Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#44669] Sivert Torstensen (1797-1847), frå Hafslo til Bergen-kvar vart det av kona hans?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Sivert Torstensen, opphavleg frå Yngsdalen i Hafslo, men oppvaksen på Stenehjem i Sogndal, vart døypt i Hafslo 12.5.1797 og d. på sjukehuset i Bergen 3.4.1847. Sivert flytte i ung alder til Bergen og gifte seg der 15.5.1826 med Berthe Cecilie Ananiassen, fødd i Bergen 14.10.1804. Sivert livnærte seg som dagarbeidar, og han og Berthe vart buande i Bergen levetidi ut. Dei fekk åtte born.Huslyden budde m.a. i 18. rode 117 og sidan mange år i 18. rode 121, men siste bustad frå 1843 var i 10. rode 161.Eg har ikke lukkast i å finna noko dødsfall for Cecilie Ananiassen (Torstensen) i Bergen. Kanskje nokon har betre auge enn eg?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Sværen

Hei Lars !Kan det væra henne: Nr 30.744, døydde i Bergen 1816-1886, Enke Berthe Sofie f. Torstenson, busett i 21-108, fødd 1809. Død 22.9.1878, gravlagt 27.9 i Korskirken. Far var: Bødkermest. Nils Antonis.Du finn Torstenson og NESTEN Ananiassen, og KUN 5 år feil ang fødsesåret. Du har sikkert sett større diff enn dette ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jon for spennande innlegg.Eg har studert denne jenta lite vetta, men eg tviler nok på om det kan vera ho... ''Mi'' Bertha hadde Cecilia til mellomnamn, og foreldri hennar var Ananias Albertson og Synneva Arnesdotter...!Det ser ut som om ''di'' Bertha Sophie var fødd 18.3.1809 og døypt i Krosskyrkja som dotter av overkonstabel Torsten Bottolfson og kona Synneva Bottolfsdotter!?So, eg er framleis på leiting etter lagnaden til Bertha Cecilia f. Ananiassen...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×