Gå til innhold
Arkivverket

[#46347] Kane - ætt og gods (1398-1535)


Gjest Are S. Gustavsen
 Del

Recommended Posts

Gjest Are S. Gustavsen

Min referanse til 1600-tallet er altså til den inneldende overskriften 'Af Rostgaards Norske Vaabenbog', men forholdet mellom de forskjellige våpenbøkene og hvordan de står i gjelde til hverandre, kan sikkert Tore Vigerust opplyse mer om.Are

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til Are (74)Eg takkar for svaret, og når det gjeld kritikken din vedrørande kjeldetilvising, så veit eg naturlegvis ikkje meir enn det som alle andre kan lesa ved å følgja lenkja i (73). Difor takk til Tore for ytterlegare orientering.Når eg trekkjer fram dette, så er det mest fordi eg undrast på kva som eigentleg kan vera kjelda til den Nils Kane Ridder 1444 som det vert hevda åtte Straumsgodset på Nordmøre.La gå at ein Nils Kane var eigar, men kanskje ein annan enn han frå 1444? Det verkar jo heilt usannsynleg med sagmølle kring midten på 1400-talet? Om det var ein Nils Kane som stod som eigar så må det vel helst vera soneson til riddaren, nemleg den Nils Kane (Kenne) som er nemnd i tråd nr. 19285, innlegg (4). ( Sjå lenke i innlegg (71)). Denne samanblandinga kan jo også vera årsaken til at Niklas Kane Gunnarsson har har fått patronymet Gauteson, eit patronym som jo stemmer for Nils Kenne.No er det likevel ein hake ved denne hypotesa også om det er rett slik eg har hevda tidlegare at Straum kom i Gaute si eige ved eit ekteskap med ei dotter til Ivar Trondsson i Aspa. I tilfelle det var slik måtte Kirsten Kane gift Galle m.m. ha vore arving til Straumsgodset, ikkje Nils som i tilfelle har voe Gaute sin son med Brynhild Simonsdotter? Om Niklas Gunnarson opphavleg var eigaren, så måtte også Eline Nilsdotter Kane ha fått sin del av godset, ikkje berre Gaute? Kanskje ho gjorde det?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

her fra Ole Bangs nårske våpenbok ca 1770:181 [to våpentegninger, det øverste lite] Gude Kane Ridder Norges Riges Raad 1450 Hvitfeld pag 1316. Hans Sön var Hr. Niels Kane Ridder 1444 eyede Strömstadgaard paa Normöer, hvorunder hörte Schedswold og Sandvig, med Horn (?) Saugmölle og Magnildberg Laxefang, i alt 8½ Spand og böndergods 15 Spand, om ham see Hvitfeld pag. 834. Hans Sönner 1, Gude Kane Norriges Riges Raad 1483. Hvitfeld pag 965. 2, Arved Kanne Norriges Riges Raad 1489 Hvitfeld pag 999. Kirsten Kane * Peder Griis til Hyvisholm, Lehnsmand paa Bradsberg. Karen Kane til Kambow, förte det lidet ovenstaaende Vaaben * Oluf Galde til Tomb [yngre hånd:] Danmark Riges Raad.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

våpenbøkene fra 1600-tallet har hele 4 ulike varianter av Kane-våpnet, her fra en våpenbok ca 1680:[125] Kane. Waabened findes i Wielandts waaben bog, allerede her er dend difference at No 1 paa hielmen findes paa hielmen* 3 röde Stackater med grönne paafugle Fæeder i.[126] Kane. No 2 er halfdehlen af Kaarßet i Felted hvit, halfdehlen röt med de 4 röde Roßer omkring, paa hielmen 1 hvid og 1 röd bielke og mit imellum 1 röd Roße.[127] Kanitz. Kannitz dend lille defference imellum dette og Kanes waaben bestaar deri, at paa No 1, er over hielmen 3de brendende röde og guule woxlyß og i steden for Roßerne omkring Kaarßet i Felted, er her 4 smaa röde Kugler.[128] Kanitz. No 2. J Felted er dette ligesom de Kaners med 2de röde bielcker i huit Feldt, og 4 röde Roßer omkring. Paa höyre haand af hielmen er en Polsch langsne röd og hvid skacktafled med 1 guul Quast bag i, og for paafuen et blaat opslag, paa venstre haand er et röt hiul med 8 röde og guule Woxlys paa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

rettelse: i en våpenbok 1680 i avskrift ca 1770 (Wielands leksikon det vises til, ble utgitt 1724-30, men opplysningen om Wieland kommer i steden for å beskrive våpnet, som altså sto avmalt i det opprinnelige håndskriftet)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takk til Tore for den solide utgreiinga!Truleg har dette spørsmålet vore drøfta tidlegare, men av og til må ein repetera. Kven var eigentleg den Gaute Kane som er nemnd som medlem av det norske riksrådet i 1450, var det Gaute Kane Nilsson eller var det Gaute Kane Toraldsson. Var det berre den eine som var medlem av rikdrådet kanskje?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takk for svar til Are.Om ein vender attende til eit spørsmål vedrørande Kane som vart reist i ein annan debatt, nemleg i denne Lenke frå om lag innlegg (153) ff.Frå denne debatten går det fram at Per Reidar Christensen har konkludert med at Nila Gunnarsson Kane var gift med Solveig Torsteinsdotter (Månstad), ikkje med sonen til Nils, Gaute Nilsson Kane.No finst det også nyare forskning offentleggjort om desse slektene, nemleg ein artikkel av same forfattar i NST 39 s. 134 og ikkje minst ein artikkel av Lars Løberg i same nr. av NST s. 3. Det er særleg Løberg sin artikkel eg vil minna om her, då Lars i denne artikkelen tek opp metodiske problem knytt både til bruk av heradikk, segl osv i samband med middelaldergenealogi, men også set spørjeteikn ved om Torstein Skjeldulfsson i det heile teke hadde noko med Kane-ætta å gjera, anna enn at Solveig Torsteinsdotter åtte i same gard som Gaute Nilsson Kane. Lars drøftar også andre interessante spørsmål knytt til Kane/Galle-problematikken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Finn Oldervik

Ut frå arvetalet i NGL må vi vel slutte at etterslekta til Toralde Gunnarsson Kane var utdøydd då Othile Ottesdotter Kane døydde og at ho var den siste av den greina. Etterslekta til Nils Toraldesson Kane var vel også utdøydd på mannsida, men gjennom eit kvinneledd, Kristine Gautesdotter, så levde denne greina gjennom Kanebrørne og eventuelle systre til desse brørne?Den Inga, Svales frilledotter som er nemnd på den andre tavla er vel ikkje Sigrid Gunnarsdotter Kane si dotter, så slik døydde vel også denne greina av Kane ut då Magdalena Olufsdotter Bagge døydde?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Are S. Gustavsen

Finn (86):Det vil nok ikke være grunnlag for å kategorisk utelukke en mulig etterslekt etter Torald Kane, gitt kun de to nevnte arvegangene.Forholdet bør imidlertid drøftes på et bredre grunnlag i en fagartikkel om Kane. Her må trolig alle Kane-etterkommere drøftes opp mot de aktuelle arvegangene.Mvh Are

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Eg ser at eg har ein skrivefeil i innlegg (86). Det skulle stå Gallebrørne i staden for Kanebrørne. Det er altså snakk om dei to brørne Olav og Gaute (Sveinssøner) som saman mwed eventuelle søsken var born til Kirsten Gautesdotter Kane og riddaren Svein Pålsson Galle (Det siste i følgje ei likpreike over Peder Ivarsson (til Fritsø). Likpreika vart utgjeven i 1616).Elles har eg vanskeleg for å sjå at Toralde Gunnarsson Kane kunne ha etterslekt i live når det var etterslekta til bror til Toralde, Nils som tok arven etter henne. Det måtte vel i så fall vera ei eller anna frillegrein? Othilie var jo tremenning med Gallebrørne si mor.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Are S. Gustavsen

Finn:På hvilken måte i forhold til arvetallet i Magnus Lagabøtes landslov, er det at Gaute Galle Sveinsson tar arv etter Otitlie Ottesdotter (ca. 1535) og dermed utelukker barn av Olav Galle? Altså hvilken arvegruppe tilhører han (Gaute)?Mvh Are

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Om det ikkje er noko eg har oversett, så er den sams forfaren til arvelataren, Othilie og til arvetakaren, Gaute Galle, Gunnar Kane. Gunnar vert Othilie sin oldefar og Gaute sin tippoldefar. Dette skulle da medføre at Gaute Galle (eg. hans morfar Gaute Nilsson Kane)) tilhøyrde X. event. XI. arveklasse (søskebarn til ein av foreldra gjennom oldefaren eller tremenning til arvelataren), medan eventuelle etterkomarar etter Toralde Gunnarsson ville tilseia ein stad i IV. til IX. arveklasse.Som tidlegare nemnd kunne uektefødde skapa problem for desse resonnementa.Riktig nok har eg ikkje studert dette i detalj, men logikken tilseier at eventuell etterslekt til Toralde må gå framom etterslekta til Nils, sidan Othilie er ei sonedotter til Toralde. Sidan det er etterslekta til Nils som arvar så må etter det eg skjønar, Toralde si etterslekt vera utdøydd?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Gjest Finn Oldervik

Eg har grunda mykje på korleis Kaneætta kom til å eiga gods på Nordmøre, og då gods som ser ut til å ha tilhøyrd Aspaætta. Eit ekteskap mellom Gaute Nilsson Kane og ei dotter av Ivar Trondsson kan nok forklara ein del, men ikkje alt. For det er ingen tvil om at også folket på Austråt ('Gyldenløve') har gods i det same området. Vi hugsar at Eline Nilsdotter Kane, Gaute si syster var gift med Henrik Jensson 'Gyldenløve'.For å presentera endå litt høgttenking, så har eg kome fram til at Nils Gunnarsson Kane kan ha vore gift med ei syster av erkebiskop Olav Trondsson m.fl.Aspatavla har tidlegare stengt for ein slik tankegang då det ikkje er nemnd noko slik syster på tavla. Men då det må vera temmeleg opplagt at tavla er mangelfull, så kan dette vera løysinga. Nils Gunnarson har då fått godset sitt med Trondsdotra. Samtidig forklarar ei slik løysing også kvifor Toralde Gunnarsson Kane (bror til Nils) vert kalla Trond sin måg i jordeboka til Aslak Bolt. Toralde var i tilfelle bror til Trond sin svigerson. Vidare kan det forklara kvifor Kristoffer Trondsson kallar Sophie Henriksdotter Krummedige for frenka si, - i alle fall om mor til Sophie er dotter til Eline Nilsdotter Kane. (Sjå m.a. tråd nr. 25 033 http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe )

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Hei Finn, og godt nytt år !Rekna du Aspagodset og det Austråttætta åtte på Nordmøre som gamalt Giske/Bjarkøygods, eller ser du dette som Andres Plytt sitt arvegodsgods, eller er det begge delar :) ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Hei og godt nyår til deg også!Det er eit godt spørsmål du kjem med der og eg trur nok at ein ny gjennomgang av dei ymse godssamlingane på Nordmøre kunne ha vore på sin plass. Bjørn Jonsson Dale nemner m.a. at Austråtætta åtte deler av Spjelkavik på Sunnmøre saman med etterkomarar av Aspasølekta og at det måtte vera av den eldre Austråtætta, altså før Sophie Brochenhus kom med Nordmørsgods til Austråt.Eg er likevel på ingen måte trygg på at Nils Gunnarsson Kane var gift med ei syster av Ivar Trondsson. Einskilde ting vert vanskeleg å forklara også med ei slik løysing. At det var tette band mellom Aspaslekta og Kane-ætta kan det likevel ikkje vera tvil om.Når det gjeld det konkrete spursmålet ditt, så har eg eigentleg ei kjensle av at det dreier seg om gamalt Plyttgods, då Kanegodset ligg i det som ser ut til å ha vore kjerneområdet for denne godssamlinga. Om det var Nils Kane som fekk dette godset med ei kone, så kan det kanskje heller tyda på at han var gift med ei dotter av Aslak Jonsson i staden for ei syster til Ivar m.fl.?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...
Gjest Finn Oldervik

I debatten om Olav Engelbregtsson har eg lansert tanken om at den Jon Niklasson Lagmann som var son til Elene Aslaksdotter (Aspa) kunne vera bror til Gaute Niklasson Kane og dermed son til Niklas Gunnarsson Kane. Eg synest ei slik hypotese gjev ei plausibel forklaring på korleis Niklas Kane og dermed sonen, Gaute fekk hand om Straumsgodset på Nordmøre. Samtidig kan det også forklara kvifor Austråtfolket også åtte gods i det same området.Hypotesa kan kanskje også forklara kvifor Fru Inger kunne stridast med Benkestokkane om gods. Det siste har eg elles studert lite, så ei slik hypotese er knapt underbygd. Ein føresetnad må i alle tilfelle vera at Ales Eriksdotter var dotter til Margrete Ivarsdotter på Fit og at sistnemnde var dotter til Ivar Trondsson i Aspa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Finn Oldervik

Eit brev frå Fru Inger Ottesdotter (Rømer) til erkebiskop Olav Engelbregtsson datert 20. september 1526 omtalar garden Straum (Kanestraum) på Nordmøre og Evje og Evje gods i Rygge. LenkeFru Inger bed erkebiskopen stevna Gaute Galle for desse to gardskompleksa, då dei ikkje kom til skifte den tida det vart skifta mellom mor til Ingers husbonde og morfar til Gaute.Er det nokon som kjenner til historia til Evje og Evje gods i Rygge og kva for familie det eventuelt kunne koma frå?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Nermo

(97:) Fra 'annet hold' har det vært hevdet at mor til Gaute Nilssøn Kane (f. c1418?, død på Kanestraum 1497) og søsteren Eline (f. c1420?, ektefelle nr. 2 til Henrik Jensson Gyldenløve til Austrått) kan ha vært en Soleig/Solveig/Såleig Torsteinsdotter Månstad. I så fall blir Jon Nilsson ev. en (eldre) halvbror av Gaute og Eline.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

I tilfelle Nils Gunnarsson Kane fekk Kanestraumgodset med kona si og denne kona var ei dotter til Aslak Jonsson i Aspa (Elene), så ville det i tilfelle ha vore berre Jon som hadde arverett til Straum om Solveig skulle vera mor til Gaute og Eline.Sidan Fru Inger seier at svigermor si (Eline Nilsdotter Kane) også hadde arverett til Straumsgodset, så kan det ikkje vera Gaute Nilsson Kane som først hadde kome til dette godset. Det måtte med andre ord enten ha kome frå Hr. Nils Gunnarsson Kane, eller frå kona hans som i tilfelle måtte ha vore mor til Gaute og Eline. Vi veit ikkje om Jon Nilsson var son til Nils Kane, men vi veit at han var son til Elena Aslaksdotter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.