Gå til innhold
Arkivverket

[#45883] Bjørnar Iverson Kårbøsæter, f. Lesja 22.6.1881, utvandra han til Amerika i 1892?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Frå Amerika får eg opplyst at:Bjørnar Iverson Kårbøsæter, fødd i Lesja 22.6.1881, skal ha utvandra til Amerika med mor si i 1892.Eg finn fleire Bjørnar'ar som utvandra frå Lesja i 1892 (jmf. emigrantprotokollane over Christiania), men altso ikkje denne karen. Er det oppgjeve eit utvandringsår i bygdeboki for Lesja? Eller i kyrkjeboki (som ikkje enno er skanna...)?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jon for nye innlegg!Eg har tidlegare samla dei opplysningane eg treng om Bjørnar og huslyden hans i Amerika, etter kontakt med etterkomarar. Det som eg no treng, er ei stadfesting av utvandringi hans...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Randi Ingunn Selnes

I Bygdebok for Lesja b. 3 s. 356 v/ Arnfinn Kjelland, står det følgjande under plassen Nedre Kårbøsetre på: barn nr.' 7. Bjørner (Ben), 1881-1966, g.m. Kari Heggestad frå Olden i Nordfjord, 1884-1947, etterslekt'.(Foreldra til Bjørner var Iver Ols. frå Nordistugu Hattrem og kona Ragnhild Engebretsdtr. frå Ulateigslykkja).Etter alle barna er omtala, står det skrive: 'Heile familien reiste etter kvart til Amerika, men korkje Ragnhild, Iver eller barna Ola, Mathias, Bjørner eller Otto er ført i emigrantprotokollane. Ola reiste nok fyrst, for det er registrert at han døydde i 1887, og det var ikkje her i Lesja. Dei andre reiste truleg midt på 1890-talet. Nytta Iverson som slektsnamn i Amerika'.Kjelland sine opplysninger om (Ben) og familienamnet Iverson, fell fint saman med Jon Torp sine opplysningar.Med helsing frå Randi Ingunn Selnes

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.