Gå til innhold
Arkivverket

[#46012] Katalogføring Rjukan prestegjeld og Dal sokn i Tinn prestegjeld


Gjest Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Gjest Anfinn Bernaas

Eg driv med dataregistrering av kyrkjebøkene for Tinn, men undrast over tankegangen som ligg bak bøkene som er katalogisert under Rjukan. Eg meiner dei skal vere under Tinn, iallfall fram til 1948 da Rjukan blei eige prestegjeld.Prestegjeldet er altså relativt nytt ved at det blei utskilt frå Tinn prestegjeld ved kgl. res. 22.10.1948. Likevel er ministerial- og klokkarbøker tilhøyrande Tinn lenge før denne utskiljinga katalogført under Rjukan. Konkret gjeld dette kyrkjebøkene for Dal sokn i Tinn prestegjeld.Industristaden Rjukan voks fram frå og med 1907 i det gamle Dal sokn. Dal sokn hadde eiga kyrkje, og ho står der enno. Ho blei snart for lita for den nye tettstaden, og låg dessutan ikkje heilt høveleg til, så ny kyrkje blei innvigt for Rjukan-samfunnet i 1915. Da hadde Rjukan vore eige kallskapellani sidan 1913. Men Tinn prestegjeld var altså paraplyen over Dal sokn med Rjukan kallskapellani heilt fram til 1948, og soknepresten i Tinn med bustad i det gamle hovudsoknet Atrå var den øvste geistlege tilsette like lenge.Eg har sett på tittelsida til dei tilgjengelege digitaliserte kyrkjebøkene (ministerial- og klokkarbøker) som er førte under Rjukan. I alle står det Dal sokn og berre det, med unntak for fødselsregisteret 1916-22 der det står Dal sogn med Rjukan, og lysningsprotokollen 1939-59 der det står Tinn kallskapellani.Eg finn ikkje nokon logikk i at Dal sokn skal førast under Rjukan. Det næraste eg kan tenkje meg er at da Rjukan blei eige prestegjeld i 1948 fekk embetet med seg kyrkjebøkene som låg i kapellankontoret, og som dekte perioden til det nye industrisamfunnet frå 1907 og framover. Det har blitt gjort greie for standardar for katalogføring tidlegare her på forumet, men dette kan da ikkje vere i samsvar med standard?Kan dei ansvarlege for katalogiseringa grunngje kvifor ho er som ho er, eventuelt rette henne opp?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Warberg

Vi har foreløpig ikke endret på katalogopplysningene for kirkebøkene i Statsarkivet i Kongsberg. Men det er helt rett som du sier; Rjukan/Dals kirkebøker skulle strengt tatt vært ført opp under Tinn, som soknebøker, inntil Rjukan ble selvstendig prestegjeld 1948. Statsarkivene i Oslo og Kongsberg (ett statsarkiv inntil 1992) har hatt samme prinsipp for katalogføring: når ett sokn av ett prestegjeld selv er blitt ett selvstendig prestegjeld føres alle bøker opp under det nye prestegjeldet, også de eldre. Av 'praktiske grunner', som det heter i innledningen til katalogen fra 1952. Vi er i høy grad oppmerksom på at dette særprinsippet som har vært praktisert i ett begrenset område av landet i en viss grad bryter med det 'nasjonale' prinsippet om prestegjeldstilknyting. Men vi vil foreløpig la dette ligge inntil alle bøkene er lagt ut og heller rette det opp da. Det er ikke bare Tinn og Rjukan det gjelder.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anfinn Bernaas

Takk til Warberg for greit svar, og så vonar eg at katalogføringa for kyrkjebøkene i Statsarkivet i Oslo og Kongsberg etterkvart blir retta i samsvar med nasjonal standard når det gjeld prestegjeldstilknyting.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.