Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Finn Oldervik

[#46311] Fogderigrenser

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

I Møre og Romsdal har vi klåre geografiske grenser mellom dei tre fogderia, Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Eg lurar på korleis dette er i Sogn og Fjordane, Er det like skarpe skille der også. Eg tenkjer då på Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. For ein meir eller mindre ukjend i fylket, kan det vera litt uvisst kvar ein skal plassera dei ymse kommunane. Kvar skal ein til dømes plassera Gaular kommune. Er det i Sunnfjord eller Sogn. Dei som bur på (i?) Sande, seier dei sjølve at dei bur i Sunnfjord, eller er det Sogn? Eg går ut frå at Førde ligg i Sunnfjord?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kristian Hunskaar

Skattematrikkelen 1647 angir de administrative grensene ca. 1647 og ved utgivelsen på 1970-tallet.Nåværende Sogn og Fjordane hadde fire fogderier; Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn (dog hørte Gulen skipreide, som ikke sammenfaller helt med dagens Gulen kommune, til Nordhordland fogderi). Nåværende Gaular kommune, inkludert Sande, hørte i sin helhet til Sunnfjord fogderi, likeledes Førde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Til (2) KristianTakk for den orienteringa. Her var det faktisk ein del nytt for meg. M.a visste eg ikkje at Gulen tidlegare har høyrd til Nordhordaland fogderi. Skal tru om det galdt tidlegare Brekke kommune også? Kan du kanskje seia noko om kvar grensa mellom Ytre og Indre Sogn gjekk? Eg skulle vel ha skaffa meg den trykte skattematrikkelen for Sogn og Fjordane sjølv, men går ut frå at han ikkje er å få lenger no?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Hei Finn,det ligger en ganske grei orientering på DIS om fogderiene, eksemplet her er Gulen;LenkeGår du et trinn bakover på menylinjen oppe, så kommer du til Sogn & Fjordane, da kan du velge en hvilken som helst kommune, og se tilhørigheten.Mvh Arnfrid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kristian Hunskaar

Tidligere Brekke hørte til Ytre Sogn fogderi, så vidt jeg kan se. Indre Sogn besto av dagens Luster, Sogndal, Årdal og Lærdal. Kun en liten bit av dagens Sogndal kommune tilhørte Ytre Sogn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg har nokre kart i Kulturhistorisk vegbok for Hordaland som grovt syner dei nemnde grensene. I noverande Gulen kan det sjå ut som den omtala grensa gjekk nord om Hisarøy, men sør om Dingja, nord om Nordgulen og nord og vest om Austgulen. Ut frå dette kan det sjå ut som Ynnesdalen høyrde til Nordhordland - men ikkje gamle Brekke kommune.I Sogn og Fjordane var det fire futedøme i 1640. Då høyrde dei noverande kommunane langs Nordfjord til Nordfjord, med unnatak av Bremangerlandet som høyrde til Sunnfjord. I sør ser grensa ut til å ha gått midt etter Dalsfjorden. Det sørom høyrde då til Ytre Sogn. Indre Sogn ser ut til å ha vore om lag noverande Sogndal, Luster, Årdal og Lærdal kommunar.Alt dette med atterhald.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takk til Arnfrid (4) for tipset. Har vore inne på sida og den ser grei ut. Takk til Kristian (5) for ytterlegare orientering. Brikkane byrjar å falla på plass. Det som manglar er i grunnen ein reaksjon frå dei som bur i fylket. Samsvarar dette (matrikkelen frå 1647) med dagens situasjon eller kva?. Det same gjeld for så vidt den sida som Arnfrid viste til. Heller ikkje her står det noko om korleis sogningane og fjordingane sjølve vil plassera seg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

I dag er vel ikkje dette noko problem. Dei eg kjenner i det fylket veit kva dei er, formelle futegrenser eller ikkje. Dei på Bremangerlandet reknar seg framleis som sunnfjordingar, sjølv om fastlandsdelen av kommunen reknast til Nordfjord - og sunnfjordingar reknar dei seg nok som ned til og med Askvoll, Fjalir, Gaular, Førde Jølster. Sør om dette er dei sogningar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Hei Finn,kanskje denn artikkelen kan avklare noe,Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Sorry Bjørn, eg såg ikkje det forrige innlegget ditt før eg la på plass mitt eige.Det du skriv om Gulen er sikkert rett. Eg har så vidt vore i Eivindvik, men fekk ikkje høve til å vitja den gamle tingstaden for Gulatinget.Ja, dei som bur der veit nok kva dei kallar seg, men for oss andre er ikkje dette så greitt (innlegg 8). Eg veit at til dømes ein sunnfjording likar dårleg å verta kalla for ein sogning om omvendt, så her gjeld det å halda tunga rett i kjeften.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Då tok eg altså litt feil - eg burde visst betre. Ut frå det som står i lenka må Dingja ha høyrd til Nordholdland, sidan grensa gjekk på Dingeneset som ligg nordom Dingevågen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Jeg vet ikke om jeg er enig i at de fra Bremangerlandet føler/regner seg som Sunnfjordinger, Bjørn. Mitt inntrykk er ikke det. Derimot så regner også de på de ytterste øyene i Askvoll, altså Værlandet, Bulandet og Alden seg som Sunnfjordinger.Her er et kart over dagens Nordfjord

bilete2132.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Har fått lese lenka du la inn i (9) Arnfrid. Eg fekk nok ikkje særleg svar på kva for fogderi fjordingane og sogningane sjølve vil plassera seg i, men eg kjende meg att i skildringa av fogderistrid mellom dei ymse delane av fylket. Vi har akkurat det same i mitt heimfylke, Møre og Romsdal. Er dette kjend frå andre deler av landet også, eller er vi litt sære her i nordvest?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Til (12): Eg budde mykje hjå ho Amanda på Igland i si tid, ho er diverre borte no. Der lærde eg i alle høve at dei rekna seg som sunnfjordingar, dei sør og vest på 'landet'. Dei høyrde jo til Kinn i gamal tid, medan Davik (som no er ein del av Bremanger kommune) var i Nordfjord. Elles er eg samd med deg i at dei på øyane i Askvoll reknar seg som sunnfjordingar; noko anna ville eg heller ikkje ha kalla dei.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Til (13): Eg veit ikkje om andre stader i landet der 'striden' går etter gamle futegrenser. Men lokalstrid er det likevel. Her nede kivast Arendal og Grimstad seg i mellom om det meste som Aust-Agder skal få - og saman med resten av byane i Aust-Agder kivast dei mot innlandet om sete i fylkesting og på Stortinget. Men regionalt sett (Sørlandet) er der òg kamp mellom serleg Arendal og Kristiansand (sjukehus / framtidig adm.) - og Grimstad og Kristiansand (høgskule). Og i Vest-Agder er der òg kamp byane mellom om tilbod av ymse slag. Slikt finn du vel òg austpå, t.d. kampen mellom Fredristad, Sarpsborg, Moss - og ditto på hi sida av fjorden - for ikkje å snakka om den velkjende striden mellom Tynset og Alvdal!Men akkurat futegrensestrid har eg ikkje høyrt om andre stader.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kristian Hunskaar

Så er det vel også slik at landskapsnavna i M&R og S&F er mye eldre enn fogderiene. Om Gulen f.eks. hørte til Nordhordland fogderi, kan det likevel opprinnelig ha vært regnet til Sogn, men ha blitt lagt til Nordhordland fogderi fordi man fant det praktisk da fogderiene ble opprettet (kun et eksempel, jeg vet aldeles ikke).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg veit om ein kar i det området i Gulen, sør om den gamle grensa, som vart mildt sagt irritera då odelsdottera hadde funne seg ein stril - og altså ikkje ein sogning.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Sæther

Nokre kollegaer av meg, som er 'innfødde' sunnfjordingar, presiserer at Bremanger kommune i dag er rekna for å vere ein sunnfjordkommune. Men dei fortel at folk frå Ålfoten (Bremanger kommune) reknar seg som nordfjordingar. Derfor brukar dei også nordfjordbunad. Folk på Bremangerlandet meiner også dei er nordfjordingar, medan dei frå Svelgen reknar seg som sunnfjordingar.Det at nokon i Bremanger kommune vil vere nordfjordingar og andre sunnfjordingar, har vel å gjere med korleis kommunikasjonane og ferdselsvegane var før i tida. For innbyggjarane på Bremangerlandet og i Ålfoten var det vel frå gamalt av enklast å dra nordover når dei skulle til næraste tettstad, medan folk i Svelgen fann det mest naturleg å trekkje sørover. I dag er det bygt mange nye bruer, vegar og tunnelar i dette området, og det gjer saka meir komplisert. Men det som er sikkert, er at diskusjonen om kven som høyrer til kvar har pågått svært lenge i denne kommunen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takkar for alle gode innspel!Til Knut i innlegg 18.Kvar folk kjende seg mest heime hadde kanskje noko med gamle kommune- eller prestegjeldsgrenser å gjera også. Slike grenser kunne føra til skarpe dialektskille som framleis står ved lag. No er eg usikker på om slike grenser fins i noverande Bremanger kommune, men eg vil tru at inndelinga har vore ansleis før, m.a. nemner Bjørn Kinn i innlegg 14. Elles finn eg det heilt naturleg at folk i Ålfoten kjenner seg som Nordfjordingar. Staden ligg vel ved ei grein av Nordfjorden?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg vil nok tru at dei i bygdene som ligg mot Fåfjorden og Skatestraumen på Bremangerlandet kjende og kjenner seg som nordfjordingar. For ikkje å snakke om dei i gamle Davik (m.a. Ålfoten), som jo ligg inne i Nordfjord. Men tillike med dei i Svelgen vil eg hevda at folk sør om Hornelen og Fåtua, i alle høve sør om Dalevatnet, rekna og reknar seg som sunnfjordingar. Det har i alle høve vore mitt inntrykk.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.