Gå til innhold
Arkivverket

[#45778] Slekter i Vågå (Åbakken)


Gjest Bjørn Piro
 Del

Recommended Posts

Gjest Bjørn Piro

Noen som vet hvem foreldrene til disse var: Erland Syversen Åbakken, f. ca. 1753 + Vågå 1820. Han døde på gården Åbakken ifølge kirkeboka. Var han gårdbruker her? Erland giftet seg i Vågå 1778 med Brit Olsdatter, f. ca. 1747 + Vågå 1784. Hvem var foreldrene?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Stallvik

01.06.1744 gifta Ola Jakupson Åbakken seg med Ymbjør Ivarsdotter. Ola døde i oktober 1764, og det vart halde skifte 01.03.1765. Han hadde ikkje barn, og arven gjekk til søskena hans. Ymbjør giftar seg opp att 14.02.1766 med Erland Syverson. Ho dør i november 1776, 61 år, og det var ikkje barn i dette ekteskapet heller. Gardbrukaren på nordre Valde, Jon Hansson, set opp husmannskontrakt med Erland Syverson og kona Ymbjør Sveinsdotter(?!) 7. april 1774, på Åbakken for levetida deira. Dei skal svare 5 rd til oppsitjaren årleg. Oppsitjaren på nordre Valde skal eige alle husa som blir bygd på plassen. Erland Syverson giftar seg andre gong 24.04.1778 med Brit Olsdotter. Rett nok står det ungkar ved lysinga/viinga. Brit døde i barnseng i mars 1784, 37 år gammal, og det vart halde skifte etter henne 23.03.1784. To barn arvar: Ola, fødd 22.06.1779 og Syver, fødd 02.02.1784. Erland gifta seg tredje gong 03.01.1785 med Guri Olsdotter, og dei er husmannsfolk i Åbakken under søre (=nordre) Valde i 1801. Erland er også skomakar. Ny husmannskontrakt blir sett opp og tinglyst 13.12.1784. Jon Hansson på nordre Valde gir husmannen Erland Syverson og 'hans Forlovede Guri Olsdotter Sveen' rett til å bruke plassen på deira livstid, og svare årleg 5 rd i leige, og 'skal alle Huuserne paa Pladsen være Opsidderen paa Nordre Walde til Ejendom og Raadighed uden nogen af vores Arvingers Anke, ej heller skal Arvingerne paa nogen af Siderne betale noget Huushold.' Guri døde i mars 1815, 83 år. Erland overlevde alle sine tre koner og døde 11.11.1820, 81 år gammal. Vi ser altså at Erland ikkje var fødd på Åbakken, men gift dit. Om alderen er rett oppgitt ved dødsmeldinga, skulle vi få eit fødselsår rundt 1739. Og vi finn ein som blir døpt 04.10.1739. Faren er Syver Olson Øvsteng. Fadderane er Jon Erlandson, Ola Holen, Svein Galstad, Guri Siem og Livø Tordsdotter. Vi har ingen skifte frå Øvsteng som kan gje oss fleire opplysningar om Syver Olson. Ein soldat Erik Olson får bygselseddel på garden Øvsteng 15. juni 1721, og 2. juni skjøter Erik Olson Stokstad (kanskje same mannen) garden over på Lars Olson Øvsteng. Men om det er noko slektskap mellom desse tre, alle med patronymikon Ola, kan vi ikkje finne. Brit Olsdotter skulle vere fødd rundt 1747, om alderen ved død er korrekt. I dåpslistene for Vågå finn vi to B.O. døpte i 1746 og tre i 1751. Av dei to i 1746, bur den eine på Sel, ein annan kant av bygda. Viss Brit er frå Vågå, er det mest truleg at ho kan vere dotter av Ola Finnbrustugu, døpt 11.12.1746. Fadderane er Einar Skotlien, Knut Jakupson, Anders Nilsson Volde, Mari Sandbu og Sigri Skårvangen. Finnbrustugu låg nede i sentrum av bygda. Helsing Tor Stallvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Piro

Stor takk til Tor Stallvik. Så fikk jeg vite hvordan det hang sammen med Åbakken navnet. Erland Syversen giftet seg altså til denne plassen. Denne personen har forvirret meg litt, for i Pål Øystein Kvarbergs bok om ætter i Vågå og Lom står det at Erland Syversen Åbakken var født i 1753. Men det har nok sin årsak i at man i kirkebøkene under døde for 1795 finner en Erland Syversen (42 år gammel), ergo født 1753. Dette er neppe vår Erland?? Siden du er fra Vågå lurte jeg svært på om du ellers har god rede på Vågå slekter? Jeg la inn et innlegg 27 desember under benevnelse Lom-Vågå slekter (nr. 45136) hvor jeg etterlyser personer jeg sliter med å finne ut av. Noe for deg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.