Gå til innhold
Arkivverket

[#44815] Iver Johannessen Møllendal gift 1865 med Dordei Johannesdotter frå OS - lagnad?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ifølgje FamilySearch vart:~~~~~~~~~~Iver Johannesson, fødd i Sogndal 30.5.1838(?) ogDordei Johannesdotter, fødd i Os kring 1830~~~~~~~~~~vigde i Os 8.6.1865. Dei er i desember 1865 busette på Møllendal i Bergen der Iver var steinarbeidar. To born er kjende:* Johannes Bertin Iversen, fødd i Os 6.4.1866, gifte seg i Årstad, Bergen 30.4.1893 med Synneva Rasmusdotter Østenstad frå Sunnfjord.* Lars Olai, fødd på Møllendal i Bergen 31.1.1868, truleg død barn(?)I 1875 finn eg huslyden i 18. rode nr. 119 i Bergen med Iver [Johannessen Aarøie, fødd i Sande sokn i indre Holmedal(!) 1833] som lausarbeidar og Dordei [Dortea fødd Osøren 1822] som handarbeidande.Men kvar vart det so av Iver og Dordei? Eg finn dei ikkje avlidne i Bergen. Flytte dei kan henda attende til OS?Eg vonar at einkvan med lokal kunnskap, t.d. på Os, kan hjelpa meg med svar på i alle fall nokre av desse spørsmåli:* Kva er oppgjeve som namn på brudgomen sin far ved vigsli i Os i 1865?* Kva var fødselsdatoen til Dordei Johannesdotter og kvar i Os kom ho ifrå?* Er det mogeleg å fortelja noko om kvar det vart av dette parfolket i Bergen eller Os eller??Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arne og Rune for avklarande innlegg om denne huslyden. Eg sat i heile ettermiddag på veg attende til ''vinterlandet'' med von om oppklaring av dette problemet, og oppdagar no at eg vart ''lurt'' av FT1865 som oppgav ein heilt annan alder for Iver samt fødestaden ''Steie prestegjeld'' (som eg tolka som Stedje sokn i Sogndal!), og me har gardsnamnet Årøy ogso i Sogndal, ikkje langt frå Kjørnes der ''min'' Iver Johannesson var fødd....Etter dette fell diverre interessa mi for denne Iver med kona Dordei bort. Den Iver Johannesson som eg leiter etter, var fødd i Sogndal 30.5.1838 og flytte til Bergen hausten 1860. Kvar kan so han ha gjort av seg? (NB: Det har i ettertid synt seg at den Iver Johannesson frå Sogndal omskriven under tema #42836 er endå ein annan Iver, fødd i Sogndal 12.2.1836!)Alle gode tips om Iver f. 30.5.1838 vert mottekne med stor takksemd, sjølv om eg fryktar han kan ha utvandra til Amerika og ''gøymt'' seg bort der under namnet Edward Johnson eller noko liknande...(?)Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arne for nye interessante innlegg.Den Iver Johannesson som eg leiter etter, heitte KJØRNES. Han var fødd på plassen Stølen under Kjørnes i Sogndal.Iver Johannesson Øvstedal nemnd i innlegg #8, er neppe frå Sogndal (meir truleg var han frå Vik i Sogn?), og han nemmnd i innlegg #9 er jo alt for ung.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Terje Hatvik

Dordi (Dordei) Johannesdtr. kom frå indre Lekven i Os. Ho var fødd i 1831 i Os som nest yngste dotter av bonde og fiskar Johannes Larsson indre Lekven og Brita Olsdtr. indre Tuen, begge fødde og avlidne i Os; Johannes i 1875 og Brita i 1862. Broren Ola Johannesson overtok farsgarden deira på midten av 1840-talet.Bygdesoga for Os stadfestar elles at ho i 1865 vart gift med Iver Johannesson Årøy frå Fjaler, mao. samsvarande med det Lars alt har funne ut.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.