seg att med Britha ''Brit'' Johannesdotter, fødd på Sperle i Jostedalen og døypt der 19.6.1808, men utflytt til Fræna i 1832. Sjur og Brit var nokre år plassfolk under Hatle i Fræna, men vart sidan gardbrukarar på Melsæter i Fræna der Brit døydde 5.7.1875. Sjur gifte seg so tredje gongen i Kvernes 3.6.1877 med Ane Martha Andersdotter frå Vågsbøen i Eide, som hadde far sin frå Ormberg i Jostedalen. Ane Martha var fødd i Fræna 11.5.1832. Sjur og Ane Martha vart buande på Melsæter i Fræna der Sjur Pederson d. 10.6.1899. Ane Martha d. i Molde 19.8.1907. Me kjenner til fem born etter Sjur Pederson, fire frå første ekteskapet og eitt frå det andre. Tre born ser ut til å ha levd opp:* Unni Sjursdotter, fødd i Sogndal 17.1.1835, flytte med far sin til Fræna i 1846, men er førebels ukjend. Eg finn ho ikkje konfirmert, vigd eller avlidi i Fræna!* Christi Sjursdotter, fødd i Sogndal 16.4.1837, flytte òg til Fræna med far sin i 1846, men er likeins ukjend. Heller ikkje ho finn eg konfirmert, vigd eller avlidi i Fræna!* Johan Sjurson, fødd i Fræna 1.2.1849, utvandra som smedarbeidar til Afrika i 1882, kan henda i samband med misjonsverksemd, men den seinare lagnaden hans er ukjend.Er det nokon med lokal kunnskap i Fræna som kan hjekpa meg finna ut kva som skjedde med desse tre borni til Sjur Pederson, som eg trur må ha vore ein av ''venane'' (haugianarane)?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg ønskjer i dag å blåsa lite vetta støv av dette temaet, som framleis står uløyst. Det hadde vore so kjekt og fått litt greie på denne huslyden som skal omskrivast i det kommande bandet av Gards- og Ættesoga for Luster (Hafslo), og eg takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helge Bjerkevoll

Da er kanskje dette konfirmasjonen nr 26Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten og Helge for spennande innlegg. Linken i siste innlegget fungerer ikkje hjå meg, men eg vil gissa på at ho vart konfirmert i Sogndal...?Elles er det ingen tvil at du Carsten har funne rette jenta som dotter til Sjur Pederson. Eg er forundra over at ho flytte attende til Sogndal, men hovudsaki er jo at ho er funni!Kanskje Christi Sjursdotter òg flytte attende til Sogndal?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Olav Kleppen

I slektforskarbasen på DIS-Norge er det oppgjeve to personar med interesse for Malmedalen, den eine av desse er også oppført under Melsætra:LenkeOm du ikkje alt har gjort det, så kunne det vel vera ein tanke å ta kontakt. Ved å klikke på namna får du opp e-postadresse.Alternativt kan du sende meg e-postadressa di. Då kan du få eit par namn i Fræna som eg trur kan ha tilknytning til denne slekta.Mi adr.: bol-klep/alfakrøll/online.noBeste helsing Bjørn Olav

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Helge, Carsten og Jan Olav for nyeb fine opplysningar om denne ætti.No når dei to døtrene er attfunne som oppvaksne i Sogndal, og sonen frå andre ekteskapet utvandra til Afrika, er det vel neppe stort meir å finna i Fræna, for, so vidt eg har forstått, er det dårleg med skifteprotokollar eller dødsmeldingar frå Romsdalen som kunne fortelja om lagnaden til både sonen i Afrika og dotter Christi i Amerika?Eg vil forresten freista leggja inn spørsmål om Johan i Afrika som eige tema, og likeins om tilgjenge på skifteprotokollar og dødsmeldingar for Romsdalen...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×