Gå til innhold
Arkivverket

[#45437] Peder Mogensson Fitje, Gloppen, død 1708, kone og etterslekt


Gjest Aase R Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Ut frå skiftet etter Peder Mogensson Fitje i 1708 kan ein stille fleire spørsmål.1.Han hadde hatt to døtre i fyrste ekteskap. Kven var kona hans i dette fyrste ekteskapet?2.Begge døtrene frå fyrste ekteskap var døde. Lisbet hadde vore gift med Jens B.Balchen og etterlet seg tre søner - denne greina er rimeleg godt utgreidd. Den andre dottera, Maren, hadde tydegvis vore gift to gonger, fordi ho etterlet seg 'Susanne og Karen Ludvigsdøtre, Ludvig Joensen, Magrette, Agnette og Synneve Joensdtr'. Kvar og med kven var ho gift?3.I andre ekteskap med Gedske Jakobdtr Vernich etterlet han seg 5 born: Jacob Pedersen, 19, Mons Pedersen, 16, Rasmus Pedersen, 11, Agnette Pedersdtr, 14, og Lisbet Pedersdtr, 8 år.Jakob vart verande på Fitje, og Rasmus budde på Mardal. Kvar vart dei andre tre av?Det kan tenkjast at eg har svaret på eit eller fleire av spørsmåla når eg ser djupt nok etter, men eg stiller dei uansett her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anders J. Moen

Jeg har denne familien registrert: 1 Jens Berntson Balchen b: 1637 in Gloppen, Sogn og Fjordane d: 12.06.1721 in Gloppen, Sogn og Fjordane .. +Christense Sørensdtr. Wittrup b: Abt. 1642 in Gloppen, Sogn og Fjordane d: Bef. 1679 in Gloppen, Sogn og Fjordane *2nd Wife of Jens Berntson Balchen: .. +Elisabeth Pedersdtr. Fitje b: 1660 in Gloppen, Sogn og Fjordane d: 1699 in Gloppen, Sogn og Fjordane 2 Bernt Jensson Balchen b: 1684 in Gloppen, Sogn og Fjordane d: 21.03.1754 in Gloppen, Sogn og Fjordane.. +Anna Rasmusdtr. Kvila b: 26.04.1684 in Gloppen, Sogn og Fjordane d: 1756 in Gloppen, Sogn og Fjordane 2 Agnete Jensdtr. Balchen b: 1688 in Gloppen, Sogn og Fjordane 2 Moritz Jensson Balchen b: 1688 in Gloppen, Sogn og Fjordane 2 Christence Jensdtr. Balchen b: 1697 in Gloppen, Sogn og Fjordane 2 Absalon Jensson Balchen b: 1699 in Gloppen, Sogn og Fjordane Første kona het Agnete. Først blir farfaren Bernt oppkalt, deretter kommer navnet Moritz - kan det være at det er morfaren og har noe med Moritz Jensson på Rygg å gjøre?Han var vel føøvrig gift med Margrethe Jensdtr. datter av Jens Christenson Lesemester og Elisabeth Pedersdtr. Krag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eg har også som teori at fyrste kona heitte Agnete pga oppkallinga, men det er vel ikkje nok - har du andre opplysningar som peikar i same retning?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eg har funne Maren Pederdtr frå fyrste ekteskap. Under bruk nr 2 'Wiesegarden' på Osnes i Eid står- Ludvig Lemmechen, død 1686, br.1785, gm. Maren Pederdtr, død 1702.- Jon Anfinnson, br.1687, gm enkja etter L. Lemmechen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Flott Aase , der kom den informasjonen på plass. Da vet vi hvem Maren var gift med, og vi vet vilke barn hun hadde i de to ekteskapene.Det står vel ingenting i bygdeboken under Fitje, hvem Peder var gift med første gang? Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Rune (6) - Bygdeboka skriv (Agnete), det vil seie at opplysninga ikkje er sikker. Vidare står der at ho er død 73 år gammal i 1741, men det må no vere heilt bort i veggene.Kjell (5) - takk for det tipset, der var mykje interessant, men neimen ikkje lett å holde trådane!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Peder Mogensen giftet seg med Giedske Jacobsdtr. Varnes 08.12.1689. Dermed må hans første hustre være død, senest samme år.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Jeg tror vi kan være ganske sikre på at Peders første hustru het Agnethe. og begrunnelsen for den tanken er følgende.Peder Mogensen døper selv en datter Agnethe i 1694 med sin hustru nr.2.Lisbeth Pedersdtr. døper en datter med samme navn i 1688.Maren Pedersdtr. døper en datter med samme navn i 1689.Spørsmålet blir da hvem denne Agnethe som døde i 1688/89 var og hvor hun kom fra. Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

(8)- Varnes trur eg er avskriftsfeil. Bygdeboka har Vernich, og eg tippar det står noko i den retning i kyrkjeboka og.(9) - eg kjøper absolutt denne argumentasjonen, men har gjennom åra lært meg at 'ganske sikker' og 'heilt sikker' ikkje er det same. Men eg vil bli forundra om vi kjem fram til noko anna.I 1642 er borgar Simon Jakobson brukar på Fitje ytre (1 pd 21 mk). Kona hans heitte Agnete og brukte det same i 1656, alt dette i følgje bygdeboka. Lisbet er fødd rundt 1660, så denne Agnete kan tenkjast å vere fyrste kona til Peder. Men kven ho var, veit vi framleis ikkje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Hei igjen Aase.Jeg regner med at når Simom/en ble borger, da ble han registrert i borgerrullene i Bergen. Men dessverre ser det ikke ut til at man den gang var særlig opptatt av å skrive hvor borgerne kom fra, noe de jo gjorde senere. Jeg kan imidlertid ikke se Simon i koppskatten av 1645, og heller ikke hans eventuelle enke Agnethe. Mvh. Rune T.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Veit vi forresten noko meir om bakgrunnen til Peder Mogensson? Han er truleg fødd rundt 1630 og delvis samtidig med Kjell Mogensson på Rygg (f.ca 1604) utan at det treng vere nokon samanheng der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Om man ser på koppskatten i 1645, er der bare fire personer (voksne) med fornavn Mogens/Mons.Det er på gården Ytre Arnestad med hustru Eli, på gården Havland m/Loffseid-Diubsteen med hustru Marite, på gårsden Andenes med hustru Giertrud og til slutt på gården Ytre Houge med hustru Barbara. Om du har tilgang på bygdebøkene kan du jo sjekke om noen av disse har en sønn Peder.I 1665 er der en Peder på Ytre Fittie, men det står ikke noe om alder eller etternavn. Mvh. Rune T.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anders J. Moen

Sogneprest til Innvik 1641 og prost i Nordfjord Peder Gebleson Krag død 1646 har en datter Agnete Pedersdtr. Krag gift med Sogneprest til Innvik 1650-1680 Absalon Jørgenson Beyer. Han har i sitt andre ekteskap med Cathrine Hansdtr. Schreuder også en datter Agnethe født rundt 1660.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Lisbet Pederdtr må vere fødd rundt 1660-5 etter alder ved død, og bør då ha ei mor som er fødd ca 1615-1650.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eg beklagar viss eg har uttrykt meg slik at det kunne skape forventningar - eg hadde rett og slett ikkje oversikt over alle papira mine der eg sat og skreiv innlegget. M.a. disponerer eg ei gammal bygdebok der ein grandonkel har notert mange tilleggsopplysningar, og denne hadde eg ikkje for hand då. Men dessverre - der står ikkje noko meir der heller, så eg er like blank.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.