Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#45517] Herman Nicolaison Jæger, f. 1825, Finnås (Bømlo) - og kona Anna - kven var dei?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

FT1865 for Alsvaag i Finnås (Bømlo) syner denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Herman N. Jægersen Husfader g Husmand med Jord og Grube-Arbeider 1825 Finaas PræstegjeldAnna Eriksdatter hans Kone g 1827 Finaas PræstegjeldJacob M. Hermansen deres Søn ug 1858 Finaas PræstegjeldNicolai J. Hermansen deres Søn ug 1860 Finaas PræstegjeldErik Z Hermansen deres Søn ug 1865 Finaas PræstegjeldMariane Hermansdatter deres Datter ug 1853 Finaas Præstegjeld~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Dotteri Mariane gifte seg med ein kar frå Hafslo i Sogn og utvandra til Amerika der mannen stod bak eitt av dei monumentale byggverki i Yellowstone National Park.Er det nokon med lokal kunnskap i Finnås som kan hjelpa meg med svar på to spørsmål:* Frå kva gard/plass i Finnås hadde Herman Jæger opphavet sitt?* Frå kva gard/plass i Finnås hadde Anna Eriksdotter opphavet sitt?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Hermann Jæger var f. på Anglevik i Moster i 1827 og sønn av Nicolay Castberg Jæger f. 1784 i Bergen. Mora var Guro Olsdtr. Grindheim nedre i Mosterf.1783. Anna Eriksdtr.f.1827 på Alvsvåg i Bremnes datter av Erik Olson Alvsvåg f.1783 og Anna Johannesdtr. Nesse nedre f.1785. Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Frå Bømlo Bygdebok 2 'Alvsvåg' s. 105 nr. 116:'Hermann Nikolaison Jæger, Anglevik (Moster) f. 1827 d. 1926 gm. 1) Anna Eriksdatter Alvsvåg f. 1827 d.1899.Born: a)Gurianne Henrikke f. og d. 1850. b) Gurianne f. og d. 1852 c) Marianne f. 1853 g.Lindøyno. reiste seinare til Amreika d)Jakob Martines f. 1858 g. Alvsvåg e) Nicolai Jæger f. 1860. reiste til Amreika f) Erik Sakkarias f. 1865. Reiste til Amerika. Hermann vart oppattgift med Elisabet Nilsdtr., enkja etter Erik E. Alvsvåg d. 1913. Dei hadde ikkje born.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Frå Bømlo Bygdebok 2 'Alvsvåg' s. 105 nr. 116:'Hermann Nikolaison Jæger, Anglevik (Moster) f. 1827 d. 1926 gm. 1) Anna Eriksdatter Alvsvåg f. 1827 d.1899.Born: a)Gurianne Henrikke f. og d. 1850. b) Gurianne f. og d. 1852 c) Marianne f. 1853 g.Lindøyno. reiste seinare til Amreika d)Jakob Martines f. 1858 g. Alvsvåg e) Nicolai Jæger f. 1860. reiste til Amreika f) Erik Sakkarias f. 1865. Reiste til Amerika. Hermann vart oppattgift med Elisabet Nilsdtr., enkja etter Erik E. Alvsvåg d. 1913. Dei hadde ikkje born.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Johan Arthur og Helga for gode og interessante innlegg. Båe spørsmåli mine har fått perfekte svar på rekordtid!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Frode Johansen

Står det noe om Mette Magrethe Jæger f. 1812 i Bygdeboken ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Om det er bygdeboki for Luster du refererer til, so har eg diverre ingen opplysningar om Mette Margrethe Jæger fødd 1812. Var ho søster av Hermann? Eg vil tru Johan Arthur kanskje sit med fleire opplysningar her...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Frode Johansen

Hei Lars ! Nei jeg tenkte på Bømlo Bygdebok som Helga Kallevik refererte til.kanskje noen på forumet har den og ser dette.Vennlig hilsenJan Frode Johansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Her er det som stâr i B-IV: Nicolay Castberg Jæger, f. 1784 i Bergen, d. 1832. G.m. Guro Olsdtr. Grindheim, nedre (nr. 28), f. 1783. Ho flytte truleg til eit av borna etter at Nicolay døydde. Born: a. Mette Margrete, f. 1811, g.m. Pederj. Økland, Sveio. b. Cecilie Kristine, f. 1814, g.m. Knut Filippusson Økland, Sveio. c. Ole Johannes, f. 1816, g. Anglevik (nr. 9). d. Ahasverus, f. 1818, d. liten. e. Ahasverus, f. 1819,192 g. Anglevik (nr. 10). f. Ragnhild, f. 1823, g.m. Gunnar Tarjesson Kåsa, Nissedal. Ho hadde ei dotter, Kristine, f. 1848, med Kristoffer H. Haugsgjerd, Sveio. g. Hermann, f. 1826, g. Alvsvåg (nr. 116). h. Nicoline, f. 1828, g.m. Filippusj. Meling, Sønstabø (nr. 76). i. Elen Gurine, f. 1831. Nicolay budde først på Teigland og Grindheim, nedre, før han bygsla bruket i Onglavikjo i 1826. Han var brukar til han døydde. Ekkja var brukar til 1840. Nicolay var signalist og flytte til Onglavikjo for å vera nærare Siggjo og signalstasjonen. Nicolay sat i heller trange kår i Onglavikjo, og verre vart det då han fall frå og ekkja sat att med ein stor barneflokk. Buet etter han ereidde ikkje svara all gjelda. På bruket stod glassstove, løe med flor, smalehus og helvta i ein liten skut.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.