Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Knut Sæther

[#45707] Opplysningar om Marit Jørgensdotter i Bremsnes på Nordmøre

Recommended Posts

Gjest Knut Sæther

Eg er ute etter opplysningar om denne husmannsdottera Marit Jørgensdotter i Bremsnes (16 år i FT 1801). Lenke Kan nokon som har tilgang til bygdebøkene for Averøya slå opp og sjå kva som står om henne der? Kva husmannsplass det dreier seg om er rett nok ikkje oppgjeve i teljinga, og dessutan er vel ikkje alle binda av bygdeboka for Averøya kome ut enno. Det kan ha vore denne Marit som ifølgje Familysearch vart gift med Amund Toresson 12. april 1812, og som fekk eit barn med han 9. august same året. Eg har ein teori om at mannen Amund Toresson var frå Sunndal.Knut Sæther

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Endre Holten

Gards- og ættesoge for Frei, bind 2, side 286: Marit Jørgensdotter, f. 1785, dotter av Jørgen Lorentzen Sewerin og Marta Eisteinsdotter, f. Valholm, gift 1812 med Amund Toreson Moe eller Wigen ( ? Hønsvik i Halsa) Dei hadde to born: Beret Maria, f. 1812. Marta, f. 1814, g. 1840 med Trond Olson Bjerkestrand, Frei. Marit vart oppattgift som enke i 1816 med Ola Hallvardson Hoås frå Utibortstua på Hoås i Sunndalen, f. 1764. Dei hadde fem born: Jørgen, f. 1816 - Ane, f. 1816, gift 1840 med Andreas Schjelderup - Marta Olava, g. 1840 m. Johannes Jakobson Jørgenvåg - Halvard, f. 1820 - Marit, f. 1827. Marit Jørgensdotter d. 1844. -endre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Eide

Hei Har tatt en rask titt i noen kirkebokavskrifter som jeg har kopi av. Fant henne ikke der. Skal forsøke å lete mere i helga. Marit trenger ikke nødvendigvis å være fra Averøya. Både Dale i Kristiansund og Gløsvågen i Frei hørte inn under Bremsnes sogn på den tida. mvh Bjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Endre Holten

Jørgen Sewerin budde på garden Valen i Frei, som låg i Bremsnes sokn i Kvernes Prestegjeld. -endre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Sæther

Mange takk for hjelpa! No vart mykje avklart. Amund Toresson må ha vore frå garden Ura i Sunndal (jf. Sunndalsboka bind 4 s. 84). I 1812 bygsla han ein plass under Hønsvika i Halsa. Han døydde der i 1814. Eg har no fått ein sterk indikasjon på at det var broren Ole Toresson (Moe) som kjøpte Hønsvika i 1812 (jf. Halsaboka bind II s. 71). Det er denne Ole eg og andre i lengre tid har streva med å få identifisert.Knut S.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×