Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#45788] Kristofine Marie alias Karoline Monsen, f. i Bergen 1858 - lagnaden hennar?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Kristofine Marie Olsdotter var fødd i Bergen 8.10.1858 som ''uægte'' dotter av Synneva Arnesdotter (1828- ) og Ole Christopherson (1835-1905), båe innflyttarar frå Hafslo i Sogn.Mori Synneva gifte seg i 1865 med enkjemannen Johannes Monsen frå Arna (1814-1884), og etter den tid kalla dotteri seg for MONSEN. I 1875 finne me ho soleis att som KRISTOFINE MONSEN, tenestejente i 15. rode nr. 114 i Bergen, og då den ''kjødelege'' far hennar døydde i Bergen i 1905, er ho nemnd KAROLINE MONSEN, rimelegvis framleis busett i Bergen.Kanskje er ho identisk med den Karoline Monsen som i 1891 er oppgjevi fødd i Bergen 1852(!), ugift ''possementagerske'' losjerande i Vågsalmenningen 3 i Bergen?Kanskje er ho òg identisk med den Karoline Monsen som i 1900 er oppgjevi fødd i Bergen 1863(!), ugift ''notlerske'' losjerande i Tyskesmuget 1 i Bergen? Denne ''notlerski'' finn eg att i 1912 i Lungegaardsgaten 6 i Bergen, og då er fødselsdatoen 6.1.1864!!Eg har forresten heller ikkje funne att mori, ''enkjefru'' Synneve Monsen. Då mannen døydde i 1884, utvandra Synneve same året til Amerika, men ho kom straks attende og budde 1891 som enkje og ''strikkerske'' i Absalon Beyersgate i Bergen.Eg står ''bom fast'' med dette problemet og vonar no at kanskje einkvan har betre blikk enn eg og ''ser'' kvar det vart av mor og dotter?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har i ettermiddag oppdaga at Ole Christopherson frå Hafslo ogso hadde ei ''uægte'' dotter Karoline Andrine, fødd i Bergen 12.7.1857. Denne Karoline vart gift med ein Arne Monsen i Bergen, so dette var nok ''særkullsdotteri'' til Ole nemnd i 1905!?FOR, her er nok Kristofine Marie frå utvandrarlistene over Bergen for 1883:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~#15688 Bergen 2472:1883 Okt. 5 Christoffine Christoffersen f UGIFT 1857 26 Bergen Bergen~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Då forstår me òg kvifor mori Synneva utvandra til Amerika i 1884. MEN, kom ogso dotteri heimatt? Her er mori Synneva i Absalon Beyersgt. 25 i Bergen 1891:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Syneve Maands. Hillestad K SH E 1829 Hafsloo Sogn Strikkerske Delvis af Tjenestepige (Datteren)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Det som er svært interessant her, er at mori vart delvis forsørgja av dotter si, men kvar budde so dotteri??FT1910 for Chicago, IL syner denne personen:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Christoferson, Christofania 44 Nor Nor Nor single cook em 1890~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Kan dette vera Christophine Marie?Eg vonar på tips og takkar nok ein gong for hjelpi, både for å finna mor og dotter...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×