Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#45472] Halvor Olson (1842) frå Grunnevig, Moland (Fyresdal) til Amerika i 1869?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Følgjande huslyd budde i 1865 på plassen Grunnevig under Molands prestegard i Fyresdal:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Ole Olsen g Husmand med Jord 1829 Molands Prgj.Birgit Knudsdatter hans Kone g 1838 Molands Prgj.Sigri Olsdatter deres Datter ug 1861 Molands Prgj.Knud Olsen deres Søn ug 1864 Molands Prgj.Signe Olsdatter ug Fattiglem 1850 Molands Prgj.Tarje Olsen Logerende ug Dagarbeider 1833 Molands Prgj.Halvor Olsen Logerende ug Dagarbeider 1841 Molands Prgj.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Hjå FamilySearch finn eg att denne Halvor:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Halvor OLSENBirth: 31 Dec 1841 Place:Christening: 13 Feb 1842 Place: Fyrisdal, Telemark, NorwayFather: Ole HALVORSENMother: Sigrid BJORNSDR~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Er det nokon med lokal kunnskap i Moland/Fyresdal som kan gje meg svar på nokre av desse spørsmåli:* Var denne plassen Grunnevig under Molands prestegard i Moland (Fyresdal) barndomsheimen til Ole, Halvor og Tarje, som eg går ut ifrå var brør? (Eg er interessert i Halvor!)* Frå kva gardar/plassar i Fyresdal hadde Ole Halvorson og Siri Bjørnsdotter opphavi deira?* Frå Amerika får eg opplyst at Halvor Olson utvandra i 1869. Kan utvandringsåret stadfestast?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Her er dåpen til Halvor 13.02.1842 hentet fra de skannede kirkebøkene. Se post 4.LenkeMvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Her er konfirmasjonen 10.07.1859. Se post nr.23.Lenke Mvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Og når det gjelder utflyttingen kan det være denne , post 30 på høyre side av bildet. Jeg finner imidlertid flere med samme navn som drar derfra i 1869, men der stemmer ikke alderen. Lenke Mvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for fleire spennande innlegg!Eg har studert opplysningane som du kjem med, og eg er nokså sikker på at emigranten frå 1869 er ''vår'' mann. Dette byggjer eg på at broren Tarje utvandra i lag med han, og at foreldri heitte Svalestuen då Halvor vart døypt. Omsberg var jo ein plass under Svalestuen...Her er nok broren Halvor Olson (senior) og foreldri på Omsberg, Svalestuen søndre i 1865:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Halvor Ols. g Gaardbruger og Skomager 1832 Molands Prgj.Anne Halvorsdatter hans Kone g 1839 Molands Prgj.Ole Halvorsen deres Søn ug 1861 Molands Prgj.Halvor Halvorsen deres Søn ug 1864 Molands Prgj.Ole Halvorsen g Gaardbruger og Selveier 1800 Molands Prgj.Sigri Olsdatter hans Kone g 1803 Molands Prgj.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Her dukker det opp eit nytt problem; faren Ole Halvorson er nok han me i 1801 finn som husmannsson frå Menstad under Svalestuen søndre, men:* Kven var mori Si(g)ri? Heitte ho Olsdotter eller Østensdotter? Og kva plass/gard var ho ifrå?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Ved dåpen til Halvor i 1842 står moren oppført med Bjørnsdtr. som etternavn om ikke øynene mine er helt ute av fokus. Og i forbindelse med utvandringen drar jo også en Thone Olsdtr. Omsberg samtidig som Torje og Halvor. Mvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Her er konfirmasjonen til broren Tarje Olsen. Også her er moren oppført som Sigrid Bjørnsdatr.Se post 7.Lenke Mvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Om du ser på den første lenken i innlegg nr. 7, vil du se at kona heter Anne Tarjedtr. Det ville vel ikke være så underlig om man kalte en sønn opp etter morfaren. Mvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for fleire nye spennande innlegg.Eg er samd med deg, Rune, i at den Bjørn Sigurdson og Anna Tarjesdotter på Pladsen under Brevig frå 1801 godt kan vera foreldri til Sigrid Bjørnsdotter, ogso når me ser at mor hans heitte Sigrid...Me får vona at einkvan med lokal kunnskap vil melda seg og klara opp i dette problemet...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon K.Valebjørg

Hei. Eg trur at her har det skjedd ei samanblanding. Tarjei 1833- og Halvor 1841 er ikkje søner til Ole Olsen 1829- men brørne hans. Foreldre er Olav Halvorson Brokke 1799-74 og Sigrid Bjørnsdtr. Breiviksplassen 1802-1868.Born: 1 Olav Olsen Grunnvik 1829-1898 d i Fyresdal, gm Birgit Knutsdtr. Klokkargarden 1838-75 d i F 2 Halvor Olsen Åmsberg 1832-, gm Anne Halv.dtr. øvre Grunnvik 1839- utv. 1869 m. fam. 3 Tarjei Olsen Åmsberg 1835- utv. 1869 4 Tone Olavsdtr. Åmsberg 1839- utv. 1869 5 Halvor Olsen Åmsberg 1841- utv. 1841Eg vonar dette kan gjere sak litt mindre innfløkt.Grunnvik var plass under Moland prestegard. Åmsberg låg under søndre Svolestog. Breiviksplassen var plass under nordre Breivik. Olav Halv. er nemnd Brokke men budde på eit halvt dusin andre stader også.Med helsing Jon

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jon for ''oppklarande'' innlegg som samstundes stadfester opphavet til Sigrid Bjørnsdotter. Problemet er soleis heilt løyst.Halvor Olson d.y. (1841-1909) gifte seg i Minnesota med ei jente frå Hafslo i Sogn og fekk åtte born med ho.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.