Gå til innhold
Arkivverket

[#45813] Lars Olson Moe, fødd Hafslo 1851 - Karmøy - Vik - Amerika - døydde i Vik 1938?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Lars Olson Alme eller Moe, fødd i Hafslo 9.8.1855, flytte kring 1868 til Avaldsnes på Karmøy og derifrå kring 1880 til Vikøyri i Vik. So utvandra han til Amerika i 1885, men han døydde som ''lausarbeidar'' i Vik 9.1.1938. Då let han etter seg enkja Maria Johannesdotter, men ingen born.Eg finn ikkje spor etter dette parfolket i FT1900 for Vik og mistenker Lars og Maria for å ha gift seg i Amerika.Kan henda er det nokon med lokal kunnskap i Vik som kjenner til dette parfolket? Kanskje Maria Johannesdotter kan identifiserast?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Elin H. Skibenes

Lars gifter seg to gonger i Vik, første gongen med ei enke, Olina Pedersd.:[url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=sognvigd&gardpostnr=12727&merk=12727#ovre>Lenke Eg har ikkje funne Oline død.Andre gongen var den 4/9-1914. Den vigsla fann eg berre her:http://www.leegenealogy.net/databas/married.aspOm du søkjer med førenavn Lars og Marie finn du dei. Dette er vel Marie i 1900:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gunn og Elin for interessante innlegg, og likeins takk til Jon Sværen for direkte melding med mange spennande oppysningar!Maria var nok ikkje frå Hafslo, som du, Gunn, peiker på som mogeleg. Derimot var tydeleg båe konene til Lars Olson frå Vik, Olina Gurine Pedersdotter fødd på Engum og Maria Johnsdotter fødd på Vikøyri. Jon fortel at Lars var i Amerika (åleine) i kring 20 år), men parfoket budde tydeleg på Vikøyri der Olina døydde i 1914. Maria Johnsdotter skal vera avlidi i 1948, rimelegvis òg på Vikøyri.Etter desse fine opplysningane sit eg att med nokre få konkrete spørsmål:* Skreiv Lars Olson seg for MOE eller skreiv han VIGØREN, medan han budde i Vik?* Nøyaktig dødsdato for Olina Gurine Pedersdotter i Vik i 1914?* Olina var enkje då ho gifte seg med Lars i 1880. Er det nokon som veit kven ho før hadde gift med og om dei hadde born i lag?* Nøyaktig dødsdato for Maria Johnsdotter i Vik i 1948?* So er det spørsmål om det let seg gjera finna att Lars Olson i Amerika t.d. i FT1900?Eg takkar på ny for alle gode innspel og vonar på fleire detaljar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jon Sværen

lars !1914 er dårligt år i Vik for oss som må bruka Skanna Kyrkebøker, Lars ! Så dødsdatoen i 1914 må vi venta med. Og opplysningar i 1948 må du kontakta VLA.Då Lars reiste til USA 29.4.1885, er han registert under navnet: Lars Olsen MOE.Oline Pedrsdtr (Svardal) Hove (1843-1914) frå plassen Bleihaugen (L.nr 72 i Hefte nr 2, s. 58) var ei uekte dtr til Anna Olsdtr Svolsvik og Per Hanson Svardal. Oline vart gift med treskomakar Anders Sjurson Vetleøyri (1839-76) i 1865. 2 ongar: Marta f. 1864 og Andreas f. 1867. Andreas til USA 16.3.1893. Nr 3.264 i 'Ein stad skal ein væra' utv.boka for Vik Komune, forfattar Rasmus Sunde. Det står i boka at han var farmar i Arlington, Washington. Om stefaren, navnebror din, reiste dit er sjølvsagt IKKJE sikkert.Men Lars, EG ser at du brukar Olina Gurine Pedersdtr (f. 7.12.1843), og då vært EG i tvil om det er same jenta ? Og det bør det væra, eller kva Lars ? Mi Oline er født: 11.10.1843.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jon for nytt innlegg!Eg ser av basen over fødde i Vik 1843 at der var TO Olina Pedersdøtrer fødde same året, og ved vigsli til Olina med Lars Olson i 1880 er fødestaden hennar oppgjeven til ENGUM med far Peder OLSON Engum!Men noko må vera feil her...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mette Værnes

Hei LarsKnallmoro at du prøver å finne ut mer om Lars Olsen Alme..Sjøl har jeg ikke hatt anledning/tid til å følge spora videre etter denne tippoldefaren min fra Hafslo siden sist, derfor venter jeg nå megaspent med på fortsettelsen av denne debatten :)))...Hei fra Mette

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg syner til innleggi mine #6 og #8. Gjennom spørsmål i Arkivforum har eg no fått greie på at Olina Pedersdotter ikkje finst avlidi i Vik sokn i 1914, endå ho skal ha butt på Vikøyri. Kva er so kjelda, Jon, til denne opplysningi?Eg ser Olina i 1900 som buande åleine på Sæbø, Vikøyri som ''handarbeidande'' huseigar, men kvar vart det so av ho??Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jon Sværen

Lars !Kjelda mi ang. dødsfallet til Oline i 1914 er Hefte nr 3, side 27 og side 56.Du har ikkje kontakta VLA, Vik Lokalhistoriske Arkiv ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Elin H. Skibenes

Det er ei Oline G. Pedersd. Engum som melder flytting til Amerika i 1870. [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=32&filnamn=sognflyt&gardpostnr=6963&merk=6963#ovre>LenkeDen Peder Ols. Engum som melder flytting samstundes, er vel kanskje faren?Fann ikkje dei navna heilt i skiplistene frå Bergen, men fann desse i 1870,:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.