Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Kai M Kveum

[#44727] Dovre - Lesja

Recommended Posts

Gjest Kai M Kveum

Har nettopp fått Bygdebok for Dovre 3 i hus og leter febrilsk etter Paul Svendsen som antagelig kom fra Svendsgard på Dovre. Ref.: Bygdebok for Lesja 3 s.486 pkt. 5.-5, men kan så langt ikke finne forbindelsen. Har tidligere notert at de bodde på Bakken under Svendsgard, men kan ikke finne noe Bakken u/Svendsgard. Noen som kan hjelpe til å finne Paul?Paul Svendsen Svendsgard f. 1736 g. m. Kari Paulsdatter Håkåstad f. 1740 Gardsjente på Håkåstad Paul trolig fra Bakken under Svendsgard på Dombås. Barn: 1. Svein 1765-1778 2. Mari 1767, tok over 3.Syver Paulsen,f. 1765, d. 1816, g.m. Kari Hansdatter Nestande, f. 1766 Barn: 1. Paul Syversen Håkåstad, f. 1796, d. 1874, g.m. Marit Jørgensdtr. Fjellbrekka, f. 1798, d.1868 Barn: 1. Syver Paulsen Håkåstad, f. 1828, d. 1921, g.m. Marit Olsdatter fra Uti Håkåstad, f. 1832, d. 1886 Barn: 1. Marie Syversdatter, g.m. Anton Kveum 2. Kari Paulsdtr. f.1822, d.1896 4.Mari Paulsdatter f.ca.1771 5.Marit Paulsdatter,f. 1775 6.Paul Paulsen Kveum,f. 1777, bestefar til Anton 7.Svend Paulsen,f. 1778

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfinn Kjelland

Ein liten korreksjon til informasjonen om Pål i Lesja bd 3 s. 486: det står ikkje at Pål kom frå Sveinsgard, det står at han var 'skrive' Sveinsgard (ved giftarmålet i 1764 ). Dermed er det ikkje usannsynleg han var tenestkar der utan slektstilknyting. Det var ikkje uvanleg.I ei nyare dataregistrering av kyrkjeboka frå denne perioden ser eg elles at gardsnamnet ved vigselen er transkribert til 'Biørnsgaard', utan at eg no har tilgang til kyrkjebokkopiane og kan sjekke. Kari vart elles skrive 'Gaangstad' - der var ho sikkert som tenestjente.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kai M Kveum

Da har jeg fått et svar fra bygdebokforfatteren for Dovre. Sammenholdes dette med en artikkel av Gunnar Kaas, kan det se ut som min Pål Svendsen kan stamme fra Vesl-Enstad på Lesja. Et lite skår i gleden er at de ikke fikk barn, fordi Åsta fikk arven hans i 1751. Ref: Bygdebok for Lesja 1, s.335. (3-7)Den einaste personen med namnet Pål Sveinsson som er født om lag 1736 i Dovre, er etter kyrkjeboka ein Pål Sveinsson som er født 20.5.1740. Foreldra er nemnt som Svend Bakken og Aaste. Eg greier ikkje å identifisere desse, men den 12.8.1737 fekk eit par som er nemnde som Svend Poulssen Korsvold og kona Aaste tvillingar som er kalla Nils og Elisabeth Antonetta. Namnet på jenta tyder på at foreldra ikkje var bygdefolk. Foreldra kan vere dei same som Svend og Aaste, foreldra til Poul. Elles døydde Svend Poulssen Bakken den 15.9.1742, 34 år gamal. Funderingar kring ein barnedåp Av Gunnar KaasDåpi Dovre kyrkje 14.august 1737, forretta av sokneprest Niels Stockfleth. Frå kyrkjeboka 2 a side 216. Sitat: (bapt betyr døypt, item betyr det same). «Bapt: Svend Paulsen Korsvolds tvillingebarn: Nils. Faddere: Per Michelsen Killi, Per Justeson item, min kone Elisabeth Anthonette Rosing, Arne Persen Korsvold, Kari Siversdatter Engelsgård. Født 12 aug. kl. 12 middag. Bapt 2: Elisabeth Anthonette. Fadd. Jørgen Tjøstelsen Korsvold, (Årbok 1981, s.60) Hans Bjørnsgård, Hans Olsen Løken, Aagot og Erik Hansen Killi, Marit Persdatter søndre Korsvold, Marit Siversdatter Nørstegård. Født 11 aug. kl 11 før middag, hun var altså ældst» Jenta var var nok også født den 12.; prestens bruk av klokka seier oss vel det. Ved introduksjonen seinare kjem det fram at mora heitte Aaste; meir står det ikkje om henne. Kven var så Svend Paulsen og kona Aaste? Svend var i alle fall ikkje frå Korsvold. Vi finn eit par med sama namn i eit skifte på Bryggen ved Lesjaverk i 1751. Da er Svein nemt som arving etter ein avdød fetter, Svend Ellefsen Enstad, Slettom ,Lesjaskog. Men nå var også «vår» Svend død, så Aaste Gulbrandsdotter var oppsett som arving. Altså er Svend P. Korsvold same person som Svend Paulsen Enstad, Lesjaskog, f. 1708, gift i Lesja kyrkje med Aaste Engebretsdotter (her er ikkje fleire opplysningar). Som ein ser stemmer ikkje Aastes farsnamn ved giftet med skiftepapira, men her er det mykje som seier oss at skiftepapira har rett. Aaste var nok dotter til Gulbrand Samuelsen Korsvold (1665 - 1715) og kona Ragnhild Tjøstelsdotter Folldal (søre uppistugu). Svend og Aaste hadde sikkert ikkje sett bu i 1737, men budde heime på Korsvold. Ein kan nok stusse på den interessa som prestefamilien hadde for desse to dåpsbarna og foreldra deira. Prestefrua finn det rett å bli med på ein «skrangletur» til Dovre og stille opp som fadder. Og ikkje bare det: det var nok med presteparets godkjenning, og helst var det deira vilje, at tvillingbarna skulle bera namna deira. Noko av ei forklaring finn vi i at da foreldra Svend og Aaste gifta seg, skriv Svend seg rett og slett for Prestegården. Truleg var han i arbeid hjå presten. Prestefamilien Stockfleth viste ved denne handlinga varme, eller i alle fall romslegheit og ei pen framferd dei har all ære av. Niels Stockfleth var prest til Lesja 1724 - 1745. Det var under han at konfirmasjonen vart innført i bygda, i 1733. Han var gift tre gonger, og ho som er omtala her var hans andre kone. Svend og Aaste kom seinare til Bakken på Dovre, men det blir ei anna historie.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kai M Kveum

Pga PC-havari i fjor høst har jeg måttet lese igjennom ganske mye på nytt. Har i Gudbrand nr.1 - 1977 funnet en kommentar og svar på spørsmål 118 som er ganske likt innlegg 1. Svaret lyder: ved gjennomgang i kyrkjeboka finner en følgende: 9.10.1736 er viet Svend Pouls. Præstgrd og Aaste Engebretsdtr. Forlovere er Erick NæstTande og Niels Kluckstad. Svend Bakken og Aaste har sønnen Poul til dåpen i 1740. Svend Pouls. Korsvold og Aaste har tvillingene, Niels og Elisabeth Anthonetta, til dåpen i 1737. Svend ser ikke ut til å ha blitt gammle karen. Han er begravet i 1742, 34 år gammel, og er da benemmt Bakken. Aase Uleteylycken er beg. i 1773, 64 år gammel. Aaste ble ved vielsen benevnt Engebretsdtr og ved skiftet etter Svend sitt søskenbarn, Aaste Gudbrandsdtr. Har nettopp sjekket Korsvoll og da Systugu Korsvoll i bind 2 for Dovre og finner der, under pkt 24/3-3(1701-1720: Åse, ca.1709, g. 1736 m. Svein Pålsen fra Enstad på Lesjaskog. Aaste skal etter dette være: Åse Gudbrandsdtr f.ca.1709 Systugu Korsvoll. Jeg velger nå å føre inn Åse og Svend som bekreftet i min slektstavle.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×