Gå til innhold
Arkivverket

[#44966] Anna Marie Rasmusdotter frå Klokkargarden i Telemark, f. 1882 - frå Fyresdal?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Frå Amerika vert etterlyst det norske opphavet til denne jenta:* Anna Marie Rasmusdotter, fødd på ''Klokkargarden i Telemark'' 5.7.1882. Foreldri hennar skal ha vore Rasmus Hansson og kona Gunnhild!Frå Amerika vert antyda at Anna Marie kan vera frå Notodden eller Gransherad, men der finn eg ingen som høver; derimot finn eg i FT1900 for Austad i Fyresdal denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~Rasmus Hansson hf g Skræddar, kjøyrar 1854 Nissedal BrbGunhild Knutsdotter hm g 1863 Fyresdal BrbHans Rasmusson s ug 1889 Fyresdal BrbBirgit Rasmusdotter d ug 1887 Fyresdal BrbKnut Rasmusson s ug 1893 Fyresdal BrbAndrea Rasmusdotter d ug 1896 Fyresdal BrbMarie Rasmusdotter d ug 1899.02.22 Fyresdal Brb~~~~~~~~~~~~~~~~Her er det rett nok ikkje noki Anna Marie, men ho KAN jo vera ute på teneste, eller kanskje ho alt var fari til Amerika?FT1930 for Brown Co., MN oppgjev utvandringsår 1904!Er det nokon med lokal kunnskap i Fyresdal eller andre delar av Telemark som dreg kjensel på denne huslyden og som kan fortelja meg:* Nøyaktig fødestad for Anna Marie og det fulle ''norske'' namnet hennar?* Fulle namn på foreldri hennar med yrkestitel, bustad og opphavi deira?* Stadfesting av utvandringsåret hennar?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Carsten for eit kjempeflott innlegg! Ingen tvil om at du har funne rett person!Eg har no ogso funne utvandringi hennar under nammnet Anne Marie Rasmussen over Christiania i 1904, og det syner seg ved vigsli frå 1881 at mori Gunnhild Knutsdotter var fødd på plassen Klokkargarden under Moland prestegard i Fyresdal, medan Rasmus var frå Fjone i Nissedal!Men, mine geografiske kunnskapar i Fyresdal er heller dårlege, og eg lurer no på på om einkvan med lokal kunnskap, eventuelt med hjelp frå ei bygdebok, kan oppklara desse spørsmåli for meg:* Kva var(t) bustaden til Rasmus og Gunnhild? Vart dei buande på Austad, og i so fall under kva gard i Fyresdal høyrer denne staden?* Var Rasmus Hansson alltid skreddar og køyrekar, eller vart han sidan gardbrukar eller husmann?Eg takkar nok ein gong for framifrå opplysningar om denne huslyden so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjetil Sigvart Eidskard

Hei Lars *** vi er to tre stykker som har mye om Fyresdal / Nissedal / Åmli. Har ikkje funne nokon måte å legge oversiktelege utskrifter inn her - send ein mail til meg *** eidskard@frisurf.no *** og spør direkte *** mvh kse ***

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.