Gå til innhold
Arkivverket

[#45262] Rose (1862)/mor Robertine (1838) Petersen - frå Namsos til Minnesota 1879/1880?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Denne vesle huslyden finst mellom emigrantane frå Namsos (over Trondheim) i 1880:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~21905 5 1880 3 16 3736 1 21.07.1880 21.07.1880 Robertine Peters. Enke k 42 Namsos Chicago Ill Nordtyske via Kristiania og Bremen Bill. bet. i Amerika21906 5 1880 3 17 3737 21.07.1880 21.07.1880 Peter Peters. Søn m 4 Namsos Chicago Ill Nordtyske via Kristiania og Bremen Bill. bet. i Amerika21907 5 1880 3 18 3738 21.07.1880 21.07.1880 Hanna Peters. Datr k 1 Namsos Chicago Ill Nordtyske via Kristiania og Bremen Bill. bet. i Amerika~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Opplysningar frå Amerika går ut på at minst to andre born utvandra før mori:* Rose Petersen, fødd mai 1861, utvandra 1879?* Ida Petersen, fødd april 1871, utvandra 1878?~~~~~~~~~~~~~~~~~~Huslyden busette seg i Cottonwood Co., MN der Rose Petersen gifte seg kring 1882 med Peder Urness frå Hafslo i Sogn. Eg finn ikkje spor etter desse folki i FT1865, og no lurer eg på om nokon med lokal kunnskap i Namsos kan hjelpa meg med:* Nøyaktig fødselsdato (og -stad) for Rose Petersen?* Rose Petersen sitt fulle ''norske'' namn?* Utvandringsåret for Rose Petersen?* Fulle namn på foreldri til Rose (inkl. Robertine) med yrkestitel og opphav for båe?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arne og Åse for spennande og svært interessante innlegg. Det er ingen tvil om at dette er rette huslyden, og av FamilySearch kjem det fram at Nils Pederson og Robertine Christine Christiansdotter Brun gifte seg i Fosnes i Nord-Trøndelag 7.11.1858. Fødestaden til Robertine er ikkje nemnd, men:Nils Pederson var fødd i Storelvdal 28.7.1830. Mon kva gard i Storelvdal han kom ifrå...?Robertine Brun var fødd i Namdalen 17.1.1838, og FamilySearch syner ho var fødd i Fosnes, men på kva gard? Saustad?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jon Arne for eit svært godt og nyttig innlegg!Etter dette synest opphavet til Robertine å vera heilt klarlagt, og det einaste som står att, er føde-/oppvaksstaden til Nils Pederson i Storelvdal...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.