Gå til innhold
Arkivverket

[#44788] Johanna Ingebrigtsdotter frå Egge i Breim (Gloppen), f, 1797 - foreldri hennar?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ifølgje FT1801 for Egge i Breim (Gloppen) var Johanna Ingebrigtsdotter fødd kring 1797 som dotter av gardbrukar Ingebrigt Palleson og kona Magnhild Larsdotter. Johanna flytte til Bergen der ho i 1842 vart gift med Johannes Johannesson Quam frå Hafslo.Eg kan ikkje finna denne huslyden nemnd hjå FamilySearch, men kanskje er det einkvan med lokal kunnskap i Breim eller Gloppen som kan svara meg på:* Kva var fødsels- eller dåpsdatoen til Johanna?* Og frå kva gardar i Gloppen hadde Ingebrigt og Magnhild opphavi deira?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arild Bergset

I bygdeboka for Gloppen-Breim V (s 658/659 og 828/829) finst følgjande info:Johanne Ingebriktsd. Egge, f. 1798, nemnd i skiftet 1816Foreldre: Ingebrikt Palleson Frøystad, f. 1750, d. 1816, sk. 1773 (br. 3, Egge) g. 1773 m.: Ragnhild Larsd. Egge, f. 1753, d. 1827Foreldra til Ingebrikt: Palle Rasmusson Frøystad, f. 1715, d. 1778, sk. 1744 (br. 2, Frøystad) g. 1740 m.: Ågot Rasmusdtr. Førde, levde i 1788 'udenfor Bergen'Foreldra til Ragnhild: Lars Jeremiasson Egge, f. 1711, d. 1756 (br. 3, Egge) g. 1747 m.: Helga Tordtr. Støyva, d. 72 år g. 1785Datoar for Johanne har eg ikkje, men det finst sikkert nokre glopparar som kan hjelpe.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Kyrkjebokavskrifta har datoen 20.05.1798 på Johanne. Det ser ut til at dette er fødselsdato, sidan dei andre datoane omkring ikkje følgjer noko 'søndagsmønster'.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Svein Aril og Aase for nyttige opplysningar! No er det berre eit problem som står att her:* Heitte mori Ragnhild eller Magnhild?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.