Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Per Reppen

[#45795] Mallene Marcusdtr. (Føleide) / Michel Olsen, gift i Bg. 1749

Recommended Posts

Gjest Per Reppen

Mallene Marcusdtr. født 1725 på Føleide i Gloppen, S. og Fj., døde i Bg. ? (skifte 1786), gifte seg 10.08.1749 i NK i Bergen med Michel Olsen, født ? - død ?Barn: Mette Marie 1750 NK, Marthe 1752 NK, gift på Sandane, Inger 1754 NK, gift 1783 i NK med Erich Rognildsen, Marcus 1757 NK, Ole 1759 NK, budde på Sandane, Anne Mallene 1761 NK, Marcus 1761 NK, Lieve Serine 1765 NK, Jan ca 1767.Mallen Marcusdtr. og dtr. Marthe g. på Sandane sine linjer har eg, men er det nokon som har fleire opplysningar om familien ellers. Også om opphavet til Michel Olsen. Eg lurer på om det er han som vart døypt 27.01.1715 i NK, foreldre Ole Michelsen og Inger Olsdtr.Alle opplysningar vert motteke med takk !M.v.h. Per.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Eg har litt andre opplysningar på slutten av barnerekkja, bygt på kyrkjebøkene her på DA - Jon er døypt 1.nov 1765, og den Live Serine eg finn, har ei Berte Andersdtr til mor, så ho høyrer vel til i ein annan familie. Eg skal sjå kva eg eventuelt har på dei andre når eg har fått potetene på kok ;-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Reppen

Du har rett, Lieve Serine skal ikkje vera med her. Og så heiter han Jon og ikkje Jan som eg skreiv. Skifte etter Malene sjå tema 45740 i arkivforum. Takk så lenge, håpar på fleire opplysningar.M.v.h. Per.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Sjå på denne Marchus Michelsen i 1815 - han har ei 'svag' Mette M.dtr buande hos seg: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Tilbake til Mikkel Olsen: Dersom han skal vere 82 år (+/-) ved død passar det ikkje så dårleg at han er fødd i 1715, og mor Inger kan ha gjeve namn til Inger Mikkesdtr, men dette blir berre spekulasjonar. Kanskje finst det skifte etter dei ein stad?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Reppen

Takk for svar Aase.Ad (5) I reg. Matrosar i Bg. 1754-1800 er oppført Marcus Michelsen f. 1758 i NK, seilmager. 11.05.1785 gifter seglmakersvend M.M. seg. Det passar bra med oppl. i 1801, så kanskje? Anna Malena har eg og notert meg, mogeleg.Ad (6) Eg er einig i at opplysningane her kan og vera eit spor, men kan vi få det bekrefta at det er rett?Ad (7) Ole Michelsen og Inger Olsdtr. Eg har funne desse borna: Michel 07.06.1707 NK, Margreta 05.09.1708 NK, Giertrud 24.12.1713 NK, Michel 27.01.1715 NK, Gunner 11.11.1716 NK.Det er mogeleg at dette er den rette familien. Kanskje nokon andre sit med fleire opplysningar.M.v.h. Per...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Vi har den same Markus Michelsen i matroslista, i folketellinga 1801, i folketellinga 1815, i to barnlause ekteskap (med Karen Bjørnsdtr i 1785 og enkje Anne Malene Trofast i 1806, og i Undersøkelseskommisjonen Lenke.Problemet er 'berre' å knyte han til Mikkel og Malene, enig?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Reppen

Ja eg er enig. Då Michel Olson og Malene Marcusdtr. gifte seg i 1749 var han innført som 'u. toldbdr.' og då han døde i 1799 var han innført som 'Consumtionsbetient'. Kanskje det tilsvarar 'Tollbod Røyert' som det står i Undersøkelseskommisjonen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

At Mikkel var tollbodrøyert ved vigsla hadde eg ikkje fått med meg - nettet snørar seg rundt Markus Mikkelsen, men det er vel ikkje heilt strant nok enno.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Mette Marie er vel den som døyr her Lenke Alderen er ca 5 år feil, men det er han ved skiftet óg - ein skulle nesten tru at 'vår' Mette hadde døydd tidleg og blitt erstatta av ei ny!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Reppen

Ad (13) Anne Marie Trofast, Marcus Michelsen Seglemager Arbeysmand's Kone, døde 06 mai 1815. Så dette kan vera 'vår' Marcus M. i 3. ekteskap. Alderen stemmer på året.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.