Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#45567] Peder Olson Bøtun (1779) og Ingeborg Rasmusdt (1789) - til Bergen og so?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Peder Olson Bøtun, fødd i Leikanger 1779, og kona Ingeborg Rasmusdotter, fødd i Sogndal 1789, var plassfolk på Stegen under Bøtun, Leikanger fram til kring 1820 då dei flytte til Sogndalsfjøra i Sogndal og derifrå vidare til Sandviken i Bergen. Borni i huslyden var:* Ole Pederson, f. Leikanger 1808* Ingeborg Pedersdotter, f. Leikanger 1811* Kari Pedersdotter, f. Leikanger 1814* Gjøri Pedersdotter, f. Leikanger 1817* Rasmus Pederson, f. Leikanger 1819* Martha Pedersdotter, f. Sogndal 1822* Peder Christian Pederson, f. Bergen 1826* Anna Petrikke Pedersdotter, f. Bergen 1828Ein ''dimitteret soldat'' Peder Olson Bøthun, 59 år, døydde i Bergen 7.11.1834. Adressen i Sandviken i Bergen høver bra med dei to siste barnefødslene, so det er nok han.MEN, kvar vart det av kona og borni i denne huslyden? Eg finn ikkje dødsfallet til nokon Ingeborg so høver... Eller er det augi mine...?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har søkt litt meir etter Ingeborg og har oppdaga at ho gifte seg att i Bergen 9.10.1842 med enkjemannen Michael Iverson, fødd i Hamre kring 1793. Og i 1865 budde Michael og Ingeborg som leigebuarar på Jægersminde i Sandviken, Bergen! Michael døydde på Jægersminde 2.5.1866, og på ny ser Ingeborg ut til å ''forsvinna''...Då var ho ei enkje på 77 år...!Kvar kan ho ha vorti av til sist?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Kan det vera ho som døyr 10. mai same år som Michael? Altså berre 8 dagar etter... Lenke Ingeborg Rasmusd. Jægersminde, 77 år, ser lovande ut?Marianne Bakketun

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Marianne for interessant innlegg. Jau, dette må vera ho...; eg har nok oversett dette dødsfallet!Soleis er problemet heilt løyst!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.