Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Mariann Stokken

[#46263] Kvar gifta oldeforeldra mine seg? Eg har leita og leita og leita! (Stord/Fitjar)

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

Eg har til no ikkje klart å funne dei, sjølv etter år med leiting etter giftarmålet deira.Oldefar Aanen Larsen Stokken var f. i Fitjar, oldemor Aasa Gudmundsdtr. kom flyttande frå Skjold i Rogaland på byrjinga av 1880 åra.Deira fyrste barn vart f. i mars 1889.Eg har leita i Skjold(oldemor hadde ei syster som også flytta til Stord, ho gifta seg i Stord kyrkje), Haugesund, Fitjar, Stord og Bergen!!Finnes det lysingsbøker? Kan det ha skjedd ein 'glipp', slik at dei står i lysingsboka for Stord, men er gløymde i både Mini og klokkarbok?Er det nokon som kan hjelpa?Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Helge Seglsten

Hvor er det første barnet født? Er barnet oppført som ekte eller uekte? Har du lett etter bryllupet senere enn dåpen, selv om barnet står oppført som ektefødt? Hvilket yrke hadde Aanen? Kan han ha giftet seg der han jobbet, dersom yrket medførte at han en tid jobbet et annet sted enn der han senere ble boende? Kan endringer av kommune/prestegjeldsgrenser bety at de har giftet seg i en av nabokommunene til de områdene du har lett i til nå?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Det fyrste barnet vart fødd i Fitjar og døypt i Fitjar. Eg har dessutan leita fleire år før Sara Mathilde vart fødd, om dei kanskje kunne ha fått barn og mista dei, men ingen funn.Barnet var ekte, eg har leita etter vigsla lenge etter ho vart fødd ja :-)(men eg trur at eit blikk frå han kunne drept, viss han hadde visst at han var mistenkt for å få 'eit for tidleg fødd barn', iflg. pappa var han _svært_ streng på det meste)Han jobba ei tid som båtbyggjar i Stord (då traff han Aasa), men han var gardbrukar.Eg ser det som lite sannsynleg at dei kan ha gifta seg annan stad enn Stord/Fitjar eller mogeleg Skjold/Haugesund.Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Helge Seglsten

Giftemål er i tillegg til i kirkebøkene registrert hos lensmannen, som førte egne fødsels- og vigselslister. Jeg har selv funnet et giftermål fra Lofoten i slike lister, selv om kirkeboken var tapt. Listene bør befinne seg i statsarkivet, og i og med at du har fødselsdatoen på det eldste barnet, burde det være mulig å få til et oppslag i listene de 2-3 siste årene før fødselen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Takk for respons :-)) Det skulle også stå igår, men korttidshukommelsen er svært dårleg :-)Ja, kanskje eg kan vera heldig å få Nedrebø til å gjera eit oppslag, men det går vel på leiting, og då er det gjerne ikkje råd.Kan jo alltids ha eit håp :-))Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei Mariann!Kom til å leite i nokre gamle notater vedr. oldemor mi frå Skjold (søskenbarnet til Aasa Gudmundsdatter). Her har eg notert meg at Aasa Gudmundsdatter vart gift med Ånen Larson Stokken, Stord, i 1885. Hugsar ikkje kor dei opplysningane kom frå, men veit at eg hadde bygdebøkene for Skjold på heimlån før eg fekk internett (dvs. 1999 el. tidlegare). Eg noterte då ein god del frå desse, så kanskje det er henta derfrå? mvh Helga KAllevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Etter mine notater gifte også Aasa si mor, Magella Gunnarsdatter seg oppatt med Peder Bjørnsen Tørsdal, Vats i 1882. Kan Aasa har vore i teneste ein aller anna stad i det området, og event. ha gifta seg i ein av dei nærliggjande bygdene til Skjold?mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Hei Helga :-) Ja, det er mogeleg dei gifta seg i 1885, eg har også hatt Skjold bøkene heime, men kan ikkje hugsa anna enn at det stod at ho flytta til Stord 1883.Det som tante Berta(syster til bestefar)fortalde meg for lenge sidan, var at oldemor Aasa var i teneste hos ein familie frå Stord som budde i Skjold. Då dei flytta tilbake til Stord vart ho med.Dei budde på Vikanes, og oldefar var båtbyggjar på Jensaneset, dette er ganske nært kvarandre, så...dermed var det gjort :-))Men trur du eg var god til å spørja tante Berta om ho visste kvar dei gifta seg??? Det er mangt ein kan angra på!!Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei igjen Mariann!Har for meg kyrkjebøkene for Skjold. tenkte eg skulle sjå om eg finn mine oldeforeldre der. Dei gifte seg ca. 1895. Men ser at i dei notatane frå bygdeboka har eg ikkje skrive årstalet, så det var nok ikkje oppgitt. Derimot finn eg yngste søster til di oldemor, (trur eg det må vera), Inger Serina Gudmundsdatter f. 1870. Ho er oppført i kyrkjeboka som gift i Skjold 17.05. 1892. Årstalet her også stemmer med det eg hadde notert då eg skreiv av bygdebøkene. Tenkjer då at der årstal for ekteskap er oppgitt i bygdeboka er det naturleg at dei gifte seg ein eller anna stad i Skjold, men det er jo berre gjetning.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Ja, godt mogeleg dei gifta seg i Skjold(står det forresten noko om Brita Marie der? systera som også gifta seg med ein stordabu), men eg synst det er litt merkeleg, sidan Brita gifta seg i Stord krk.Men sjølvsagt, eg har alle mogelege dører opne!!Er det fleire kyrkjer i Skjold? Vats, men utanom det?Takkar for respons :-)) Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Nei, eg har ikkje notert ned årstal for giftermål for Brita Maria (populert namn i Skjold foreseten, oldemora mi frå Skjold og søskenbarnet til di oldemor heitte også det). Har berre notert årstal for ekteskapet til Åsa og Ingeborg, heller ikkje for brødrene, men om konene deira kom frå ei anna bygd/stad så var vel heller ikkje dei vigde i Skjold.Eg er ganske sikker på at desse notatane er frå bygdeboka, og det er litt merkeleg at eg berre har notert årstalet for nokre av søskena.Om det då ikkje skulle vera at det berre er dei som gifte seg i Skjold som bygdeboka oppgir årstal for ekteskap.Ser foresten at det til no berre er scanna klokkarbok for Skjold/Skjold som er lagt ut for årstal rundt 1885. det kjem vel kanskje ei ministerialbok også? I alle høve ligg det begge deler for Skjold/Vats i det aktuelle tidsrommet. Kan det stå namn i Skjold Mini som ikkje står i klokkarboka?PS. Eg fann foresten oldeforeldra mine vigde i Skjold i 1893.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Hmmm, viss eg ikkje hugsar feil, så hjalp Johan Arthur meg med å leita i krk. bok for både Hgsd. og Skjold for 1-2 år sidan utan å finna noko, men eg hugsar ikkje kor langt ned han gjekk.Men kanskje han ikkje såg så langt ned som 1884-5, eg sa sikkert at dei sannsynlegvis gifta seg rundt 1888-89.Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Skjold bøkene på heimlån :-)Det står ingen årstall for gift på oldemor og oldefar, det står at ho mogeleg reiste frå Skjold til Stord 1885 (ikkje 1883, som eg trudde).Kan det vera at du (Helga :-) har fått opplysningane frå han som du snakka om ein gong? Bygdebokforfattaren, var det det?Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Har sett gjennnom dei papira eg fekk frå bygdebok forfattaren. Her er det berre opplyst om dato for ekteskap for foreldra til Aasa, Magella og Gudmund 13.11.1856. Notatane der eg har skrive 1885 er nok frå bygdeboka, men truleg har eg tatt ein litt for rask konklusjon. Sidan eg visste (frå mi farmor) at Aasa vart gift til Stord, har eg trekt den konklusjon at ho flytte dit i 1885 for å gifte seg. Desse notatane er frå før eg fekk data (før 1999), så eg hugsar ikkje heilt samanhangen no, men vil tru at det er forklaringa. Så då kan Aasa og Aanen ha gifta seg kor som helst i området.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Har du funne kva tid oldemora di gifte seg?Finn utflytte-registrering på syster til oldemor di Britha Marie Gudmundsdatter Risanger her LenkeI flg kyrkjeboka for Skjold flytte ho til Stordøen hausten 1889. Veit ikkje om det var same året som ho gifte seg i Stord? mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Kan dette vera utflyttereg. på oldemor di i 1885? I så fall med feil f. år? (Kan presten ha skrive konf. år i staden for f. år?).Høgre sida av arket nr.25: 1885: Stordøen P. Aasa Gudmundsdatter Håkul f. 1871.LenkeI flg. bygdeboka stemmer det med utflytting i 1885. Merkeleg om det skulle vera 2 stk. Aasa Gudmundsdatter som flytte frå Skjold til Stord det året. mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Hei Helga :-)Nei, eg har ikkje funne giftarmålet til oldemor og oldefar. Ja, Brita Marie gifta seg 15.11.1889.Og ja, eg er nok heilt sikker på at det er oldemor du har funne her, takk for det :-))Men giftarmålet er ei stor gåte!!Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Ove Askautrud

Hei Mariann,Jeg har sett litt på diskusjonen så langt og kikket så på utlyttingsregistreringen som Helga nevner.Aasa er nevnt utflyttet i 1885, men legg merke til at attester ser ut til å være utstedt i juni 1888 (se datoer helt til høyre i utflyttingsregistreringen).Jeg ville derfor kikket etter et giftermål i perioden kort etter juni 1888.vennlig hilsen Jan Ove.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Takk for respons!Ja, eg har visst både kikka og glodd utan å bli visare av det :-))))Men at dei var gift, det er det ingen tvil om :-)Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Prøver meg igjen med om nokon har ein idè om korleis finna denne datoen, utan bruk av krk.bøker, eller Norsk Kundgjøringsblad, eller kva det no heitte.Eg bestilte iallfall ein mikrofilm med året 1888 på, det einaste var side opp og side ned med Proklama, bekjendgjørelser, Auktioner, Tvangsoppløsning osv osv.Men ikke ein einaste lysning, så det byrja dei nok med seinare.Er det nokon som kan tenkja seg ein måte å finna denne datoen på?Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sigbjørn Sandsmark

Kansje de er å finne i kirkebøkene under 'Utmeldte',og da viet av sorenskriveren ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Takk for respons :-) Nei, oldefar var nok 'en kirkens mann' og det på sin hals :-))Men takk for tipset iallfall!Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunn Huglen

Jeg legger inn en lenke til familien på Fitjar i 1900: LenkeHer er mange barn å søke på så det kan hende andre vil prøve med søkehjelp her.Mvh. Gunn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Legger ved lenke til utflytting som vist over i 1885 (n° 25 på högre side): Permanent sidelenke: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Jeg har og prövd meg her, men finner dem ikke verken på Stord, Fitjar, Skjold eller Vats. Jeg har og sjekka de tre kirkene pâ Bömlo fra 1885-1890, heller ikke blant vigde i Bergen. Her er ihvertfall dâpen til Sara Mathilde i 1889 og da er de gift: Permanent sidelenke: Lenke Så de mâ jo ha gifta seg en gang mellom 1885 og 1889.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×