Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#45059] Ole Olson Haug (1822) og Unni Pedersdotter (1829) - frå Sogndal til Christiania?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ei skikkeleg juleutfordring:~~~~~~~~~~Ole Olson (Haug), fødd i Hafslo i Sogn 4.6.1821, gifte seg i Hafslo 13.2.1847 med Unni Pedersdotter (Yngsdal), døypt i Hafslo 10.10.1819. Parfolket flytte kring 1851 til Sogndal der dei ei tid var gardbrukarar på Torstad og sidan på Ølmeim før dei vart plassfolk under Haug. Ole levde framleis i 1882, men dødsfallet hans er ukjent. Truleg flytte han med kona Unni til CHRISTIANIA, for der finn me at Unni døydde som enkje 18.9.1899. Fem born voks opp:a. Peder Olson (Haug), fødd i Hafslo 17.3.1847, gifte seg i Sogndal 19.6.1879 med Martha Nilsdotter (Kvåle), fødd i Sogndal 24.5.1850. Peder og Martha budde nokre år som gardbrukarar på Røvhaugen av Kvåle i Sogndal, men flytte derifrå i 1888, kan henda til Christiania?? Minst tre søner er fødde i Sogndal: Nils (1880), Ole (1881) og Ragnvald (1885).b. Ole Olson Haug, fødd i Hafslo 16.5.1849, gifte seg i Sogndal 10.10.1881 med Gunnhild Johnsdotter (Slinde), fødd i Sogndal 11.12.1856. Ole Haug var nokre år handelsmann, og han og Gunnhild budde på Kvåle i Sogndal, men flytte kring 1886 til Eidsvoll og kring 1890 vidare til Christiania der Ole livnærte seg som hotellvert (sjå FT1900 for Tomtegata 9). Eg har før motteke opplysningar om at Ole døydde i januar 1933, medan Gunnhild døydde i juli 1922, men veit ikkje om dei døydde i Christiania eller i AMERIKA? Dei skal ha hatt ti born.c. Unni Olsdotter (Haug) (1857-1939), vart gift første gongen med Ole Skakson (Skjeldestad) frå Sogndal (1844-1921), og dei utvandra i 1881 til Amerika. Dei fekk ti born i lag.d. Anna Olsdotter (Haug), fødd i Sogndal 5.2.1860, ukjend lagnad, kan henda i Christiania?e. Kari Olsdotter Haug, fødd i Sogndal 23.5.1863, utvandra til Amerika i 1883 der lagnaden hennar er ukjend.~~~~~~~~~~Unni Olsdotter og lagnaden hennar er kartlagd, men eg spekulerer på kva som vart lagnadane til dei andre søskeni og likeins faren Ole?Alle gode juletips vert mottekne med stor takksemd!God Jul!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arne for eit spennande innlegg! Eg trur det godt kan vera Nils Pederson, son av Peder Olson [Haug}, du har funne på Eidsvoll, men kvar er so resten av denne huslyden...?Eg vonar framleis på at dei vil ''dukka opp'' einkvan stad...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Her drar en 17 år gammel Ragnvald Pedersen fra Kristiania i 1902. Kan det være en av dine? Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Elin for nytt spennande og avklarande innlegg! Eg er imponert!Eg ser av vigsli til Anna og Anton Gulliksen at ho var busett på Svangerud, same garden som brorsonen Nils Pederson budde på i 1900, so her er det ein tydeleg samanhang!Men kvar er resten av denne huslyden vorten av? Kanskje einkvan med lokal kunnskap på Eidsvoll kan hjelpa vidare...?Elles er eg òg interessert i opplysningar om lagnaden til Anton og Anna Gulliksen...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for nytt spennande innlegg. Dette kan sikkert godt vera ''vår'' Ragnvald som utvandra, men kvar var han i so fall ved FT1900?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.