Gå til innhold
Arkivverket

[#44778] Skreppekar Reier Skakson Fardal, f Sogndal 1820, til Bergen 1852, lagnaden hans?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Reier Skakson Fardal, fødd i Sogndal 15.8.1820, gifte seg i Sogndal 24.6.1847 med Gjøri ''Jørgine'' Johannesdotter, fødd i Sogndal 18.6.1825. Parfolket budde først i Sogndal, men flytte kring 1852 til Bergen der me i 1865 finn Reier som ''skreppekar'' i Sandvikens 2. rode nr. 76 i lag med foreldri hennar, Johannes Olson og Kari Johannesdotter.Reier og Gjøri ''Jørgine'' hadde minst seks born, men fleire døydde nok i barneåri:* Skak, f. i Sogndal 1.11.1848* Reier Schjeldrup, f. i Sogndal 2.2.1851* Marie Sophie, f. i Bergen 17.6.1854* Reier Schjeldrup, f. i Bergen 4.2.1856* Carl Johan Fredrik, f. i Bergen 17.4.1858* Georgine Christine, f. i Bergen 3.6.1860MEN, kvar vart det av denne huslyden etter 1865? Eg har so langt ikkje funne dødsfalli korkje til Reier eller kona hans; er det augi mine som sviktar? Eller fór dei til Amerika?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk for mange spennande og interessante innlegg om denne huslyden. Det kan sjå ut som om borni etter Reier og Jørgine er vortne buande i Bergen. Elles er eg overtydd om at du Rune har funne rette Jørgine og at ho døydde alt i 1866. Og Elin har nok funne rett Reier Skakson som dukkar opp i fengselslistene. Dette siste får meg til å spekulera på om han kanskje kan ha hamna på Botsfengselet - terskelen var ikkje høg en gongen...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.