Gå til innhold
Arkivverket

[#45078] Elen Bergitte Pedersdotter, fødd i Stod 1816/1818 - til Buksnes - kven var ho?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Johannes Thomasson frå Hauge i Hafslo, Sogn, gifte seg i Buksnes 29.11.1838 med:Elen Bergitte Pedersdotter, fødd i Stod, Nord-Trøndelag 1816 eller 1818.Både FT1865 og FT1875 for Reinsjøen i Buksnes syner Elen var fødd i Stod, men er det nokon med lokal kunnskap som kan stadfesta dette? Eg er interessert i:* Nøyaktig fødselsdato eller, om ikkje fødselsdatoen finst, dåpsdato for Elen Bergitte?* Fulle namn på foreldri til Elen Bergitte og bustaden deira (gardsnamn) i Stod? Gjerne ogso yrkestittel til far og opphavi til båe?Eg ser hjå FamilySearch at ei Elen Bergitte Pedersdotter vart døypt i Beitstad 22.10.1816 som dotter av Peder Olson og Elen Arntsdotter, men det er vel ikkje same jenta??Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Magne Bernhardsen

Jeg har notert at Elen Birgitte er født den 22. oktober 1816 Holstadhaugen, Elden (Namdalseid). Du finner henne nevnt hos Børge Jønson (trekilen.com)under den norske databasen ... Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Per Magne for spennande innlegg!Eg har studert opplysningane hjå Börge Jönsson, men er framleis ikkje heilt overtydd om opphavet til Elen Bergitte; Holstadhaugen og Namdalseid er jo tydeleg i BEITSTADEN og ikkje i STOD, som er oppgjeve som fødestad for Elen Bergitte både i 1865 og 1875. Vigsli frå 1838 (eller 1837) er eg ikkje i stand til å finna att...Elles ser det ut til å vera fleire fakta som ikkje heilt stemmer mellom kva Börge har, og kva eg har funne; kanskje du, Per Magne, har vidare kunnskap om denne huslyden? Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt med diverse spørsmål...:~~~~~~~~~~~~~~~~~~Johannes Thomasson [Hauge], døypt i Hafslo 12.12.1802, flytte i 1830-åri til Buksnes i Nordland der han 29.11.1838##### (sjekka vigsli hans? – 29.11.1837?)gifte seg med Elen Bergitte Pedersdotter frå##### (kva gard?)i Stod. Ho var dotter av##### (foreldri hennar?)og f. i Stod##### (fødselsdatoen hennar? – 1865 seier 1818, medan 1875 seier 1816! – kan det vera Elen Bergitte Pedersdotter f. på Holstadhaugen under Holstad i Beitstaden 22.10.1816 av foreldri innerst Peder Olson på Stamsund i Buksnes, opphavleg frå Darås i Beitstaden, og Elen Marie Arntsdotter, som i 1825 flytte til Stamsund i Buksnes!??)1816. Johannes var fiskar, og han og Elen slo seg ned som plassfolk på Reinsjøen under Reine søndre i Buksnes. Johannes miste livet ved drukning på sjøen 31.3.1862, medan Elen d. som husmannsenkje på Reinsjøen 26.2.1886. Dei fekk fem born i lag:a. Jørgen Fredrik Frank Graa Johannessen, f. i Buksnes 9.11.1837, d. på Gravdal i Buksnes 3.9.1909. Han gifte seg første gongen i Buksnes 12.9.1872 med Petrikke Marie Ovesdotter frå Sund i Buksnes, f. i Buksnes 11.1.1847. Ho d. på Gravdal i Buksnes 11.4.1887, og Jørgen gifte seg att##### (dato og stad for andre vigsli hans? – 1890?)med Marie Alberta Marcusdotter Busch frå Skarsjøen i Buksnes og f. i Buksnes 12.11.1855. Ho d.##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)1947. Jørgen Johannessen var første læraren i Buksnes og hadde likeins stillingi som kyrkjesongar. Han og første kona Petrikke budde som innerstfolk hjå foreldri hennar på Sund i Buksnes, medan Jørgen og Marie busette seg på Gravdal i Buksnes. Jørgen fekk i alt ni born, sju frå første ekteskapet og to frå det andre.b. Lovise Marie Mørk Johannessen, f. i Buksnes 23.11.1840,##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)##### (1865: tenestejente på Teråk i Bindal? – 1875: ugift sydame på Reinsjøen! – seinare lagnad?)c. Elisabeth Marie Johannessen, f. i Buksnes 25.5.1843, d. som legdelem på Reinsjøen i Buksnes 3.7.1868, ugift.d. Marcus Johan, kjend som Johan Johannessen, f. i Buksnes 19.4.1845, d. på Reine i Buksnes 6.5.1919. Johan gifte seg første gongen i Buksnes 27.12.1866 med Birgitte Andrea Rasmussen frå Skaftnes i Buksnes, f. i Buksnes 26.11.1846. Men Birgitte d. som husmannskone på Reinsjøen alt 14.3.1874, og Johan gifte seg 1.2.1890 att##### (vigselssstaden hans?)med enkja Petrikke Lenvik Mathiasdotter, opphavleg frå Borgjord i Borge, f. i Borge 25.5.1849. Ho d.##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900!)Johan var fiskar og båtpostførar og tok over som husmann etter foreldri sine på Reinsjøen under Reine søndre i Buksnes der han budde levetidi ut. Johan fekk i alt fem born, tre frå første ekteskapet og to frå det andre; dessutan hadde Petrikke fire born frå første ekteskapet sitt.e. Thrine Bergitte Johansen, f. i Buksnes 22.5.1849, d.##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)Thrine gifte seg i Buksnes 2.1.1874 med Andreas Olsen, f. på Brustad i Ytterøy 24.5.1850. Han d.##### (dato og stad for dødsfallet hans?)##### (yrke og bustad? – 1875: fiskar busette på Reinsjøen under Reine søndre i Buksnes – sidan?)##### (er ho den Trine Thomsdatter som ved FT1900 er gift med fiskar og husmann Edvard Mathiasen, f. Buksnes 1853, busette på Skotnes i Buksnes?)Thrine fekk i alt fire døtrer, to frå ekteskapet med Andreas Olsen og to frå før.~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg vil vera svært takksam for kvar einaste lille detalj som kan føyast til for å fylla ''hòli'' mine!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Magne Bernhardsen

Jeg har bare litt kjennskap til denne familien, men har funnet litt i de tilgjengelige kildene. Derimot har jeg bra oversikt over hennes søster, Karen Jonette som er min ane. I 1865 er ”min” Karen oppgitt født i Buksnes, 41 år gml., mens det rette er Elden, Beitstad. Så ”fødested Stod” på Elen Bergitte behøver ikke være mer riktig! Ser en på fadderne til søstrenes barn, er de ofte fadder sammen med ektefelle hos hverandre. Moren Elen Arntsdatter er fadder hos dem begge flere ganger – riktignok - uten at det beviser noe slektskap!24.10.1849 ble ekstrarett satt på Ballstadøy, for å ’optage forhør over Peter Pedersen, Sund for tjuveri’ – jeg har notert at Peter, under et besøk hos sin søster på Reine (Johannes Hauan) skal ha stjålet en halvannen tønne blank tran… (Peters 77-årige mor, Elen Maria Arntsdatter møtte som vitne). Dommen falt 19.03.1850. (Kanskje har du mulighet å få sjekket opplysningene 24.10.1849 om det står ’søster’, jeg har ikke klart å gjenfinne mine notater fra arkivet i Trondheim, som ble nedskrevet for mange år siden.)Jeg mener det er riktig at Elen Bergitte er datter av Peder Olsen og Elen Marie Arntsdatter i Elden.- - - Johannes Thomasson [Hauge], døypt i Hafslo 12.12.1802, flytte i 1830-åri til Buksnes i Nordland der han 29.11.1837 gifte seg med Elen Bergitte Pedersdotter frå ##### (kva gard?) i Stod. Ho var dotter av ##### (foreldri hennar?) og f. i Stod ##### (fødselsdatoen hennar? – 1865 seier 1818, medan 1875 seier 1816! – kan det vera Elen Bergitte Pedersdotter f. på Holstadhaugen under Holstad i Beitstaden 22.10.1816 av foreldri innerst Peder Olson på Stamsund i Buksnes, opphavleg frå Darås i Beitstaden, og Elen Marie Arntsdotter, som i 1825 flytte til Stamsund i Buksnes!??) 1816. Johannes var fiskar, og han og Elen slo seg ned som plassfolk på Reinsjøen under Reine søndre i Buksnes. Johannes miste livet ved drukning på sjøen 31.3.1862, medan Elen d. som husmannsenkje på Reinsjøen 26.2.1886. Dei fekk fem born i lag:a. Jørgen Fredrik Frank Graa Johannessen, f. i Buksnes 9.11.1837, d. på Gravdal i Buksnes 3.9.1909. Han gifte seg første gongen i Buksnes 12.9.1872 med Petrikke Marie Ovesdotter frå Sund i Buksnes, f. i Buksnes 11.1.1847. Ho d. på Holsmoen i Hol 11.4.1887, og Jørgen gifte seg att den 24.10.1890 i Buksnes Kirke med enken Marie Alberta Marcusdotter Busch frå Skarsjøen i Buksnes og f. i Buksnes 12.11.1855. Ho d. våren 1947 på Gravdal. (Buksnes Bygdebok s. 243)1947. Jørgen Johannessen var første (!?!) læraren i Buksnes og hadde likeins stillingi som kyrkjesongar. Han og første kona Petrikke budde som innerstfolk hjå foreldri hennar på Sund i Buksnes senere i Holsmo i Hol (han virket som lærer i Bergsdal, Hol), medan Jørgen og Marie busette seg på Gravdal i Buksnes. Jørgen fekk i alt ni born, sju frå første ekteskapet og to frå det andre.Jørgen var ikke den første læreren i Buksnes, det var læreransettelse allerede i 1817, iflg Buksnes Bygdebok s. 272. I en rapport fra Prost Daae den 31.07.1873 heter det om Jørgen Johannessen – at han ble seminarist i 1869 og trådte i skolens tjeneste i Buksnes 19. juli samme år, og ble fast ansatt som skolelærer i Buksnes 7. nov. 1870. ”Han har hittil vist seg som en samvittighetsfull skolelærer, men er muligens mindre streng mot barna enn ønskelig.” (BuB s. 279) b. Lovise Marie Mørk Johannessen, f. i Buksnes 23.11.1840, ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) ##### (1865: tenestejente på Teråk i Bindal? – 1875: ugift sydame på Reinsjøen! – seinare lagnad?) – ukjent – se Thrine. c. Elisabeth Marie Johannessen, f. i Buksnes 25.5.1843, d. som legdelem på Reinsjøen i Buksnes 3.7.1868, ugift.d. Marcus Johan, kjend som Johan Johannessen, f. i Buksnes 19.4.1845, d. på Reine i Buksnes 6.5.1919. Johan gifte seg første gongen i Buksnes 27.12.1866 med Birgitte Andrea Rasmussen frå Skaftnes i Hol, f. i Hol 26.11.1846. Men Birgitte d. som husmannskone på Reinsjøen alt 14.3.1874, og Johan gifte seg 1.2.1890 att i Buksnes Kirke med enkja Petrine Lenvik Mathiasdotter, opphavleg frå Borgfjord i Borge, f. i Borge 25.5.1849. Ho d. (det er sannsynligvis henne som er død den 9.7.1924 på Hag Gamlehjem (Hag, Hol) – enke, fattiglem – se skannet kirkebok Hol, Nordland 1911-38 – selv om både fødested og f.dato ikke er riktig)Johan var fiskar og båtpostførar og tok over som husmann etter foreldri sine på Reinsjøen under Reine søndre i Buksnes der han budde levetidi ut. Johan fekk i alt fem born, tre frå første ekteskapet og to frå det andre; dessutan hadde Petrine fire born frå første ekteskapet sitt.e. Thrine Bergitte Johansen, f. i Buksnes 22.5.1849, d. ukjent Thrine gifte seg i Buksnes 2.1.1874 med Andreas Olsen Brustad, f. på Brustad i Ytterøy 24.5.1850. Han d. ukjent.Ekteparet bruker etternavnet Brustad og er ved folketellingen 1900 å finne i Ankenes på gården Oskarsborg, hvor Andreas Brustad nevnes som gråsteinsmurer-mester! Også hans kone Trine Brunstad er å finne på gården, sammen med hennes søster? Lovise Johansen, ugift sypike f. 1852 i Buksnes.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Per Magne for eit spennande og interessant innlegg.Du har greidd å overtyda meg om at Elen Bergitte verkeleg er frå Beitstaden. Elles ser det ut til at me lyt til Ankenes for å få svar på dei fleste av detaljane som framleis manglar...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.