Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lena Eriksson

[#45640] Anne Marie Gudbrandtsdatter/Korsgård/Brandt

Recommended Posts

Gjest Lena Eriksson

Vem var denna kvinna? Gift med Gudbrand Karlsen född 1823. Av norska resandesläkten Rosenberg. Hon var född ca 1820 och ev fick de ett barn tillsammans.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest arnvid lillehammer

Hei Lena! Eg har ikkje funne Anne Marie døypt, men ho må vera født ca 1823-24. Ho var dotter til Guldbrand Olsen Korsgaard og Marta Henriksdatter og dermed heilsyster til Henrik Guldbrandsen Brandt og brørne hans, men halvsøster til Fredrikke Fredriksdatter. Ho var først i lag med Guldbrand Karlsen, som du er inne på, og hadde med henne dottera Anne Katarine Guldbrandsdatter som var født ca 1846-47. Seinare kom ho i lag med Andreas Edvard Nilsen, son til Nils Nilsen Landmark og Marta Nikoline Nilsdatter (dotter til Grisilla og Nils Opdaling) og fekk sonen Nils Guldbrand Andreasen med han ca 1859.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lena Eriksson

Hej Arnvid! Tack för svar. Såg du att jag skrivit på Anbytarforum om bla Henrik? Vilka var hans bröder? Jag funderar på om fadern, Guldbrand Olsen Korsgård kan ha haft ett förhållande med Anna Katarina Bärn som blev mor till Karl Fredrik Bärn som föddes 1801 i Hög i Hälsingland. Far till Karl Fredik var just en Gullbrand Olsen (Olsson) Korsgård, kanske samma som dog i Vänersborg 1823. Karl Fredrik kallade sig senare Rosenqvist och gifte sig med Brita Kristina Friman, dotter till Nils Friman och Ulrika Olofsdotter Faltin. Har DU någon fundering om detta? Friman finns ju i Norge också, Karl August var väl en av dom, han som levde en tid med Anne Maries svägerska Maria Magdalena som ska vara född också hon, i Hälsingland.Såg att du bestämt skriver om någon norsk resandesläkt igen, är det nå´t man kan få ta del av?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest arnvid lillehammer

Hei igjen Lena! Ja, Guldbrand Olsen Korsgård hadde eit forhold til Anna Katarina Bärn på den tida Karl Fredrik vart født. Her er det eg i farten har funne fram om han. Guldbrand Olsen var son til ein mann som han ved eit forhøyr i 1812 kalla Ole Halling. Dette året kalla difor Guldbrand seg også Guldbrand Halling etter far sin. Elles sa han at han også kalla seg Guldbrand Lang etter morfar sin. Skal vi tru Guldbrand sjølv, heitte mor hans Katarine Guldbrandsdatter, så han var altså oppkalla etter morfaren. Guldbrand Olsen må etter aldersoppgåva i 1812 vera født ikring 1776. Aldersoppgåvene i reisepassa hans varierer noko, men dette er vel det næraste eg kjem, sidan eg ikkje har funne han døypt ennå. Faren Ole skal ha vore soldat ved det nordafjellske infanteriregiment, så Guldbrand skal ha vore født i Norge. Men skal ha desertert til Sverige, og mora og han sjølv fylgd etter då han var 4 år. Faren skal då ha teke teneste ved 'Stockholms-garbisonen'. Etter det han sjølv sa, døydde mora og faren frå han då han var berre 6 år gamal. Seinare betla han seg fram til han var 14 år, då han kom i teneste hos ein kursmed som truleg bar namnet Hedenberg. Han var hos denne Hedenberg i 4-5 år og lærte kursmedprofesjonen. Seinare reiste han rundt som kursmed og livberga seg med det. Men han må også ha stått som militær, for då han i 1800 var innom Falun og tok pass, vart han nemnt korporalen ved 'Gotsca Garde'. Han reiste då helst i Sverige, og var m a innom Örebro i 1804. I 1812 fortalde han at han for 10 år sidan, altså ca 1802, var innom Rådstova (truleg i Kristiania) fordi det 'fruentimmer' som då fylgde han, var skulda for tjuveri. Dette 'fruentimmeret' vart nemnt 'Cathrine Bern', så det høver godt med den tida Karl Fredrik Guldbrandsen kom til verda. At ho berre er nemnt med eitt førenamn, treng ikkje bety at ho ikkje er den same som Anna Katarina Bärn. Det er ikkje alltid at begge namna til ein person med to førenamn er nemnde. Anna Katarina Bärn og Guldbrand Korsgård, som han seinare kalla seg, må ha skilt lag, for seinare slo Anna Katarina seg i lag med Olaus Petterson som skreiv seg Rosenkvist. Det forklarer kvifor Karl Fredrik Guldbrandsen skreiv seg Rosenkvist. Han reiste saman med mora og stefaren og tok difor stefaren sitt namn. Olaus og Anna Katarina reiste også både i Sverige og Norge. Guldbrand Korsgård slo seg då i lag med Marta Henriksdatter, f 1789, dotter til Henrik Danielsen og Anniken Børresdatter. (Marta hadde tidlegare hatt eit kort forhold til Nils Andersen Meldal). Med Marta fekk Guldbrand tre born: a). Henrik Brandt Guldbrandsen f 1815, d ca 1859-60, som fekk søskenbarnet sitt, Pernille Jakobsdatter, dotter til Jakob Børresen og Berit Nikolaidatter (sjå artikkelen min om Grisilla og Jakob og Berit). b). Anders Brandt Guldbrandsen, f og d i 1821. Og endeleg c). Guldbrand Brandt Guldbrandsen, f 1822 som alt kan ha vore død då han i 1843 fekk dottera Marta Marie Malene Guldbrandsdatter med ei kvinne som vart skriven Marta Marie Hammer (ved dåpen i 1843 stod Daniel Henriksen, morbror til far til barnet, fadder). Og endeleg fekk Guldbrand og Marta dottera d). Anna Maria Guldbrandsdatter ca 1823-24, ho som først var saman med Guldbrand Karlsen, og så med Andreas Edvard Nilsen. Desse fire borna til Marta Henriksdatter hadde ei halvsøster Fredrikke som nokre år reiste saman med halvbroren Guldbrand Brandt og då vart skriven Fredrikke Guldbrandsdatter. Men eigentleg var ho ei Fredrikke Fredriksdatter, for Marta hadde fått denne dottera i 1829 (då var jo Guldbrand død) med verbror (svogeren) sin Fredrik Karlsen (som reiste med søster hennar, Katarine Henriksdatter). Fredrikke vart kona til Alexander Pedersen, son til Per hesteskjerar og Kari med kjeften. I von om at dette er til noko avklaring. Arnvid L.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Nina Berg

Uten å ha sett i de orginale kirkebøkene.Men fra FS.(Kan være henne):Anne Marie dpt.27/6 1824 Faaberg,Oppland. Foreldre,Gulbrand Olsen og Marte Henriksdtr.De ble gift 10/11 1815 Lesja Oppland. Da som Gulbrand Nilsen.Som han også brukte.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest arnvid lillehammer

Hei Nina! Ja det stemmer nok det. Der fødestaden til Anne Marie er nemnt spesielt i reisepassa hennar - ikkje berre reint ålment Gudbrandsdalen - oppgir ho at ho er født i Fåberg. Guldbrand skreiv seg, som du seier, til tider Nilsen, av ein eller annan grunn, mellom anna også då sonen Henrik Brandt vart døypt i Lesja i 1815. Men elles er han så godt som konsekvent i passa skriven Olsen, og han oppgav Ole som far sin i 1812. Kvifor han kalla seg Nilsen ved nokre høve, torer eg per i dag ikkje ha noka formeining om. Mest nærliggande ville det vera at han tok det namnet dersom mora - etter Ole - fekk seg ny mann med namn Nils, men eg har ikkje funne noko som helst som kan tyda på det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest J. Aalen

Ved hennes konfirmasjon 23 Sept 1854 i Kristiansand under hennes opphold på tukthuset, står det innført i kirkeboka 19 Juni 1824 som fødselsdato og døpt 27 Juni samme år, fødested er Faaberg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Nina Berg

Arnvid nevnte Korsgaard og Lang,Kom da på søskenparet?Vibekka Marie Lange og hestedoktor Karl Fredriksen Lange.Begge gift og bosatt i Ibestad Troms.Vibekka Marie ble gift med Peter Fredrik Frimann Johansen Korsgaard 13/5 1864 Ibestad.Men hun oppgir Manger som fødested.Karl Fredriksen Lange ble gift 1. gang 9/11 1857 Ibestad Troms med Maren Maria Johansdtr.Han nevner seg født ca. 1822 Helleland,eller Slettebø.Fant en Karl Fredriksen f.19/12 dpt.28/12 1823 Helleland Rogaland.Med foreldre Fredrik Andersen og Maren Larsdtr.Men ikke Lange da.Vet ikke hvem disse er.Carl og Maren Maria fikk et barn med et inntressant navn på Skjervø.Lars Blomst Berg Lind f.30/8 dpt.19/9 1852.Er det Blomsterberg?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest arnvid .lillehammer

Hei igjen, Nina! Det er vel grunn til å tru at Karl Lange i Ibestad i 1865 er den same som den Karl Fredriksen som vart døypt i Helleland i 1823, med Fredrik Andersen og Maren Larsdatter som foreldre. Eg har eit forslag til kven dette kan vera: I 1801 var ein ung mann på 20 år i Bergen snekkerlærling heime hos foreldra sine. Han heitte Adolf Fredrik Lange og altså født ca 1781. Ein Adolf Fredrik Lange har eg registrert eit pass på i 1840, f i Bergen og 61 år, dvs f ca 1779, og som difor bør vera same mannen. I samband med passet er det sagt at han reiste med ei konkubine som bar namnet Anne Marie Lind, 45 år gamal (dvs f ca 1795) og født i Sverige. Ho skal ha hatt fleire born som då var på Hitra. Far til Adolf Fredrik heitte etter teljinga i 1801 Andreas Lange, var urmakar, og var då 62 år gamal. Kona hans, som skal ha vore den tredje, etter det teljinga på nettet fortel, hadde det karakteristiske namnet Vibekke Marie Godske (56 år då), det same som du fortel var namnet på Karl Fredriksen Lange si søster. Dette kan vel knapt vera tilfelding. At Karl i 1823 er skriven Andersen, kan godt vera ei bevisst eller ubevisst feilskriving for Andreasen. At Anne Marie Lind kalla seg Maren, kan også godt tenkast. Ho blir i så fall ei Anne Marie Larsdatter Lind. Noko bindande prov for at det var slik, har eg ikkje, men det skulle forundra meg mykje om det ikkje er rett. Du får leita vidare og sjå om du finn meir som kan stø opp under det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lena Eriksson

Mycket spännande läsning här. Om vi går tillbaks till Korsgård och Bärn, stämmer det då också att Karl Fredrik Bärn/Rosenqvist levde med Anna Katarina Karlsdotter/Rosenberg född ca 1799? Och son Gudbrand Karlsen född 1823 samt dotter Maria Magdalena född ca 1825 (i Hälsingland?). Han kom till Naverstad (O) 1834 från okänd ort och gifte sig ca 1835 med Brita Kristina Friman. Han var då ca 34 år och kan ju gott och väl hunnit med att leva och få barn med Anna Katarina. Vad gäller Henrik Brandt så så säger han i förhör 1849 11/6 vid Lits hr (Z) att Pernille dog 1846 i Saltdalen. I senare förhör, så säger han att han blev knivsmed 1855, reste samma år med binderskan Kari Andersdotter som var född i Qvikne 1823. 1858 5/6 blev han dömd av Sundsvalls rr till 3 månaders straffarbete å Långholmen i Stockholm. 'Bruk av lifsfarligt vapen'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Nina Berg

Arnvid. Ja det er rett mann og kvinne.I barnas giftemål Ibestad,står Adolf Fredrik Lange som far for begge.Ser ut som vi har en fastboende borgersønn fra Bergen her.Gift med ei reisende jente fra Sverige.Anne Marie Larsdtr. Lind.Oppgir i telling 1865 hos sønnen Karl Lange,at hun er enke og født 1778 Sverige.Vet du Lena hvem Lind det kan være i Sverige?Lena skriver at sønn av Gulbrand Korsgaard? senere ble ilag med ei Frimann Brita Kristine i Sverige.Far til Peter Fredrik het Johan Korsgaard og var også gift med ei Frimann-jente fra Sverige.(Tilfeldig?)Og Arnvid.Adolf og Maria fikk også ei datter Laurentse Marie f.7/10 dpt.15/10 1826 Manger.Foreldre:Adolf Fredrik Andreassen og Anne Marie Larsdtr.Vibeke Maria Lange f.2/10 dpt.7/10 1829 Manger. For:.Snekkermester Adolf Lange og Maria Lind.Far til Adolph Fredrik var egentlig mesterskredder.Var gift 1.gang med Anna Henrika Hermansdtr. 1767. 2.gng.Anna Witter.1776.3.gng.Wibeche Maria Gotsche 1778.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest arnvid lillehammer

Til Lena: Ja, det ser ut til at Karl Fredrik Guldbrandsen Bärn/Rosenkvist først reiste nokre år med Anna Katarina Karlsdatter, dotter til Karl Johansen Rosenberg og Magdalena Børresdatter, og at dei fekk to born i lag. Guldbrand Karlsen må vera det barnet som er døypt i Lesja i 1823 (alderen i reisepassa stemmer, og der er det sagt at han var født nettopp i Lesja). Men det er noko uklart med omsyn til foreldra. Faren er berre kalla Karl Guldbrandsen, utan at det treng å bety så mykje; han sa seg å vera frå Aurlund i Land. Mora er drimot sagt å vera eit omreisande kvinnemenneske frå Fron og dotter av ein kursmed ved namn Karl. Problem er berre at her er ho skriven Marie Karlsdatter. Har ho brukt søstera sitt namn? Eller er det verkeleg Marie (kona til Johan Wilhelm Palm) sjølv som er mora, og at søstera Anna Katarina seinare har tatt seg av denne sonen? Eg veit ikkje, men held det likevel helst for mest sannsynleg at Anna Katarina har gitt seg eit anna namn, og at ho verkeleg er mor til guten. Han er nemleg i nokre reisepass som Anna Katarina tok seinare, ført som son hennar. Den dottera dei fekk, Maria Magdalena Karsdatter f ca 1824-25 vart seinare kona til Knut Kristiansen. I eit pass til Karl Fredrik Bärn frå 1822 er Anna Katarina Karlsdatter kalla kjærasten hans, og i eit pass frå 1824 er Katarina Karlsdatter kalla 'hans hustru', så forholdet skulle vera sikkert.Like etter at Maria Magdalena vart født, må Karl Fredrik og Anna Katarina ha skilt lag, for året etter var ho komen saman med Lars Bertelsen, som ho fekk 7 born med (Marie ca 1826, Anna ca 1828, Nikoline 1831, Bertel 1833 d 1833, Bertel 1837, Johanna 1838 d 1841 og Lars 1840 d 1841). Detter passar godt med at Karl Fredrik frå seinast i 1834-35 er å finna i Sverige. Når det gjeld Frimann-namnet, tar Stine (Anna Kristina) Jakobsdatter, første kona til Johan Fredrik Korsgaard, dette namnet offisielt i bruk heller seint. Eg veit ikkje om foreldra hennar, Jakob Gundersen og Katarina Andersdatter brukte dette namnet eller namnet Lind, som Stina også kalla seg til tider.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lena Eriksson

Tack för era svar. Nina, jag vet inte vem Anne Marie Lind var. Johannes Korsgård var väl född ca 1795 och son till Kristian Norman (också Korsgård) och Kristina Tobin (Adam Heymowskis anteckningar). Brodern Fredrik kallade sig Vik. Och Johannes hade sonen Karl Gustav (senare Karl August) Friman. Alltså tog han sin mors efternamn. Och Blomst Berg Lind, det har jag sett förut, minns inte var, i ett pass tror jag, det blev ändrat till just Blomsterberg. Ska kolla.Arnvid, jag såg efterlysningen i Anbytarforum. Men jag fortsätter här ändå. Ska det läggas upp en ny rubrik?Korgbindare Abraham Hultin har pass till Östersund 1847, Han reser med hustru (inget namn) och dotter Helena. Sen har vi tunnbindaren Peter Abrahamsson-Hultin som är 25 år 1849, har pass för sig och hustru Anna Lovisa Ahlqvist och hemorten ska vara Talvik. Är detta en son måntro?Så till ett fynd ur Tanums kyrkobok (ligger ju också i Gbg och Bohus län där en del Korsgårdar hade sina rötter) Abrahams andra hustru hette ju Lovise Hansdotter. Hon hade tidigare levt med Valentin Olsson-Blomsterberg, hans andra äktenskap. Valentin gifter sig 1764 6/11 i Tanum (O) med änkan Helena Karlsdotter. Han kallas 'dragon vid nedre Sem' i kyrkboken. 1765 19/11 föds dottern Maria Katarina och föräldrarna bor fortfarande i nedre Sem och far är dragon. Men, Helena kan knappast vara mor till Andreas född ca 1791 och senare gift med Gjertrud Jakobsdotter, hon var ju redan änka 1765 och troligtvis för gammal för att få barn 1791. Så mor torde bli Lovise. Jag kan återkomma om Valtin Olsen Blomsterberg, det finns säkert mer.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest arnvid lillehammer

Lena. Eg legg noko om Abraham Hultin og kona hans over på Anbytarforum under Hultin og Blomsterberg i staden for å opna ein ny streng her.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Nina Berg

Anne Marie Larsdtr.Lind.Kan hun være dtr. av:Lars Lind og Ulrika Olofsdtr.Faltin?De får ei datter Ulrika f.1791 Øvre Ullerud.Hun ble gift med Nils Friman f.1789. Deres datter Brita Kristina Friman ble senere gift med Karl Fredrik Bern Rosenkvist f.1801 Høg.Lars Lind f.1696 gm. Anna Katarina Petersdtr, f. 1706(søster av Detlof Petersen??)De får døtrene.1. Anna Margrete f.1748? gm. Lars Wennerberg f.1731. 2.Anna Sophia og Johanna f. 1751 Nyed.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lena Eriksson

Ulrika Olofsdotter Faltin var gift med glasförare Lars Lund vars far hette Lind. Sonen har alltså ändrat sitt efternamn. Jag har tyvärr ingen aning om vem Anna Maria var.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×